St.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Administrasjon

Post 71 Tilskott til internasjonale organisasjonar

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 400, post 71 med 1 mill. kr.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til talet på og omfanget av saker, og er derfor ikkje styrbar.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 3 mill. kr.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 30 mill. kr.

Kap. 412 Tinglysingsprosjektet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 412, post 01 dekkjer mellom anna driftskostnader i samband med tinglysing i fast eigedom og tinglysing av burettsdelar. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 412, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3412, post 01. På bakgrunn av langt fleire registreringar av rettar i burettsdelar enn først lagt til grunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 412, post 01 med 14,5 mill. kr, jf. omtale under kap. 3412, post 01.

Kap. 3412 Tinglysingsprosjektet

Post 01 Gebyrinntekter, burettsregister

Løyvinga på kap. 3412, post 01 dekkjer inntekter i samband med registreringar av rettar i burettsdelar. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 412, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3412, post 01. På bakgrunn av langt fleire registreringar av rettar i burettsdelar enn først lagt til grunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3412, post 01 med 25 mill. kr, jf. omtale under kap. 412, post 01.

Kap. 413 Jordskifterettane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 413, post 01 dekkjer driftsutgifter for jordskifterettane. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413, post 01. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 413, post 01 med 3,6 mill. kr, jf. omtale under kap. 3413, post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på kap. 413, post 21 dekkjer sideutgifter som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 413, post 21 med 5 mill. kr, jf. omtale under kap. 3413, post 02.

Kap. 3413 Jordskifterettane

Post 01 Saks- og gebyrinntekter

Løyvinga på kap. 3413, post 01 dekkjer inntekter ved at partane i saker ført for jordskifterettane betaler gebyr. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413, post 01. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3413, post 01 med 3,6 mill. kr, jf. omtale under kap. 413, post 01.

Post 02 Sideutgifter

Løyvinga på kap. 3413, post 02 dekkjer inntektene som jordskifterettane har heimel til å krevje inn i visse saker. På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3413, post 02 med 5 mill. kr, jf. omtale under kap. 413, post 21.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsut­gifter

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til godtgjering til medlemmer av forliksråda og kompetansehevande tiltak i form av kurs.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 21 med 9 mill. kr.

Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as

Post 85 Utbytte

Gjeldande løyving på posten i 2007 er 6,8 mill. kr. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2007 blei det vedteke eit utbytte på 7,37 mill. kr for rekneskapsåret 2006. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630, post 85 med 0,57 mill. kr.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Det er sett i verk eit program for leiingsutvikling på alle leiarnivå i kriminalomsorga. Justisdepartementet foreslår å samle utbetalingane under kap. 430, post 01. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 1,2 mill. kr, jf. omtale under kap. 432, post 01.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 02. Ettersom utgiftene i arbeidsdrifta er venta å bli lågare enn løyvinga på posten og inntektene frå arbeidsdrifta er venta å bli høgare enn venta på kap. 3430 post 02, foreslår Justis­departementet derfor å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 7,4 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03. På bakgrunn av at inntekter frå sal og tilskott i 2007 er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på posten med 7,7 mill. kr, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 04. Som følgje av at tilskott frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2007 er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007, foreslår ­Justisdepartementet å auke løyvinga med 0,254 mill. kr, jf. omtale under kap. 3430, post 04.

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 16,554 mill. kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01

Løyvinga på posten i 2007 er 53,981 mill. kr. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 02. Inntektene på kap. 3430, post 02 er venta å bli 1,8 mill. kr høgare enn løyvinga i 2007. Dette gir ei samla disponibel løyving på 55,781 mill. kr. Samtidig er utgiftene knytta til arbeidsdrifta venta å bli 48,381 mill. kr i 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere den tilgjengelege løyvinga på posten med 7,4 mill. kr. Samanlikna med saldert budsjett foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga med 5,6 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 02.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a., kan overførast

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under posten med 11,75 mill. kr i 2007. Dette skuldast av at utgifter til refusjon til kommunale omsorgstiltak for personar som er sette fri frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat er blitt lågare enn tidligare lagt til grunn.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Inntektene frå sal frå arbeidsdrifta er venta å bli 1,8 mill. kr høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 02. Justis­departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430, post 02 med 1,8 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Post 03 Andre inntekter

Inntekter frå sal og tilskott på posten er venta å bli 7,7 mill. kr høgare enn lagt til grunn i løyvinga på posten i 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 3430, post 03 med 7,7 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskott

Tilskott frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er venta å bli høgare enn lagt til grunn i løyvinga for 2007. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 04. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med 0,254 mill. kr, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap 432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter

Post 01 Driftsutgifter

Justisdepartementet foreslår å samle utgiftene til program for leiingsutvikling under kap. 430, post 01, og foreslår å redusere løyvinga under kap. 432 post 01 med 1,2 mill. kr, jf omtale under kap. 430, post 01.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under posten med 0,63 mill. kr etter at inntektene under kap. 3432, post 03 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn i løyvinga for 2007 på posten jf. omtale under kap. 3432 post 03.

