3 Nærare om dei einskilde artiklane i konvensjonen
Fortala uttrykkjer målsetjinga om og trongen til langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i det søraustlege Atlanterhavet. Det blir vist til at det skal takast omsyn til relevante reglar, mellom anna føre-var-prinsippet i FNs havrettskonvensjon av 1982, FN-avtala av 4. desember 1995, FAOs (matvareorganisasjonen i FN) avtale om at fiskefartøy skal halde internasjonale tiltak om bevaring og forvalting på det opne havet og regelverket til FAO om ansvarleg fiske av 1995.
Det blir vidare vist til behovet for samarbeid, både internt i organisasjonane, mellom organisasjonen og kyststatar og mellom ikkjemedlemer som fiskar i området til konvensjonen og organisasjonen. Det blir slått fast at etableringa av SEAFO er den beste måten å oppnå desse målsetjingane på.
Artikkel 1 definerer det nærare innhaldet av sentrale omgrep i konvensjonen.
Artikkel 2 slår fast at målsetjinga til konvensjonen er å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av fiskeressursane i området til konvensjonen gjennom effektiv gjennomføring av konvensjonen.
Artikkel 3 listar opp dei generelle prinsippa som skal leggjast til grunn av partane for å oppnå målsetjinga til konvensjonen. Partane pliktar for det første å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i området basert på bruk av føre-var-prinsippet. Desse tiltaka skal vere baserte på dei beste tilgjengelege vitskapelege data. Det skal vidare takast naudsynt omsyn til den verknaden fiske har på artar i slekt med og artar som høyrer til det same økosystemet. Ein skal søkje å hindre at fisket får ein negativ verknad på marine ressursar samla sett.
Artikkel 4 slår fast at konvensjonen får verknad i konvensjonsområdet, som omfattar alt farvatn utanfor nasjonal jurisdiksjon i eit nærmare avgrensa område. Konvensjonsområdet er såleis avgrensa til det opne havet.
Artikkel 5 slår fast at partane er einige om å etablere Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, heretter kalla «Organisasjonen». Organisasjonen vil bestå av sjølve kommisjonen, ein vitskapskomité, ein komité for kontroll- og handheving, samt eit sekretariat. Dei privilegia og den immuniteten som Organisasjonen og dei tilsette skal ha på territoriet til ein konvensjonspart, skal fastsetjast etter avtale mellom Organisasjonen og vedkomande part. Hovudkvarteret til SEAFO vil liggje i Namibia. Dei offisielle språka til Organisasjonen skal vere engelsk og portugisisk.
Artikkel 6 fastset kompetansen til kommisjonen. Kvart medlem skal ha ein representant i kommisjonen. Kommisjonen skal bl.a. kartleggje trong til bevaring og forvalting, utforme og vedta slike tiltak, fastsetje total tillaten fangst og/eller fiskeinnsatsnivå m.v.
Kommisjonen er det utøvande organet i Organisasjonen og er samstundes høgaste organ. I tilhøvet mellom kommisjonen og dei underliggjande organa er det framleis eit dualistisk system. Kommisjonen skal kunne instruere slike organ, men ved fastsetjing av mellom anna forvaltingstiltak skal rådgjevinga frå vitskapskomiteen og komiteen for kontroll og handheving leggjast til grunn.
Artikkel 7 seier at Kommisjonen skal nytte eit føre-var-prinsipp i høve til bevaring, forvalting og utnytting av fiskeressursar i området for konvensjonen for å verne desse ressursane og bevare det marine miljøet. Kommisjonen skal utvise større aktsemd når datagrunnlaget er usikkert, upåliteleg eller utilstrekkeleg. Mangel på tilstrekkeleg vitskapeleg informasjon skal ikkje kunne brukast som grunn for å utsetje eller la vere å treffe tiltak om bevaring og forvalting.
Artikkel 8 omhandlar korleis møta i kommisjonen skal gjennomførast. Vidare er det gjeve rammer for at SEAFO skal vere ein open organisasjon gjennom deltaking av mellomstatlege og frivillige organisasjonar.
Artikkel 9 set rammene for ein komité som har ansvaret for å kome med tilrådingar om gjennomføring, kontroll og handheving av konvensjonen.
Artikkel 10 omhandlar ein vitskapskomité som skal etablerast i SEAFO. Artikkelen fastset korleis dette arbeidet skal organiserast og kva retningsliner komiteen skal arbeide etter.
Artikkel 11 fastset at det skal tilsetjast ein eksekutivsekretær i SEAFO for ein periode på fire år med høve til ein ytterlegare periode, totalt åtte år.
