St.prp. nr. 24 (2001-2002)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2001 m.m. under Olje- og energidepartementet og utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet— Tilråding frå Olje- og energidepartementet av 16. november 2001, godkjend i statsråd same dagen.

Til innholdsfortegnelse

2 Budsjettkonsekvensar knytt til det statlege engasjementet i petroleumsverksemda

2.1 Budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleums­verksemda

Bakgrunn

15. desember 2000 vart St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE, lagt fram for Stortinget med tilråding til vidareutvikling av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda. Den 26. april 2001 vedtok Stortinget følgjande, jf. Innst. S. nr. 198 (2000-2001):

«Stortinget samtykker i at Olje- og energi­departementet får fullmakt til:

  1. å selge SDØE-andeler tilsvarende 21,5 pst. av SDØEs verdi til Den norske stats oljeselskap a.s, Norsk Hydro og andre,

  2. at Den norske stats oljeselskap a.s dels skal betale for SDØE-andeler i kontanter, dels vil SDØE-andeler kunne inngå i selskapet som tingsinnskudd, og å ta endelig stilling til den mest hensiktsmessige betalingsform i lys av den best egnede kapitalstruktur for oljeselskapet,

  3. å foreta et bytte av SDØE-andeler mellom staten og Den norske stats oljeselskap a.s, slik at staten reduserer sine andeler i Europipe II og utvalgte felt og øker sine andeler i Norpipe og Statpipe og får eierandeler i råoljeterminalen på Mongstad,

  4. å åpne for nye eiere i Den norske stats oljeselskap a.s med inntil 1/3 av selskapets verdi. I første omgang vil det tas inn nye eiere tilsvarende 15-25 pst. av selskapets verdi. Dette vil skje ved emisjon og nedsalg av statens aksjer,

  5. å opprette et nytt statsaksjeselskap for ivaretakelse av SDØE, og

  6. å opprette et nytt statsaksjeselskap for transport av naturgass.»

I St.prp. nr. 40 (2000-2001) som vart lagt fram 19. januar 2001 vart det informert om budsjettkonsekvensar for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001). Stortinget løyvde 135 mill. kroner på kap. 1801 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter for å dekkje utgifter til førebuing av dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36 (2000–2001). Dette skulle dekkje utgifter til Olje- og energidepartementet sine eigne rådgjevarar og utgifter knytt til sal av SDØE-eigardelar, jf. St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 118 (2000-2001). Staten sine utgifter til førebuing av tiltaka, inkludert departementet sine rådgjevarar var estimert til 75 mill. kroner av løyvinga. Dette skulle mellom anna dekkje norsk og internasjonal juridisk, strategisk, finansiell og revisjonsfaglig ekspertise. Utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar var estimert til 60 mill. kroner av løyvinga på 135 mill. kroner. Det skulle dekkje utgifter til geofagleg ekspertise, verdivurderingar og utgifter knytt til sjølve gjennomføringa av salet.

I St.prp. nr. 68 (2000-2001) som vart lagt fram for Stortinget 6. april 2001 vart det informert om budsjettkonsekvensar for 2001 knytt til gjennomføring av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001). Dette omfatta budsjettkonsekvensar knytt til oppretting av det nye forvaltarselskapet for SDØE, oppretting av det nye transportselskapet for naturgass, inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og utgifter og inntekter i samband med aksjesal i og børsnotering av Statoil.

Generelt om status

Olje- og energidepartementet har på vegne av ­staten selt utvalde SDØE-eigardelar til Statoil samt at staten har kjøpt nokre eigardelar frå ­Statoil, eit nettosal tilsvarande 15 pst. av verdien av opprinneleg SDØE-portefølje.

Statoil vart delvprivatisert og notert 18. juni 2001 på Oslo Børs og ved New York Stock Exchange. Private aksjonærar kjøpte 18,2 pst. av aksjane i selskapet.

Det nye statsaksjeselskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen på vegne av staten vart stifta 9. mai 2001 og fekk namnet Petoro AS. Det nye operatørselskapet for transport av naturgass vart stifta 14. mai 2001 og fekk namnet Gassco AS.

Olje- og energidepartementet førebur no sal av SDØE-eigardelar tilsvarande 6,5 pst. av verdien av SDØE-porteføljen til Norsk Hydro og andre selskap. Etter planen skal salet gjennomførast ­første halvår 2002, med verknad frå 1. januar 2002.

