3 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking for EØS/EFTA-statane i EU sitt handlingsprogram om motkjemping av diskriminering vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1 omfattar følgjande endring av artikkel 5 i protokoll 31: «EFTA-statane skal ta del i dei fellesskapsprogramma og -tiltaka som er nemnde i dei to første strekpunkta i nr. 8 frå 1. januar 1996, i programmet som er nemnt i tredje strekpunktet frå 1. januar 2000, i programmet som er nemnt i fjerde strekpunktet frå 1. januar 2001, i programma som er nemnde i femte og sjette strekpunktet frå 1. januar 2002 og i programmet som er nemnt i sjuande strekpunktet frå 1. januar 2004.»
I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde: -32 000 D 0750: Rådsvedtak 2000/750/EFav 27. november 2000 om innføringen av Fellesskapets handlingsprogram til bekjempelse av forskjellsbehandling (2001-2006) (EFT L 202 av 2.12.2000, s. 23).»
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala 1
. Ho skal nyttast frå 1. januar 2004.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.