Artikkel 12 omhandlar finansiering av og budsjett for organisasjonen. Partane sine tilskot skal reknast ut frå ein kombinasjon mellom like delar og fangst i området. I dei tre første åra skal likevel tilskotet delast likt mellom partane utan omsyn til fangst i området.
Kommisjonen skal vedta budsjettet til organisasjonen på årsmøtet. Generalsekretæren skal legge fram budsjettutkast overfor partane minst 60 dager før årsmøtet til kommisjonen.
Artikkel 13 inneheld eit sett av klare plikter som vert knytte til det å vere medlem av SEAFO. For det første blir det kravd at partane gjev opplysningar om fiskeri, mellom anna om biologi, fangststatistikk og kva innsats som er bruka i fisket. Partane skal også regelmessig informere om korleis regelverket til Organisasjonen blir gjennomført i nasjonal lovgjeving. For det andre har kyststatane visse plikter til å samle inn informasjon om bestandar i sitt område, og til å opplyse om reguleringstiltak innanfor dei nasjonale sonene. For det tredje er det krav om at partane informerer om eventuelle sanksjonar overfor fartøy som har brote regelverket i organisasjonen.
I punkt 6 (a) går det fram at flaggstatprinsippet skal leggjast til grunn. Det vil seie at den staten der fartøyet er registrert har primær jurisdiksjon over fartøyet. Vidare skal partane så langt som mogeleg setje i verk tiltak overfor sine borgarar og nasjonale selskap for at desse skal følgje regelverket til kommisjonen. Etter punkt 6 (b) skal dei høva til fiske som kommisjonen gjev partane, berre nyttast av fartøy som fører flagg som tilhøyrer konvensjonspartane.
Artikkel 14 fastset pliktene til partane som flaggstatar. Utgangspunktet er at ein flaggstat skal setje i verk tiltak som sikrar at fartøya held regelverket i SEAFO, og at slike fartøy ikkje driv noko form for aktivitet som reduserer effekten av slike reglar. Vidare skal flaggstaten autorisere fartøy for å fiske i SEAFO-området. Det er lista opp ei rekkje tiltak som flaggstaten bør innføre for å ha kontroll over dei fartøya som fører flagget hans.
Etter punkt fire skal partane også sikre at det ikkje skjer noko uautorisert fiske i område utanfor konvensjonsområdet på bestandar som vandrar mellom konvensjonsområdet og dei andre områda. Dette kan vere både innanfor nasjonale soner og på det opne havet utanfor konvensjonsområdet.
Artikkel 15 omhandlar rettane og pliktene havnestatane har til å fremje effektiviteten av tiltak om bevaring og forvalting. Havnestaten har rett til å inspisere dokument, fangstreiskapar og fangst som er om bord i fartøyet. Havnestaten skal vedta føresegner som gjev rett til å nekte landing og omlasting dersom det er klart at fangsten er i strid med konvensjonen. Flaggstaten har ansvaret for oppfølging av eigne fartøy ved brot på reglane.
Artikkel 16 slår fast at kommisjonen skal etablere eit system for observasjon, inspeksjon, kontroll og handheving. Mellom anna er det ein føresetnad at det blir laga eit system for satellittovervaking av fiskefartøy, gjensidig inspeksjonsrett, spesielle krav for oppfølging av eventuelle krenkingar og eit observatørprogram.
Artikkel 17 omhandlar vedtak og slår fast at substansielle spørsmål skal vedtakast av kommisjonen ved konsensus blant dei partane som er til stades. Kva som er substansielle spørsmål skal avgjerast av kommisjonen. Inntil vidare er det krav om full semje i kommisjonen ved vedtaking av budsjettet, jf. artikkel 12 punkt 1.
Vedtak i andre saker skal takast med simpelt fleirtal av dei partane som er til stades og røyster.
Artikkel 18 regulerer det samarbeidet det blir lagt opp til at SEAFO skal ha med andre organisasjonar, anten regionale organisasjonar for fiskeriforvalting eller andre mellomstatlege organisasjonar. Det skal takast omsyn til andre tiltak om bevaring eller forvalting for regionen.
Artikkel 19 slår fast at partane må sikre ei einskapleg forvalting av bestandar som vandrar mellom konvensjonsområdet og dei nasjonale sonene. Det blir gjeve retningsliner for å sikre samsvar mellom dei tiltaka som blir sette i verk i regi av SEAFO, og dei tiltaka som blir sette i verk av kyststatane.
Artikkel 20 fastset kriteria som Kommisjonen skal kunne nytte ved fordeling av fiskerettar i konvensjonsområdet. Ved fordelingar av fiskerettar blir det lagt til grunn ein ganske klar kyststatprofil. For fjernfiskenasjonar vil «historisk fangst» vere det sentrale grunnlaget for slike rettar, jf. bokstav (b). Vidare vil partane gjennom eit vitskapeleg basert prøvefiske kunne etablere eit grunnlag for kommersielt fiske, jf. bokstav (f).