Departementet ønskjer no å informere om budsjettkonsekvensar så langt knytt til restrukturering av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda.

Utgifter til førebuing og gjennomføring av vedtekne tiltak

Utgifter totalt til førebuing/gjennomføring, ­inkludert eksterne rådgjevar

Olje- og energidepartementet har fram til og med oktober utgiftsført om lag 67 mill. kroner over kap. 1801, post 21 Omstrukturering av statens petroleums­engasjement i samband med førebuing og gjennomføring av vedtekne tiltak. Dette har dekt departementet sine utgifter, inkludert eksterne rådgjevarar. Dei juridiske, strategiske, finansielle og revisjonsfaglege rådgjevarane har vore nytta til å førebu både sal av SDØE-eigardelar, delprivatisering av Statoil og oppretting av dei to nye selskapa.

Det gjenstår enno ein god del utgifter som vil bli utbetala seinare i år eller tidleg i 2002. Dette gjeld spesielt utgifter knytt til gjennomføringa av SDØE-salet. Departementet sine utgifter vil holdast innafor totalramma på 135 mill. kroner som er avsett for å dekkje denne type utgifter.

Utgifter direkte knytt til gjennomføring av SDØE-salet

Etter gjennomført sal og kjøp av eigardelar mellom staten og Statoil har departementet fram til og med oktober utgiftsført om lag 5,5 mill. kroner knytt til sjølve gjennomføringa av SDØE-salet. Det er ein del uteståande fakturaer knytt til dette salet. Dette gjeld mellom anna utgifter til geofagleg ekspertise og revisor sitt arbeid med å gjennomgå pro et contra-oppgjeret som pågår no.

Olje- og energidepartementet er godt i gang med førebuingane av sal av SDØE-eigardelar til Norsk Hydro og andre selskap. Etter gjeldande plan skal dette sluttførast i første halvdel av 2002. Departementet har mellom anna behov for juridisk, finansiell, geofagleg og revisjonsfagleg ekspertise til dette arbeidet. I tillegg må ein ha hjelp og datasystem knytt til innhenting og handtering av informasjon om dei tilbydde eigar­delane. Ein legg opp til at ramma på 60 mill. kroner skal dekkje dei fleste av ovannemde utgifter, med unntak av honorar/provisjon til investeringsbankane som skal vere finansielle rådgjevarar/tilretteleggjarar for salet. Investeringsbankane skal dels betalast i forhold til verdien av selde eigardelar. Utbetalinga for desse vil difor først skje i 2002. Fordi det er vanskeleg å gi eit estimat har Olje- og energidepartementet i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 for 2002 bedt om ei fullmakt til å utgiftsføre utan løyving utgifter knytt til provisjon/honorar for sal av SDØE-eigardelar til Norsk Hydro og andre ­selskap.

Det gjenstår ein god del utgifter som vil bli utbetalt mot slutten av året og tidleg i 2002 knytt til sal av SDØE-eigardelar. På denne bakgrunn søkjer departementet om at løyvinga under kap. 1801, post 21 Omstrukturering av statens petroleums­engasjement vert gjort overførbar til 2002.

Utgifter direkte knytt til aksjesalet i Statoil

I St.prp. nr. 68 (2000-2001) vart det informert om utgiftspostar direkte knytt til aksjesalet i Statoil. Det var ikkje mogleg å estimere kor store ut­giftene vart for 2001. Stortinget gav difor fullmakt til å overskride kap. 1801 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter, med utgifter i samband med aksjesalet.

Nokre av utgiftene knytt til transaksjonen skal staten dekkje åleine, nokre utgifter skal Statoil dekkje åleine, men dei fleste av utgiftene i samband med aksjesalet skal delast mellom partane. Kva utgifter som skal delast mellom staten og Statoil er omfatta av ein eigen avtale om kostnadsfordeling. Fordelinga vil vere i høve til selde aksjar:

Selde aksjar

Prosent

Statoil emisjon

188 700 000

47,84

Sal av statlege aksjar

205 717 002

52,16

Totalt

394 417 002

100,00

Staten sine utgifter knytt til aksjesalet i Statoil omfattar staten sin del av; provisjon og sals­kommisjon til tilretteleggjarane, utgifter til mark­nadsføring og distribusjon etc., utgifter til Statoil sine rådgjevarar (prospektarbeid), utgifter til departementet sine rådgjevarar (prospektarbeid), kon­tant­rabatt til småinvestorar og departementet sin prosessrevisor.