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 432, post 01 med 1,83 mill. kr.

Kap. 3432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter

Post 03 Andre inntekter

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Inntektene på posten er venta å bli 0,63 mill. kr lågare enn løyvinga for 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 0,63 mill. kr, jf. omtale under kap. 432, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01

Styrking av politiet

Regjeringa legg vekt på at politiet skal vere synleg og tilgjengeleg. Ønsket om mellom anna betre responstid og behov for å ha ei større merksemd om den kriminaliteten som rammar folk flest, gjer at Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga til politiet generelt med 20 mill. kr fordelt med 16 mill. kr under kap. 440, post 01 og 4 mill. kr under kap. 441, post 01.

Utskriving av politiattestar

For å førebygge seksuelle overgrep mot barn og utviklingshemma må søkjarar til ei rekkje helsefaglege utdanningar framleggje politiattest ved opptak. Dette er heimla gjennom endring av forskrift om opptak i høgare utdanning av 10.10.2005, som blei sett i kraft 15.06.2007. Som følgje av dette får politiet meirutgifter til utskriving av politi­attestar, og det blir foreslått å rammeoverføre totalt 1,615 mill. kr frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til Justisdepartementet sitt budsjett. Av beløpet på 1,615 mill. kr foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre 1,292 mill. kr frå kap. 281, post 01 til kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 441, post 01 og omtale under kap. 281, post 01 i St.prp. nr. 7 (2007-2008).

Saker i tilknyting til Statens innkrevingssentral (SI)

Overføring av løyving som følgje av at SI har over­teke gebyrinnkreving frå Brønnøysundregistra

Statens innkrevingssentral (SI) har overteke gebyr­innkrevinga i saker i tilknyting til den sivile rettspleien på grunnplanet frå Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra har framleis noko arbeid med sakene i 2007, og det er semje mellom Nærings- og handelsdepartementet og Justis­departementet om overføring av 1,25 mill. kr frå Brønnøysundregistra til SI. I tillegg foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kr frå kap. 440, post 01 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral, post 01.

Den nye tvistelova

Den nye tvistelova inneber at det må lagast nye rutinar for forliksrådsbehandling. Utgiftene er rekna til 1 mill. kr og Justisdepartementet foreslår derfor å overføre 1 mill. kr frå kap. 440, post 01 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral, post 01.

Utvida registrering av utleggsforretningar og ­samordning av utleggstrekk

Det er vedteke nye reglar om utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret og om samordning av utleggstrekk frå ulike namsmyndigheiter, jf. Ot.prp. nr. 66 (2004-2005), St.prp. nr. 66 (2005-2006) og St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Finansdepartementet.

Alle utleggsforretningar skal registrerast i Lausøyreregisteret grunna omsynet til kredittopplysningar. SI starta i slutten av 2006 arbeidet med å utvikle ein database der utlegg frå både alminnelege namsmenn og særnamsmenn blir registrert. Utviklinga av systemet har halde fram også i 2007. Vidare vil SI i 2007 gjennomføre tilpassingar i kjeldesystemet SIAN som skal avlevere utleggsinformasjon til utleggsdatabasen. For å dekke utgifter i 2007 foreslår Justisdepartementet å overføre 1,5 mill kr frå kap. 440, post 01 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral, post 01.

Samla foreslår Justisdepartementet å ramme­overføre 4 mill. kr frå kap. 440, post 01 til kap. 1634 Statens innkrevingssentral, post 01, jf. omtale under kap. 1634, post 01 i Finansdepartementet sin stortingsproposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2007.

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 13,292 mill. kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Politiet har hittil i år uttransportert færre personar frå landet enn planlagt. Dette skuldast ei rekke forhold. Mellom anna har det vore problem knytta til returar til fleire land. Måltalet for uttransporterte personar i 2007 vil derfor ikkje bli nådd. Med bakgrunn i dette ligg det an til ei innsparing på posten. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440, post 21 med 15 mill. kr.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kr.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 04 Gebyr vaktselskap

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 04 med 0,6 mill. kr.

Post 06 Gebyr - utlendingssaker

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 06 med 10 mill. kr.

