5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Arbeidet med programmet i Noreg vil verte lagt til Sosialdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, med Sosialdepartementet som koordinator. Løyvingane frå Noreg til programmet er venta å utgjere om lag 9 millionar kroner som vil verte fordelte mellom dei departementa som det gjeld. Summen for 2004 er venta å verte om lag 3,4 millionar kroner. I tillegg kjem dei utgiftene departementa har i samband med administrasjon av programmet. Kostnadene vil verte dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til departementa.