Totale utgifter for staten direkte knytt til delprivatiseringa av Statoil ASA er rekna til om lag 336,5 mill. kroner. Hovuddelen av desse utgiftene er det tidlegare ikkje bedt om løyving for. Desse utgiftene vil bli utgiftsført på kap. 1801, post 21.

Provisjon til tilretteleggjarane

Det var avtalt ein samla provisjon til tilretteleggjarane som skulle selje aksjar i Statoil på 1,25 pst. I tillegg hadde tilretteleggjarane moglegheit til å oppnå ein stimulansebasert godtgjersle på inntil 0,25 pst. (suksess honorar). Det siste skulle av­gjerast av staten og Statoil etter gjennomført transaksjon, i høve til om det vart vurdert å vere ein vellykka transaksjon og godt gjennomført av tilretteleggjarane. Provisjonen vert rekna av salsverdien av aksjane. Utgiftene til provisjonen skal delast mellom staten og Statoil i forhold til kor stor del av transaksjonen som skjedde ved ­emisjon og kor stor del av transaksjonen som skjedde ved sal av staten sine aksjar.

Det vart i etterkant av transaksjonen vedteke at tilretteleggjarane skulle få 0,25 pst. i godtgjersle i tillegg til garantert provisjon på 1,25 pst.

Staten sin del av samla provisjon og sals­kommisjon til tilretteleggjarane er om lag 210 mill. kroner.

Utgifter til marknadsføring og distribusjon etc.

I St.prp. nr. 68 (2000-2001) vart utgifter til mark­nadsføring, distribusjon etc. førebels estimert til om lag 200 mill. kroner. Styringskomiteen for aksjesalet i Statoil vedtok budsjett for desse ­utgiftene og følgde utviklinga kontinuerleg. Dei fleste av desse utgiftene skal delast mellom staten og Statoil, i forhold til selde aksjar, jf. avtale om kostnadsfordeling mellom staten og Statoil.

Pr. oktober var desse utgiftene om lag 169,5 mill. kroner. Staten sin del av dette er om lag 80 mill. kroner. Det er nokre fakturaer som ennå er uteståande.

Utgifter til Statoil sine rådgjevarar (prospektarbeid)

I følgje avtale om kostnadsfordeling skal staten vere med å dekkje delar av Statoil sine rådgjevarutgifter. Dette gjeld utgifter direkte knytt til ­rådgjevarane sitt arbeid med utarbeiding av prospektet for børsnoteringa av Statoil. Totalt sett utgjer desse utgiftene 30,13 mill. kroner og staten skal dekkje om lag 15,7 mill. kroner av desse.

Utgifter til Olje- og energidepartementet sine ­rådgjevarar (prospektarbeid)

Statoil skal på same måten dekkje ein del av departementet sine rådgjevarutgifter, direkte knytt til arbeid med utarbeiding av prospektet. Desse utgiftene utgjer for departementet om lag 9 mill. kroner, om lag 4,7 mill. kroner (52,16 pst.) skal staten dekkje sjølv og om lag 4,3 mill. kroner (47,84 pst.) skal Statoil dekkje. Desse utgiftene er det tidlegare løyvd midlar til.

Rabatt til småinvestorar

Stortinget gav fullmakt til å leggje opp til bruk av stimuleringstiltak overfor småinvestorar i samband med aksjesalet i Statoil. Prisen på aksjane på børstidspunktet var 69 kroner pr. aksje. Småinve­storar fekk tilbod om ein kontantrabatt på 3 kroner, slik at kjøpsprisen for dei vart 66 kroner pr. aksje. I tillegg kan småinvestorar under gitte vilkår få ein bonusaksje for kvar 10. aksje, dersom dei eig aksjane 12 månader etter transaksjonen. Om lag 64 000 småinvestorar teikna aksjar i selskapet.

Inntektene frå salet av aksjar vert ført i forhold til ein pris på 69 kroner pr. aksje. Inntektsreduksjonen som følgje av kontantrabatten til småinve­storar vert difor ført som ei utgift under kap. 1801, post 21 Spesielle driftsutgifter. Tapt proveny som følgje av rabatten utgjer 47,38 mill. kroner. Staten sin del av desse utgiftene er 24,7 mill. kroner.

