Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet i samsvar med eit vedlagt forslag.