2 Generelt om konvensjonen
Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området.
FNs havrettskonvensjon av 1982 gjev kyststatane suverene rettar til ressursutnytting i eiga økonomisk sone, men slår samstundes fast ei plikt til samarbeid for forvaltinga av bestandar som finst innanfor dei økonomiske sonene til to eller fleire statar eller i den økonomiske sona og på det opne havet. FN-avtala om fiske på det opne havet, som blei underteikna 4. desember 1995, vart sett i verk i desember 2001 og nedfeller også ei plikt for statane til regionalt samarbeid om fiskeriforvaltinga. Slikt regionalt samarbeid føreset etablering av ein organisasjon for regional fiskeriforvalting. Vidare heiter det at berre statar som er medlemer av ein organisasjon eller som samtykkjer i å bruke dei tiltaka for bevaring og forvalting som er fastsette gjennom ein slik organisasjon, skal ha tilgang til dei fiskeressursane som desse tiltaka gjeld for.
SEAFO-konvensjonen er den første regionale avtala om fiskeriforvalting som er etablert etter FN-avtala om fiske på det opne havet av 4. desember 1995. SEAFO representerer eit eksempel på gjennomføring av det internasjonale samarbeidet som FN-avtala legg opp til, og byggjer i stor grad på avtala og prinsippa i denne. SEAFO-konvensjonen går likevel lenger enn FN-avtala i og med at SEAFO både dekkjer stasjonære og vandrande bestandar.
SEAFO-konvensjonen vil ta til å gjelde 60 dager etter at han er ratifisert av 3 statar, dersom minst éin av desse er ein kyststat. Det er enno berre Namibia som har ratifisert konvensjonen.