1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål, 21.60 Samferdselsberedskap og 22.10 Post- og telekommunikasjonar.
Proposisjonen gjeld følgjande saker:
Under 21.20 Luftfartsformål:
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 10,4 mill. kr som følgje av omlegging av fiskalavgifta og nullsats på moms.
Som følgje av terroraksjonane i USA 11.09.2001 har det blitt sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner, og det blir derfor gjort framlegg om å redusere overskottskravet til Luftfartsverket for 2001 med 10 mill. kr.
Det blir orientert om statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner ved skader på tredjepart, som følgje av krigs- og terrorhandlingar.
Under 21.30 Vegformål:
Det blir gjort greie for auka låneramme for Ev 18 Aust-Agderpakken.
Under 21.50 Jernbaneformål:
På bakgrunn av at det må gjerast korreksjonar i rekneskapen til Jernbaneverket, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 52,9 mill. kr.
Departementet tilrår at Stortinget gjer vedtak om at jernbanenettet mellom Leira og Dokka på Valdresbanen kan bli frigitt til andre føremål og at skjener og sviller på strekninga Bjørgo-Leira blir fjerna.
Under 21.60 Samferdselsberedskap:
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å redusere kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, med 2 mill. kr mot tilsvarande auke av kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, på grunn av at Post- og teletilsynet skal ha eit særskild ansvar for teletryggleik og teleberedskap.
Under 22.10 Post- og telekommunikasjonar:
Det blir orientert om statleg garanti til konkursbuet for Enitel AS.