Utgifter til departementet sin prosessrevisor

Olje- og energidepartementet engasjerte ein eigen revisor til å følgje Statoil-transaksjonen. Dette arbeidet er ikkje sluttført. Mellom anna skal revisor gå gjennom både inntekts- og utgifts­postane knytt til transaksjonen for å sikre at alt er skjedd i tråd med avtalar og intensjonar. Desse utgiftene er rekna å utgjere 1,5 mill. kroner. Desse utgiftene er det tidlegare løyvd midlar til.

Oppsummering

På bakgrunn av ovannemnde ber Olje- og energidepartementet om ei tilleggs­løyving på 326 mill. kroner, frå 135 til 461 mill. kroner på kap. 1801, post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement. I tillegg ber ein om at posten tilføras stikkordet «kan overføres».

Inntekter frå aksjesalet i Statoil

Stortinget vedtok 26. april 2001 at det i første omgang kunne takast inn nye eigarar i Statoil tilsvarande 15-25 pst. av verdien i selskapet, ved ein kombinasjon av emisjon og nedsal av staten sine aksjar.

Stortinget gav i samband med handsaming av St.prp. nr. 68 (2000-2001) fullmakt til å inntektsføre utan løyving inntektene frå aksjesalet i Statoil under kap. 4811 Statoil ASA, post 90 Salg av aksjer.

Staten selde totalt 205 717 002 aksjar, inkludert selde aksjar i stabiliserings­perioden. Statoil selde 188 700 000 aksjar gjennom ein emisjon. Dette innebar at private aksjonærar i inn- og utland kjøpte 18,2 pst. av aksjane i selskapet.

Inntektene frå sal av staten sine aksjar utgjer om lag 14 210,6 mill. kroner. I tillegg har staten fått renteinntekter frå sal av aksjar i stabiliseringsperioden på om lag 12,3 mill. kroner. Totale brutto inntekter til staten frå sal av aksjar er dermed om lag 14 223 mill. kroner.

Olje- og energidepartementet foreslår difor ei løyving for 2001 på kr 14 210 600 000 på kap. 4811 Statoil ASA, ny post 90 Salg av aksjer. I tillegg vert det foreslått ei løyving for 2001 på kr 12 325 000 på kap. 5685 Statoil ASA, ny post 82 Renter, salg av aksjer.

Inntekter og utgifter i samband med sal av SDØE-eigardelar

Salsoppgjer mellom staten og Statoil

Sal av SDØE-eigardelar til Statoil og kjøp av nokre eigardelar frå Statoil vart gjennomført ved eit netto oppgjer mellom staten og Statoil. Netto ­vederlag frå Statoil til staten var 38,6 mrd. kroner. Statoil betalte 25 mrd. kroner i kontantar og 13,6 mrd. kroner skulle dekkjast av eit ansvarleg lån frå staten som skulle betalast tilbake av midlar frå emisjon av aksjar i Statoil. Netto salsoppgjer vert inntektsført på kap. 5440, ny post 31 Salg av SDØE-andeler. På bakgrunn av at transaksjonen vart gjort opp netto, vert det ikkje ført midlar på kap. 2440, post 31 Kjøp av SDØE-andeler. I tillegg vart det innbetalt renter på kontantvederlaget som følgje av at salet hadde økonomisk verknad frå 1. januar 2001, men vert gjort opp 1. juni 2001. Renteinntekter på om lag 1 248 mill. kroner vert ført på kap. 5440, ny post 81 Renter, salg av SDØE-andeler. Staten fekk også ein valutagevinst på om lag 380 mill. kroner knytt til at kontant­vederlaget vart betalt i amerikanske dollar. Valutagevinsten vert inntektsført på kap. 5440, post 31.

Totale nettoinntekter frå sal/kjøp av eigardelar mellom staten og Statoil er dermed 40 228 mill. kroner, 38 980 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440, ny post 31 og 1 248 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440, ny post 81.