Dersom fartøy frå ein part konsekvent bryt tiltak om forvalting, skal dette kunne føre til reduksjon av vedkomande part sine høve til å fiske.
Artikkel 21 inneheld ei anerkjenning av den spesielle trongen utviklingslanda har til retningsliner for samarbeid mellom desse landa. Trongen ligg i at dei ofte er avhengige av fiske, at det er ein trong til å verne små fiskarar, samt å sikre at ikkje ein urimeleg stor del av ulempene ved bevaringstiltaka fell på utviklingslanda. Når det gjeld samarbeidsformene skal dei fremje utviklingslanda si evne til å forvalte og utnytte fiskebestandar, mellom anna bistand retta mot betre fiskeriforsking, kontroll og overvaking av fisket og opplæring.
Artikkel 22 slår fast at dei kontraherande partane til konvensjonen skal ha ei aktiv haldning til ikkje-medlemers fiske i konvensjonsområdet. SEAFO vil vere ein open organisasjon, i samsvar med prinsippa i FN-avtala av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet. Dette kan gjerast gjennom innhenting av opplysningar om slik aktivitet, utveksling av informasjon og ved å oppmuntre ikkje-medlemer som fiskar i konvensjonsområdet til anten å bli medlemer av organisasjonen eller å overhalde tiltaka for bevaring og forvalting i området.
Artikkel 23 omhandlar gjennomføring av konvensjonen. Kommisjonsvedtak om bevaring og forvalting er bindande for partane. Ein part har rett til å kome med innvendingar mot eit vedtak. Parten skal opplyse om kva alternative tiltak han vil gjennomføre for bevaring og forvalting. I visse høve kor ein part har innvendingar, kan det krevjast ekstraordinært kommisjonsmøte for å vurdere situasjonen. Saka kan i visse høve bli overført til eit panel som kan gjere framlegg om mellombelse tiltak om bevaring og forvalting.
Artikkel 24 inneheld dei sentrale reglane om tvisteløysing. Ein tvist om tolking eller gjennomføring av konvensjonen skal først og fremst løysast ved semje mellom partane. Dersom partane ikkje oppnår semje om ein tvist, kan ein tvist som er av teknisk karakter, avgjerast av ei ekspertgruppe i samsvar med ein prosedyre som skal etablerast på første møte i kommisjonen. Tvistar av substansiell karakter eller tvistar av teknisk karakter som heller ikkje finn si løysing gjennom bruk av panelet, skal visast til ei bindande tvisteløysningsordning anten gjennom reglar i Havrettskonvensjonen eller i FN-avtala av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet når det gjeld vandrande bestandar.
Artiklane 25 til 27 inneheld sluttreglar. Av artikkel 25 går det fram at konvensjonen er open for underteikning i eitt år av statar og regionale økonomiske organisasjonar som var til stades på konferansen i Namibia 20. april 2001, og av dei statane og regionale økonomiske organisasjonane som har fartøy eller har fiska i konvensjonsområdet i løpet av dei fire siste åra før konvensjonen blei vedteken.
Konvensjonen skal anten ratifiserast, godtakast eller godkjennast.
Artikkel 26 slår fast at konvensjonen er open for tiltreding.
Konvensjonen tek til å gjelde 60 dagar etter at det tredje instrumentet for ratifikasjon, tiltreding, godtaking eller godkjenning er deponert hos depositaren, og på det vilkåret at minst ein av desse er ein kyststat. For statar som sluttar seg til konvensjonen etter denne datoen, tek han til å gjelde 30 dagar etter at tilslutningsdokumentet er deponert.
Artikkel 28 slår fast at det ikkje er rett til å take atterhald eller gjere unntak frå konvensjonen. Det er likevel etter artikkel 29 rett til å gje erklæringar eller fråsegner.
Artikkel 30 seier at konvensjonen ikkje skal endre partanes rettar og plikter etter Havrettskonvensjonen eller andre avtaler som er i samsvar med Havrettskonvensjonen.
Artikkel 32 regulerer partane sin rett til å gjere framlegg om endringar i konvensjonen samt den vidare handsaminga av endringar.
Artikkel 33 omhandlar retten til å seie opp konvensjonen. Ein part kan når som helst seie opp konvensjonen. Ei oppseiing får verknad eitt år etter underretning til depositaren dersom det ikkje er sett ein seinare oppseiingsdato.
Artikkel 34 slår fast at FNs matvareorganisasjon (FAO) er depositar for konvensjonen.