Post 07 Gebyr – sivile gjeremål

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstala hittil i år og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 07 med 35 mill. kr.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01

NATO sitt utanriksministermøte

I samband med NATO sitt uformelle utanriksministermøte i april i år blei det løyvd 42 mill. kr på kap. 441, post 01, jf. St.prp.nr. 58 (2006-2007). Av dette blei det forbrukt 32,665 mill. kr, noko som gjev ei ubrukt løyving på 9,335 mill. kr. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 9,335 mill. kr.

Styrking av politiet

For å styrke Oslo Politidistrikt foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 441, post 01 med 4 mill kr, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Utskriving av politiattestar

Som følge av at politiet får meirutgifter til utskriving av politiattestar, jf. endring av forskrift om opptak i høgare utdanning av 10.10.2005, foreslår Justisdepartementet å rammeoverføre totalt 1,615 mill. kr frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til Justisdepartementet sitt budsjett. Av beløpet på 1,615 mill. kr blir det foreslått å rammeoverføre 0,323 mill. kr frå kap. 281, post 01 til kap. 441, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01 og omtale under kap. 281, post 01 i St.prp. nr. 7 (2007-2008).

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 441, post 01 med 5,012 mill. kr.

Kap. 443 Oppfølging av innsynslova

Post 01 Driftsutgifter

Det har ikkje vore mogleg å avslutta arbeidet til Innsynsutvalet sommaren 2007. Rydding i saker, statistikkføring, rapportering med vidare gjer at dette arbeidet ikkje blir ferdig før ved utgangen av året. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 443, post 01 med 1,7 mill. kr.

Post 70 Erstatningar

Som følgje av at erstatningsutbetalingane er lågare enn venta foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 443, post 70 med 1,7 mill. kr.

Kap. 451 Samfunnstryggleik og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet er samde om at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) overtar Forsvarets sanitetsmagasin på Starum frå Skifte eiendom as. Ved å kjøpe dette magasinet vil det vere mogeleg å opprette ein sentral logistikkfunksjon, og frigjere andre lageranlegg, som kan avhendast. Det vil gje synergieffektar i forhold til eksisterande aktivitet på Starum, og gje grunnlag for å drive ein meir effektiv lagerfunksjon. Det vil vidare vere lager for utanlandsoperasjonar. Kjøpet vil ivareta behovet for ei omfattande modernisering av Sivilforsvarets lageranlegg. Ein annan fordel ved lageret på Starum er at det ligg på same geografiske område som Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter. Magasinet er taksert til 11 mill. kr.

Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med 11 mill. kr.

Kap. 455 Redningstenesta

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten utgjer 6,248 mill. kr i 2007. Basert på erfaringstal, rekneskapstal dei seinare år og forbruket hittil i 2007, foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 455, post 21 med 1,5 mill. kr.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer mellom anna diverse investeringar knytt til hovudredningssentralane. Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 455, post 45 med 1,5 mill. kr, jf. omtale under kap. 455 post 21.

Kap. 456 Nødnett – felles radiosamband for nødetatane

Som gjort greie for i St.prp.nr. 1 (2007-2008) er leverandøren forseinka i si leveranse av Nødnett. Opphavleg framdriftsplan, jf. St.prp. nr. 30 (2006-2007) og Innst. S. nr. 104 (2006-2007), tilsa at det meste av utbygginga av det første trinnet skulle finne stad i 2007. Under planleggingsarbeidet avdekte leverandøren Nokia Siemens Networks AS at sentrale aktivitetar i deira leveranse vil ta meir tid enn venta. Av kvalitetsomsyn er det difor gjennomført ei revidering av planane for utbygging av sjølve radionettet. I samsvar med revidert plan blir det lagt til grunn at nettet blir klart til bruk i Østfold, Follo, Oslo, Romerike, Asker og Bærum og Søndre Buskerud politidistrikt november 2008, dvs. om lag åtte mnd. forseinking i forhold til opphavlig framdriftsplan.

I budsjett for 2008 blei det lagt til grunn eit forbruk på kap. 456 på 169,369 mill. kr i 2007, delt med 62,048 mill. kr på post 01 og 107,321 mill. kr på post 45. Basert på ei oppdatert vurdering av situasjonen legg Justisdepartementet til grunn at utgifter i 2007 som følgje av leverandøren si forseinking blir lågare enn tidlegare venta, og lågare enn det som er lagt til grunn i samband med budsjett for 2008.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld dekning av staten sine eigne prosjektoppfølgingskostnader og leverandøren sine driftsrelaterte utgifter for dei områda som blir bygd ut og eventuelt satt i drift i 2007. Tilgjengeleg løyving på posten er 97,175 mill. kr. Basert på ei oppdatert vurdering er venta utgifter på posten 50,848 mill. kr i 2007. Med bakgrunn i leverandørens forseinking foreslår Justisdepartementet derfor å redusere løyvinga på post 01 med 46,327 mill. kr i 2007.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekke investeringar i radionett, utstyr til naudetatane, kommunikasjonssentralar og terminalar for det første utbyggingsområde.

