2 Nærmare om handlingsprogrammet
Rådsvedtaket av 27. november 2000 er basert på artikkel 13 i Amsterdamtraktaten, som gjev Fellesskapet heimel til å gjennomføre dei tiltaka som er naudsynte for å motkjempe diskriminering på grunnlag av etnisk opphav 1
, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.
Programmet har som mål å betre forståinga i medlemsstatane (medrekna sentrale og lokale styresmakter og frivillige organisasjonar) for saker som gjeld diskriminering, ved at kunnskapen om dette fenomenet vert betra og at effektiviteten i politikken og praksisen vert vurdert. Programmet skal òg utvikle evna til effektivt å førebyggje og motkjempe diskriminering, særleg ved at dei midlane som organisasjonane har til tiltak, vert styrkte, og ved at det vert gjeve støtte til utveksling av informasjon og god praksis på europeisk plan, samstundes som det vert teke omsyn til dei særskilde kjenneteikna ved dei ulike formene for diskriminering. Andre tiltak omfattar tverrnasjonalt samarbeid og handlingsskapande arbeid, særleg ved meldingar, publikasjonar, kampanjar og tilskipingar.
Føremålet med programmet er i samsvar med norsk politikk på området. Mellom anna vil deltaking i ei juridisk arbeidsgruppe som skal utveksle røynsler og drøfte ulike spørsmål som er knytte til gjennomføringa av programmet i dei einskilde statane, kunne ha stor verdi for arbeidet med gjennomføring av tilsvarande lovgjeving i Noreg. Deltaking i programmet vil òg leggje tilhøva til rette for vidare samarbeid med EU om tiltak mot diskriminering når dette programmet er avslutta, medrekna eit mogleg nytt program.
Programmet vil i praksis særleg støtte opp under to rådsdirektiv som òg er vedtekne med heimel i artikkel 13 i Amsterdamtraktaten. Det er rådsdirektiv 2000/43/EF av 29. juni 2000 om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming utan omsyn til rase eller etnisk opphav, og rådsdirektiv 2000/78/EF av 27. november 2000 om forbod mot diskriminering i arbeidslivet. Desse to direktiva vil ikkje bli innlemma i EØS-avtala på grunn av manglande felles EØS/EFTA-posisjon, men det har vore ein føresetnad frå Fellesskapet si side at regjeringane til EØS/EFTA-statane gjev fråsegn til avgjerda i EØS-komiteen om at dei vil vurdere å gjere framlegg om tilsvarande nasjonal lovgjeving som det følgjer av dei to direktiva. Det er likevel ikkje nokon føresetnad at slik nasjonal lovgjeving skal vere vedteken før fellesskapshandlingsprogrammet om motkjemping av diskriminering vert innlemma i EØS-avtala. Dei to direktiva er rammedirektiv, slik at gjennomføringa i nasjonal lovgjeving kan verte utforma på ulike måtar i dei ulike statane.
Regjeringa meiner at det også utan omsyn av programmet er ønskjeleg at Noreg på desse områda har lovgjeving som tilsvarar EU-regleverket. I Ot.prp. nr. 104 (2002-2003) er det allereie gjort framlegg om endringar i arbeidsmiljølova som er naudsynte for å sikre ei tilfredsstillande gjennomføring av rådsdirektiv 2000/78/EF om forbod mot diskriminering i arbeidslivet. Regjeringa vil dessutan i 2004 gjere framlegg om ei lov mot etnisk diskriminering, som vil gjennomføre i norsk rett rådsdirektiv 2000/43/EF om gjennomføringa av prinsippet om lik handsaming utan omsyn til rase eller etnisk opphav.
Fotnotar
I traktaten vert omgrepet «racial or ethnic origin» nytta. I tråd med språkbruken i handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) vert det her omsett til «etnisk opphav».