St.prp. nr. 18 (1996-97)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing og samandrag

1.1

Finansdepartementet legg med dette fram proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 1997. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 1997.

1.2

Tabell 1.1 viser nokre av hovudpostane bak statens finansieringsbehov i 1996 og 1997. Departementet sitt forslag til retningslinjer for dekking av finansieringsbehovet er omtalt i seinare avsnitt i denne proposisjonen.

Tabell 1.1 Statems lånebehov i 1996 og 1997*). Mill. kroner

Overslag over rekneskapen 1996Statsbudsjettet 1997
AStatsbudsjettets overskot før overføring til Statens petroleumsfond37 85740 867
BOverført til Statens Petroleumsfond63 73065 091
COljekorrigert overskot (A-B)-25 873-24 224
DOverført frå Statens petroleumsfond25 87324 224
EOverskot før lånetransaksjonar (C+D)00
FUtlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning m.m., netto-2 13911 362
GStatens netto lånebehov (F-E)-2 13911 362
HGjeldsavdrag innenlands**)31 4143 382
IGjeldsavdrag utanlands***)14 97024 200
JSamla finansieringsbehov som skal dekkjast med trekk på kontantbehaldninga og ved låneopptak (G+H+I)44 24538 944

*) Jf. St prp nr 1 (1996-97).

**) Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån, avdragsbetalingar på kortsiktige lån er ikkje inkludert.

***) Alle utanlandslån er langsiktige.

Statsbudsjettet for 1997. jf. St prp nr 1 (1996-97). er gjort opp med eit overskot på 40.9 mrd. kroner før overføringar til Statens petroleumsfond. Dette beløpet er i sin heilskap foreslått avsett i petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane. kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.m. på 11.3 mrd. kroner. saman med avdrag på langsiktig gjeld på 27.6 mrd. kroner. gjer at staten har eit brutto finansieringsbehov på 38.9 mrd. kroner i 1997. Dette lånebehovet vil bli dekt dels ved nye låneopptak og dels ved trekk på kontantbehaldninga.

Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekkje det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. jf. m.a. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1996. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane m.v. skal dekkjast ved trekk på kontantbehaldninga eller ved nye låneopptak. Overskotet på statsbudsjettet i åra framover vil såleis ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens gjeld.

Nivået på statskassens bruttogjeld har sidan 1993 vore om lag uendra. jf. figur 1.1. Ved utgangen av 1995 utgjorde statsgjelda i alt 294 mrd. kroner. medan fordringane utanom aksjar og innskot. forskot og mellomrekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde 283 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto gjeld på 11 mrd. kroner. Når ein reknar med aksjar og innskot. herunder kapitalinnskot i forretningsdrifta. utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1995 om lag 147 mrd. kroner (verdiane er rekna på grunnlag av bokførde verdiar).

Figur 1.1 Utviklinga i statsgjelda. Mrd. kroner1)

Figur 1.1 Utviklinga i statsgjelda. Mrd. kroner1)

1) Ved utgangen av året.

2) Ved utgangen av 3. kvartal.

Kilde: Kjelde: Finansdepartementet.

Tabell 1.2 gjev ei oversikt over utviklinga i statens gjeld saman med ei oversikt over utviklinga i statens kontantbehaldning og utlån til statsbankane. Lån som i utgangspunktet bind staten for ein periode på meir enn eitt år. blir rekna som langsiktige lån. medan lån med løpetid på inntil eitt år blir rekna som kortsiktige lån.

Statens kontantbehaldning justert for Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond var 92.8 mrd. kroner ved årsskiftet 1995/96. Det var om lag 19 mrd. høgare enn eitt år tidlegare. Nivået ved utgangen av september 1996 på om lag 110 mrd. kroner må sjåast i samanheng med avsetjinga i petroleumsfondet. Etter overslaga på rekneskapen for 1996. jf. Nasjonalbudsjettet 1997. vil ein i inneverande år setje av rundt 38 mrd. kroner netto. Oppbygging av avsetninga til fondet skjer gradvis gjennom året. Dette verkar til å auke kontantbehaldninga gjennom året fram til at avsetjinga konkret skjer 31. desember ved ei overføring frå kontantbehaldninga til petroleumsfondet. Sjølv etter denne overføringa ved årsskiftet vil kontantbehaldninga vere større enn det staten isolert treng for sitt transaksjonsbehov. Det kan derfor vere rom for å redusere denne. jf. likevel omtalen nedanfor.