Ansvarleg lån til Statoil i samband med sal av SDØE-eigardelar

I samband med handsaminga av St.prp. nr. 68 (2000-2001) gav Stortinget Olje- og energidepartementet fullmakt til å gi Statoil eit ansvarleg lån i samband med overdraging av eigardelar mellom staten og Statoil. Lånet skulle avgrensast opp til vederlag for overdraging av eigardelar etter motrekning i mottekne deltakardelar. Det ansvarlege lånet som vart ytt til Statoil i samband med Statoil sitt kjøp av SDØE-eigardelar utgjorde om lag 14 mrd. kroner (inklusive renter for perioden 1. januar til 1. juni 2001). Dette vart betalt tilbake av Statoil, med tillegg av renter på om lag 66,2 mill. kroner for perioden 1. juni til 21. juni 2001.

Olje- og energidepartementet foreslår difor ei løyving på kr 14 039 700 000 på kap. 1811 Statoil ASA, ny post 90 Ansvarlig lån og ei tilsvarande løyving på kap. 4811 Statoil ASA, ny post 91 Avdrag, ansvarlig lån. I tillegg vert det foreslått ei løyving på 66,2 mill. kroner på kap. 5685, ny post 81 Renter, ansvarlig lån.

Pro et contra-oppgjer

Sal av SDØE-eigardelar til Statoil vart ikkje sluttført før i mai 2001, men hadde juridisk og økonomisk verknad frå 1. januar 2001. Rekneskapet for SDØE vart difor ført etter gamal SDØE-portefølje fram til og med mai. Dette inneber at innbetalingar og utbetalingar knytt til SDØE i denne perioden er for høge. Dette vert gjort opp ved eit netto pro et contra-oppgjer direkte mellom staten og Statoil. Staten har netto utbetalt om lag 8,45 mrd. kroner til Statoil for å korrigere innbetalingar og utbetalingar i perioden 1. januar til 31. mai 2001. Dette vert utgiftsført under kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør, jf. omtale under kap. 2440/5440.

Pro et contra-oppgjeret vert no gjennomgått av ein ekstern revisor. Det kan kome korreksjonar av dette oppgjeret seinare i år og neste år.

2.2 Budsjettkonsekvensar for SDØE og informasjon om bruk av fullmakter

Kap. 2440/5440 Statens direkte ­økonomiske engasjement i ­petroleums­virksomheten

Gjeldande løyving for 2001 under kap. 2440 og kap. 5440 er basert på Stortinget sitt budsjett­vedtak i desember 2000 (blå bok) og Stortinget sitt vedtak av 15. juni 2001 der kap. 2440, post 22 Fjerningsutgifter vart auka med 10 mill. kroner, post 30 Investeringer vart auka med 3 900 mill. kroner og post 50 Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond vart redusert med 8 mill. ­kroner. Under kap. 5440 vart post 24 Driftsresultat auka med 21 800 mill. kroner, post 30 Avskriv­inger vart auka med 1 300 mill. kroner og post 80 Renter vart auka med 100 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 84 og Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Det vart understreka at løyvingsforslaga var basert på SDØE-porteføljen før sal/kjøp av eigardelar ­mellom staten og Statoil, eit netto sal tilsvarande om lag 15 pst. av verdien av SDØE-porteføljen. Salet til Statoil vart gjennomført i mai, men med effektiv dato 1. januar 2001.

Forslag til ny løyving er mellom anna basert på oppdatert prognose for 2001 frå forretningsførar (Statoil på vegne av Petoro AS) etter tredje kvartal 2001. Prognosa frå forretningsførar er basert på rekneskapsføring pr. 30. september 2001 (etter kontantprinsippet) og estimat for resten av året. Det er viktig å understreke at rekneskapsføringa for perioden 1. januar til 31. mai 2001 er basert på gamal SDØE-portefølje, før sal og kjøp av eigardelar mellom staten og ­Statoil. Dette inneber at enkeltpostane for investeringar, driftsinntekter og driftsutgifter etc. er for høge for denne perioden. Dette vert korrigert med eit netto pro et contra-oppgjer direkte mellom staten og Statoil, i favør av Statoil, som vert utgiftsført på kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør. For perioden 1. juni til 30. september 2001 har forretningsførar rekneskapsført etter ny SDØE-portefølje, etter netto salet til Statoil.

Totalt sett gir dette ein ny prognose på netto kontantstraum frå SDØE for 2001.

Det er for SDØE lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på om lag 225 kroner pr. fat for 2001 (dette er basert på realisert pris etter tredje kvartal og prognose for fjerde kvartal i forhold til kontantprinsippet).

