Tilråding
Finans- og tolldepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån.
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere desse vedtaka om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Finans- og tolldepartementet ligg ved.