1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 vart det vedteke å endre vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 av 8. oktober 2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet. Forordning 1991/2002 justerer rådsforordning (EF) nr. 577/98 om organisering av arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet, som er teke inn i vedlegg XXI til EØS-avtala. Føremålet er å endre arbeidskraftundersøkinga til ei kontinuerleg undersøking som kan gje både kvartalsvise og årlege resultat.
Stortinget vert gjennom denne proposisjonen invitert til å samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Då avgjerda inneber visse økonomiske konsekvensar for utbygginga av norsk statistikk, vart det frå den norske sida teke atterhald for Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Europaparlaments- og rådsforordninga og utkastet til avgjerda i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.