5 Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap
Kap. 1360 Samferdselsberedskap
Post 01 Driftsutgifter
Med bakgrunn i St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse, jf. Innst. S. nr. 329 (2000-2001), skal Post- og teletilsynet vere ansvarleg styresmakt for teletryggleik og -beredskap. I meldinga er det lagt opp til å dekkje dei kostnadene Post- og teletilsynet har til å etablere den nye funksjonen, over beredskapsbudsjettet i Samferdselsdepartementet. Etableringa vil i alt koste om lag 3,2 mill. kr, av dette 2 mill. kr i 2001. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, med 2 mill. kr frå 5,49 mill. kr til 3,49 mill. kr, og auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 1380 Post- og teletilsynet.