1 Innleiing
I kap. 2 i denne proposisjonen legg Olje- og energidepartementet (OED) fram budsjettkonsekvensar knytt til restrukturering av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda. I tillegg legg departementet fram budsjettkonsekvensar for Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) og informasjon knytt til bruk av fullmakter under SDØE. Kap. 3 omfattar andre forslag til endringar på statsbudsjettet for 2001 under Olje- og energidepartementet. I kap. 4 legg OED fram plan for utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet som er eit gass- og kondensatfelt på Haltenbanken.