Overslaget for kap. 2440, post 22 Fjernings­utgifter er redusert med 80 mill. kroner, frå 80 til 0 mill. kroner. Det er ikkje betalt fjerningsutgifter pr. tredje kvartal og det er heller ikkje forventa at det skal betalast noko i fjerde kvartal 2001. SDØE har ikkje lenger eigardel i felt der det er forventa fjerningsutgifter i 2001.

Det vert foreslått ei løyving på 8 500 mill. ­kroner for 2001 på kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør, som knyter seg til netto salet av SDØE-eigardelar til Statoil, jf. omtale tidlegare i proposisjonen.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringer er redusert med 2 300 mill. kroner, frå 20 100 til 17 800 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg reduserte eigardelar i lisensar som følgje av ­gjennomført sal av eigardelar til Statoil. I tillegg er det lågare investeringar i enkelte felt, hovudsakleg på Grane.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 20 200 mill. ­kroner, frå 149 900 til 129 700 mill. kroner. Reduksjon i driftsinntekter skuldast hovudsakleg reduserte eigardelar i lisensar som følgje av salet til Statoil og dermed lågare produksjon. Salsvoluma for olje og våtgass er og justert ned noko i forhold til gjeldande budsjett (basert på lågare realisert sal så langt i år og prognose for resten av året). Forventa oljepris for 2001 er tilnærma lik det som vart lagt inn i gjeldande budsjett. Prisen på våtgass og gass er noko nedjustert. Det er forventa høgare tariffinntekter for SDØE som følgje av kjøpt eigardel i Statpipe.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 2 600 mill. kroner, frå 20 000 til 17 400 mill. kroner. Dette skuldast reduserte eigardelar i lisensar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter er redusert med 300 mill. kroner, frå 2 000 til 1 700 mill. kroner. Dette skuldast reduserte eigardelar i lisensar. Utgiftene ­forventast likevel å vere relativt høge for året under ett på grunn av at ein del kostnader for 2000 får kontanteffekt i SDØE sitt rekneskap i 2001.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivinger er redusert med 2 600 mill. kroner, frå 19 500 til 16 900 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg reduserte eigardelar i ­lisensar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter er redusert med 800 mill. kroner, frå 8 400 til 7 600 mill. kroner. Dette skuldast lågare kalkulert rente på grunn av lågare fast kapital etter salet av eigardelar til Statoil.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2001 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomhet ( i 1 000 kr).

Kap/post Underpost

Nemning

Gjeldande løyving1

Forslag til ny løyving

Endring

2440

22

Fjerningsutgifter

80 000

0

-80 000

25

Pro et contra-oppgjør, overslagsbevilgning

8 500 000

8 500 000

30

Investeringer

20 100 000

17 800 000

-2 300 000

50

Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond

592 000

592 000

0

Sum kap. 2440

20 772 000

26 892 000

6 120 000

5440

24.1

Driftsinntekter

149 900 000

129 700 000

-20 200 000

24.2

Driftsutgifter

-20 000 000

-17 400 00

2 600 000

24.3

Lete- og feltutviklingsutgifter

-2 000 000

-1 700 000

300 000

24.4

Avskrivinger

-19 500 000

-16 900 000

2 600 000

24.5

Renter

-8 400 000

-7 600 000

800 000

24

Driftsresultat

100 000 000

86 100 000

-13 900 000

30

Avskrivinger

19 500 000

16 900 000

-2 600 000

31

Salg av SDØE-andeler

38 980 000

38 980 000

50

Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond

0

500 000

500 000

80

Renter

8 400 000

7 600 000

-800 000

81

Renter, salg av SDØE-andeler

1 248 000

1 248 000

85

Renter på mellomregnskapet

0

-25 000

-25 000

Sum kap. 5440

127 900 000

151 303 000

23 403 000

Kontantstraum frå SDØE:

Innbetalingar2

149 900 000

170 403 000

20 503 000

Utbetalingar3

42 772 000

45 992 000

3 220 000

Nettokontantstraum frå SDØE

107 128 000

124 411 000

17 283 000

1 Gjeldende løyving for 2001 er basert på Stortinget sitt budsjettvedtak i desember 2000 (blå bok) og seinare endringar i 2001 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 84 og Innst. S. nr. 325 (2000-2001).

2 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond + netto vederlag sal av SDØE-eigar- delar + renter på sal av SDØE-eigardelar – renter på mellomreknskapen (inntektsreduksjon).

