1 Innleiing
Justis- og politidepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2007. Endringsforslaga på nokre av dei regelbundne postane er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30.09.2007. Departementet vil understreke at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.