1 Innleiing
1.1 Innleiing
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 2003. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2003, og seinare utvikling i forvaltninga av statsgjelda.
Regjeringa gir i denne proposisjonen samstundes ein oversikt over forslag om endra løyvingar som er fremma tidligare i haust. Regjeringa fremmer på denne bakgrunnen forslag om justeringar i budsjettet slik at budsjettet blir saldert.
1.2 Organisering av statens gjelds- og likviditetsforvaltning
Finansdepartementet har ansvaret for statens gjeldsforvaltning og forvaltninga av statens kontantbehaldning.
Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet, herunder om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gi råd om statens opplåning og ta seg av den operative forvaltinga av innanlandske låneopptak mv. Noregs Bank mottar betaling for den operative forvaltninga av innanlandsk låneopptak, og utgiftene blir budsjetterte over kap. 1650.01.
1.3 Samandrag
Staten har ut frå forslaget i St.prp. nr. 1 (2002-2003) eit brutto finansieringsbehov på om lag 23 mrd. kroner i 2003. Dette finansieringsbehovet er hovudsakleg tenkt dekka ved langsiktige låneopptak innanlands. Statens behov for låneopptak er nærare omtalt i kap. 2.
Det er viktig at staten har rommelege fullmakter slik at låneprogrammet har fleksibilitet til å møte skiftande forhold gjennom året. Som for tidlegare år, ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige, innanlandske lån som er større enn brutto finansieringsbehov i 2003. Fullmakta for opptak av nye langsiktige, innanlandske lån, dvs. lån som bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir foreslått sett til 60 mrd. kroner. Ein ber også om rommelege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2003. For kortsiktige marknadslån, dvs. lån med løpetid opp til eitt år og som blir omsette i marknaden, foreslår ein ei ramme på 80 mrd. kroner. For kortsiktige lån som ikkje blir omsette i marknaden, herunder diverse kontolån, foreslår ein ei ramme på 100 mrd. kroner. Ein ber i tillegg om ei generell fullmakt til å inngå rente- og valutabytteavtalar. Ein ber ikkje om fullmakt for nye lån i utanlandsk valuta.
For nærare omtale syner ein til avsnitt 4.2 for innanlandske langsiktige lån og til avsnitt 4.3 for kortsiktige marknadslån og andre kortsiktige lån. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.
Salderinga av statsbudsjettet 2003 er omtala i kap. 7.