3 Utbetalingar = driftutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + fjerningsutgifter + investeringar + overføring til Staten sitt petroleumsforsikringsfond + netto pro et contra-oppgjer ifm. netto sal av SDØE-eigardelar.

Dei ovannemnde endringane fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat samla viser ein reduksjon på 13 900 mill. kroner, frå 100 000 til 86 100 mill. kroner i 2001.

Overslaget for kap. 5440, ny post 85 Renter på mellomregnskapet er -25 mill. kroner. Under denne posten vert det inntektsført/utgiftsført renter på uteståande sum mellom staten og forretningsførar for SDØE.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har funne stad og forventa skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 500 mill. kroner i 2001 under kap. 5440, ny post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond.

Ovannemnde endringar medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 17 283 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett, frå 107 128 til 124 411 mill. kroner. Dette gir ­isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond. Endring av kap. 2800 ­Statens petroleumsfond, vil verte foreslått i Finans­departementet sin nysalderingsproposisjon.

Forenkla myndigheitshandsaming

Stortinget har samtykka i at Kongen under gitte føresetnader kan godkjenne nye prosjekt på kontinentalsokkelen, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2000-2001). Verknader på budsjettet for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) av desse vedtaka er budsjettert under kap. 2440/5440.

Nedanfor følgjer ei orientering om dei prosjekta som er vedtekne under ordninga etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet,vart lagt fram.

Fram Vest

Departementet mottok 21. desember 2000 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Fram Vest, som i hovudsak er eit oljefelt. Utbygginga omfattar to ramer på havbotnen som skal knytast opp til Troll C-plattforma. Rettshavarane i Fram Vest er Norsk Hydro Produksjon AS (operatør), Statoil ASA, Petoro AS og Mobil Development Norway A/S. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar i lisensen på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til om lag 4 mrd. 2001-kroner. Utbygginga av Fram Vest vil for SDØE i 2001 medføre om lag 159 mill. kroner i investeringar, om lag 7,5 mill. kroner i driftskostnadar og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for utbygging og drift av Fram Vest vart vedteken ved kronprinsregentens resolusjon 23. mars 2001.

Vale

Departementet mottok 9. november 2000 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av gass- og kondensatfunnet Vale. Feltet vil verte utbygd som ei undervassutbygging med oppkopling til Heimdalplattforma. Rettshavarane er Hydro Produksjon AS, Marathon Petroleum Norge AS, TotalFinaElf Exploration Norge AS og AS Ugland Rederi. Norsk Hydro Produksjon AS er operatør for utbygginga. Valefeltet er planlagt sett i drift i juni 2002. Dei totale investeringane for utbygginga vert i plan for utbygging og drift vurdert til 884 mill. 2001-kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i Vale vil ikkje dette ha budsjettkonsekvensar for staten ved SDØE. Plan for utbygging og drift av Vale vart vedteken ved kronprinsregentens resolusjon 23. mars 2001.

Sigyn

Departementet mottok søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Sigyn den 29. juni 2001. Sigyn inneheld gasskondensat og lettflyktig olje og skal byggjast ut som ein satellitt til Sleipner A plattforma. Rettshavarane i Sigyn er Esso Exploration & Production Norway A/S (operatør), Statoil ASA og Norsk Hydro Produksjon AS. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2 059 mill. 2001-kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i Sigyn vil ikkje utbygging og drift av Sigyn ha budsjettkonsekvensar for staten ved SDØE. Plan for utbygging og drift av Sigyn vart vedteken ved kgl.res. 31. august 2001.

Mikkel

Departementet mottok 6. juli 2001 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av ­Mikkelfeltet og godkjenning av plan for anlegg og drift av røyrleidning frå Mikkel til Åsgard. Mikkel er eit lite gass- og kondensatfunn i Norskehavet. Feltet er planlagt utbygd som ei undervassutbygging med oppkopling til Åsgard B. Mikkelfeltet er planlagt sett i drift i oktober 2003. Rettshavarane er Statoil ASA (operatør), Mobil Development Norway A/S og Norsk Hydro Produksjon AS. Operatøren vurderer investeringane for Mikkelprosjektet til 2 297 mill. 2001–kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i Mikkel vil ikkje dette ha budsjett­konsekvensar for staten ved SDØE. ­Planen for utbygging og drift av Mikkel og plan for anlegg og drift av røyrleidning frå Mikkel til Åsgard vart vedteken ved kgl.res. 14. september 2001.

