6 Programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar
Kap. 1380 Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380)
Post 01 Driftsutgifter
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 2 mill. kr frå 140,4 mill. kr til 142,4 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1360 Samferdselsberedskap.
Statleg garanti i samband med konkursen i Enitel AS
Verksemda Enitel AS blei teke under konkurshandsaming 17.09.2001. Enitel AS var eigar til det største alternative landsdekkjande telenettet i Noreg og ytte tenester innan telefoni, datakommunikasjon, Internett og system for telefoni til private og offentlege kundar og verksemder.
Ved konkursopninga blei Samferdselsdepartementet gjort merksam på at buet var utan midlar til å kunne sikre vidare drift i Enitel AS. For å unngå at viktige institusjonar i samfunnet som til dømes politi, sjukehus, Oslo Børs, Redningssentralen på Sola, med fleire, blei ståande utan tele- og datakommunikasjon, oppmoda buet departementet til å garantere for driftskostnadene i ein periode på fem arbeidsdagar frå konkursopninga.
I brev av 17.09.2001 til konkursbuet ga staten ved Samferdselsdepartementet slik garanti. Garantien blei tidsavgrensa til å gjelde driftskostnadene i ein periode på fem vekedagar frå konkursopninga, og basert på ein framlagd beredskapsplan frå Enitel AS, samla avgrensa til eit beløp på 7,3 mill. kr. Det var vidare stilt som føresetnad for garantien at driftskostnadene blei lagde på lågast mogleg nivå og at drifta blei innretta slik at ein fikk størst moglege driftsinntekter. Det blei i brevet teke atterhald om Stortingets godkjenning av garantien.
Garantien som blei stilt, gjorde det mogleg for konkursbuet å førebels oppretthalde drifta i Enitel AS. I løpet av garantiperioden klarte buet dermed å overdra dei ulike delane av verksemda til andre og i denne samanheng også å få dei nye eigarane til å ta på seg buet sine kostnader med å drive nettet etter at konkursen blei opna. I brev av 25.09.2001 frå konkursbuet heiter det derfor at det ikkje har vore naudsynt for konkursbuet å trekkje på statsgarantien.