Tilgjengeleg løyving på posten i 2007 er 349,451 mill. kr, der løyvinga for 2007 er 7,881 mill. kr og overførte midlar frå 2006 er 341,57 mill. kr. Venta forbruk i 2007 har vore 107,3 mill. kr. Ei oppdatert vurdering av framdrifta i arbeidet i samband med betalingsmilepælane i kontrakten inneber at i overkant av 100 mill. kr ikkje vil bli utbetalt til leverandøren i 2007. Dei om lag 100 mill. kr som ikkje blir nytta i 2007 vil derfor bli overført til 2008.

Samstundes er det ikkje behov for ei løyving på posten i 2007, sidan det er tilstrekkeleg å nytte unytta midlar som blei overført frå 2006. Justis­departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 45 med 7,881 mill. kr i 2007, til 0 kr.

Justisdepartementet gjer merksam på at Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) av praktiske årsaker kan få enkelte utlegg på post 45 på vegne av leverandøren som leverandøren skal refundere til DNK i 2007. Dersom slike utgifter kjem vil dei bli dekt av dei overførte midlane frå 2006.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Dei totale utgiftene på kapitlet heng saman med talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 35 mill. kr.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gjeve heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 70 med 9 mill. kr.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelstyrte.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 30 mill. kr.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelstyrt, og har stikkordet overslagsløyving.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 71 med 24 mill. kr.

Kap. 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 01 med 5 mill. kr.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskott

Auka skatteinntekter på Svalbard

Skatteinntektene på Svalbard har auka meir enn venta inneverande år. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) Svalbardbudsjettet, blei det budsjettert med 83 mill. kr på kap 3030 Skatter og avgifter, post 70 Skatter mm, og 3,5 mill. kr på kap 3030 Skatter og avgifter, post 71 Utførselsavgift.

Basert på rekneskapstal pr. 30.09.2007 er anslåtte skatteinntekter på Svalbard inneverande år 105 mill. kr på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 70 Skatter mm, og 5 mill. kr på kap. 3030 Skatter og avgifter, post 71 Utførselsavgift. Dette vil gi svalbardbudsjettet auka skatte- og avgiftsinntekter på 23,5 mill. kr i 2007. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 480, post 50 med 23,5 mill. kr.

Longyearbyen skole- kompensasjon for feriepengar i samband med overtakinga av ansvar for skolen frå 01.01.07

Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skole blei overført frå Kunnskapsdepartementet til Longyearbyen lokalstyre frå 01.01.2007. Løyvinga til skolen blei frå same tid budsjettert over Svalbardbudsjettet.

I beløpet som blei rammeoverført i 2007 frå Kunnskapsdepartementet sitt kap. 222, post 01 blei det ikkje lagd inn feriepengar som skal utbetalast i 2007 for oppteningsåret 2006. Longyearbyen lokalstyre sette ikkje av feriepengar i 2006 for utbetaling i 2007, sidan dei tilsette ved skolen då hørde til staten. Samtidig som Longyearbyen lokalstyre i juni 2007 måtte utbetale feriepengar for dei tilsette på skolen, må dei gjennom heile 2007 sette av opptente feriepengar for utbetaling juni 2008. Dette gjer Longyearbyen lokalstyre ei dobbel belastning det første året etter at skolen er overførd frå staten.

Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 480, post 50 med 1,457 mill. kr.

Longyearbyen skole- kompensasjon for lønsoppgjeret 2007 i samband med overtaking av ansvar for skolen frå 01.01.2007

I samband med overføringa av ansvaret for Longyearbyen skole til Longyearbyen lokalstyre frå 01.01.2007 blei det rammeoverført midlar frå Kunnskapsdepartementet sitt kap. 222, post 01 til Justis­departementet sitt kap. 480. Tilskottet på kap. 222 har tidligare årleg fått tilført eventuell kompensasjon for lønsoppgjeret vedkommande år. Den same ordninga er ikkje gjort gjeldande for svalbardbudsjettet. Dette betyr at Longyearbyen lokalstyre ikkje er tilført kompensasjon for auka lønsutgifter som er påført etter lønsoppgjeret i vår.

Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga til kap. 480, post 50 med 0,4 mill. kr.

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 480, post 50 med 21,643 mill. kr.

Til forsida