4 Intervensjonssamarbeid mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land. Beredskapstiltak
Ved Stortingets vedtak 11. desember 1992, jf. St prp nr 25 og Innst S nr 71 for 1992-93, fekk Finansdepartementet fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75 000 mill. kroner. Denne fullmakta har ikkje vore nytta, men Finansdepartementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar. Under eiga fullmakt, jf. Stortingets vedtak 9. april 1991, Innst S nr 113 (1990-91), har Finansdepartementet tidlegare godkjent at Noregs Bank trekkjer inntil 2 000 mill. ECU under avtalar med sentralbankane i EU.
Ein finn det føremålstenleg å oppretthalde desse fullmaktene. Fullmakta vart gjeven utan tidsavgrensing, og ein ber derfor ikkje om fornya fullmakt.