4 Vurdering
Bakgrunnen for at Noreg opprinneleg blei invitert til å delta i tingingane om ein organisasjon for forvaltinga av fisket i det søraustlege Atlanterhavet, var at norskflagga fartøy hadde fiska i det området som ville kome inn under SEAFOs forvaltingsansvar. Kyststatane i området såg svært gjerne at Noreg var med i SEAFO. Noreg har også gjennom ei rekkje bistandsprosjekt gjeve assistanse til fiskerisektoren, gjennom forvalting, forsking og lovgjeving, både til Angola, Namibia og Sør Afrika. Noreg har såleis markert seg sterkt i området gjennom fleire år. Noreg blir i tillegg rekna for å kunne ha ei rolle som «brubyggjar» mellom kyststatar og fjernfiskenasjonar. Sjølv om Noreg i høve til SEAFO er å rekne som ein fjernfiskenasjon, har Noreg hatt ein kyststatsprofil i samband med utviklinga av nytt regelverk og nye avtaler for å regulere aktiviteten på det opne havet.
Dei norske kommersielle interessene i det søraustlege Atlanterhavet er relativt små, då bare eitt norsk fartøy har drive fiske i området dei siste åra. Samstundes har fiskeriaktiviteten i heile konvensjonsområdet generelt sett vore svært liten, og Noreg er ein av partane som har hatt størst fangstinnsats. Kartlegging av fiskepotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva interesser norske fiskarar kan vise for å fiske i området i framtida.
Ein viktig grunn til at Noreg bør ratifisere SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om forvalting av felles fiskeriressurser, og Noreg deltek aktivt i andre fiskeriorganisasjonar som Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjon (NAFO) og Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Det er naudsynt med eit sterkt norsk engasjement i prosessane der det blir sett internasjonale rammer for forvaltinga av havområde og der naturressursar blir fastlagde. Det er ei overordna norsk målsetjing å støtte at regionale ordningar knytte til fiske på det opne havet i størst mogleg grad er i samsvar med prinsippa i FN-avtala av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Indirekte kan dette derfor også leggje tilhøva til rette for å auke påverknaden på den generelle rettsutviklinga, særleg i samband med saker som kan påverke tolkinga av FN-avtala.
Vidare vil Noregs bi- og multilaterale bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast gjennom deltaking i SEAFO. Ved eit medlemsskap vil Noreg både finansielt og gjennom bidrag til oppbygging av kapasitet og kompetanse medverke til å realisere grunnleggjande rettar for kyststatar som er fattige utviklingsland. Dette er eit eige argument for oppslutnad om reglane i Havrettskonvensjonen og 1995-avtala.