Forslag til vedtak
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 40 000 mill. kroner i 1998.
II
Finansdepartementet får fullmakt til å utferde nye grunnkjøpsobligasjonar i 1998 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991 innanfor den gitte fullmakta på 3 400 mill. kroner.
III
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 150 000 mill. kroner.
IV
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 90 000 mill. kroner.
V
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1998 til eit beløp motsvarande 10 000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane per 30. september 1997.
VI
Stortinget samtykker i at inntekter som følgjer av overkurs ved opptak av statslån blir avsett og inntektsførd over løpetida på låna, og at utgifter som følgjer av underkurs ved opptak av statslån blir avsett og utgiftsførd over løpetida på låna.