Tabell 1.2 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner

31.12.199530.9.1996
Langsiktige lån (inkl. spareobligasjonar, grunnkjøpsobligasjonar og langsiktige kontolån*)156 956150 769
Kortsiktige marknadspapir (statssertifikat o.l.)40 50146 301
Andre kortsiktige lån (kontolån)34 84956 978
Innanlandsk statsgjeld i alt**)232 306254 048
Utanlandsk statsgjeld***)61 40952 156
Statsgjeld i alt293 715306 204
Memo:
Kontantbehaldning****)92 777109 997
Utlån til statsbankane152 927148 333

*) Lån med lengre løpetid enn 1 år.

**) Ekskl. skyldnader på inneståande fondsmidlar

***) Omsyn tatt til valutabyteavtalar.

****) Ekskl. Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond.

1.3

Statens opplåning blir innpassa i den pengepolitiske styringa, og ein må m.a. også ta omsyn til utviklinga i kapitalbalansen overfor utlandet og storleiken på valutareservane. Såleis har staten i periodar lånt i utlandet for å styrkje valutareservane og i periodar lånt meir enn naudsynt innanlands for å trekkje inn likviditet frå marknaden.

I den pengepolitiske styringa tek ein normalt det utgangspunktet at statens inn- og utbetalingar (medrekna lånetransaksjonar) skal vere i balanse, dvs ikkje påverke publikums likviditet. Overskot på statsbudsjettet vil isolert sett redusere publikums likviditet, men når Noregs Bank kjøper utanlandsk valuta for å byggje opp reservar for avsetninga til Statens petroleumsfond, tilfører banken likviditet svarande til overskotet før avsetningar til petroleumsfondet. Sidan statsbudsjettet inneheld postar som ikkje påverkar publikums likviditet, må ein korrigere for desse. I 1997 er slike inntektspostar større enn tilsvarande utgiftspostar, og ein vil etter dagens opplegg måtte låne ekstra for å dra inn denne likviditeten. På den andre sida vil avdrag på statens utanlandslån ikkje tilføre publikum likviditet. Sidan avdraga på utanlandslåna i 1997 (24,2 mrd. kroner) er mykje større enn netto inntektspostar utan likviditetsverknad «over streken», vil ein under eit likviditetsnøytralt opplegg dekkje ein god del av finansieringsbehovet på 38,9 mrd. kroner med trekk på kontantbehaldninga. Utviklinga kan likevel endre dette bildet mykje, spesielt gjeld det utviklinga i valutamarknaden.

Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskjeleg å ha rommelege fullmakter slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt for opptak av langsiktige lån som er større enn brutto lånebehov i 1997.

Tabell 1.3 gir ei samla oversikt over status for dei gjeldande lånefullmaktene og forslag til fullmakter for 1997.

Tabell 1.3 Gjeldande fullmakter for opptak av statslån og forslag til fullmakter for 1997. Mill. kroner

Gjeldande fullmakt for 1996Status pr. 30. september 1996Forslag til fullmakt for 1997
BruktUbrukt
Langsiktige innanlandske lån*), nye lån60 00024 70035 30050 000
Lån i utlandet, nye lån10 000010 00010 000
Grunnkjøpsobligasjonslån, samla uteståande**)3 4003 322783 400
Kortsiktige lån, samla uteståande:
- kortsiktige marknadspapir***)100 00046 30153 699100 000
- andre kortsiktige lån70 00056 97813 02290 000

*) Inkl. langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.

**) Fullmakta gjeld kumulert utferding av obligasjonar sidan ordninga vart innført, jf. avsnitt 2.2.

***) Inkl. kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet m.m.

Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 50 000 mill. og 10 000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra på 100 000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande av andre kortsiktige lån blir foreslått auka til 90 000 mill. kroner. På bakgrunn av at det no berre kan utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som er avtalte før utgangen av 1991, og det er rom under eksisterande ramme for å utferde nye obligasjonar, blir fullmakta for uteståande grunnkjøpsobligasjonar foreslått halden uendra på 3 400 mill. kroner.