Valhall-Flankar

Departementet mottok søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Valhall-flankar den 10. august 2001. Valhall-flankar skal byggjast ut med to ubemanna plattformer som skal knytast opp mot eksisterande installasjonar som er plasserte sentralt på Valhallfeltet. Rettshavarane i ­Valhall-unit er BP Amoco Norge AS, Enterprise Oil Norwegian AS, Amerada Hess Norge AS og TotalFinaElf Exploration Norge AS. BP Amoco Norge AS er operatør for utbygginga. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift utrekna til 4 164 mill. 2001-kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i Valhall-unit vil ikkje utbygging og drift av flankane ha budsjettkonsekvensar for ­staten ved SDØE. Plan for utbygging og drift av Valhall-flankar vart vedteken vart godkjend ved kgl.res. 9. november 2001.

Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

Stortinget har samtykka i at Olje- og energideparte­mentet fullmakt kan godkjenne overføring av eigedomsrett frå ei rettshavargruppe der SDØE har ein eigardel til ei anna rettshavargruppe der SDØE har ein eigardel, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett–innst. S. nr. 9 (2000-2001). Fullmakta gjeld for prosjekt der Kongen har fått fullmakt til å godkjenne plan for utbygging/anlegg og drift, og ved mindre endringar for prosjekt der plan for utbygging/anlegg og drift allereie er godkjende. Fullmakta er gitt under føresetnad om at over­føringa av eigedomsrett ikkje har prinsipielle eller samfunnsmessige sider av stor tyding, og at SDØE er sikra tilstrekkeleg bruksrett.

I samband med nysalderinga vil det kvart år bli gitt ei samla orientering til Stortinget om saker der overføring av eigedomsrett er godkjende det siste året. I St.prp. nr. 7 (1994-95) vart det informert om at departementet for framtida ville ­rapportere om overføringane etter at avtalane er godkjende av departementet.

I perioden etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) vart lagt fram til utgangen av oktober 2001 er det godkjend 11 avtaler om overføring av statleg eigedomsrett. I tillegg blir det orientert om ein avtale mellom rettshavarane i Huldragruppa og Heimdal­gruppa som vart godkjend 25. juni 1999, men som ikkje har vore omtala tidlegare.

Fram Vest og Troll C

I samband med utbygging av Fram Vest godkjende departementet 11. juni 2001 avtale om overføring av eigedomsretten til nytt utstyr på Troll C-plattforma. Rettshavarane i Fram Vest har investert i det nye utstyret som gjer det mogleg å knyte Fram Vest til Troll C. Eigedomsretten til dette utstyret er overført til rettshavarane i Troll. Dei totale investeringane som skal overførast ­vederlagsfritt frå Fram Vest til Troll er estimert til 1 353 mill. kroner SDØE sin del av investeringane vil vere 406 mill. 2001-kroner. SDØE har i dag ein eigardel på 30 pst. i Fram Vest og 56 pst. i Troll.

Overføring av eigedomsrettar til Heimdalsgruppa

Departementet godkjende 25. juni 1999 avtalen mellom rettshavarane i Huldragruppa og Heimdalgruppa om overføring av eigedomsrett til nytt utstyr på Heimdalplattforma. SDØE har ein eigardel på 31,96 pst. i Huldragruppa og ein eigardel i Heimdal på 20 pst. Dei totale investeringane for utstyret der eigedomsretten skal overførast frå Huldragruppa til Heimdalgruppa er rekna til 297 mill. 2001-kroner. SDØE sin del av investeringane er 95 mill. kroner.

Departementet godkjende 6. november 2000 avtalen om at eigedomsrett til nytt utstyr på Heimdalplattformen skal overførast frå Skirnegruppa og Granegruppa til Heimdalgruppa. Skirnegruppa og Granegruppa har betalt for modifika­sjons­arbeidet, men eigedomsretten til det nye utstyret er overført til Heimdalgruppa. SDØE har ein eigardel i Skirnegruppa på 30 pst. Den samla verdien av endringsarbeidet der eigedomsretten vart overført frå Skirnegruppa til Heimdalgruppa er estimert til 236 mill. 2001-kroner. SDØE sin del av investeringane er 71 mill. kroner. I Granegruppa er eigardelen til SDØE på 43,6 pst. Samla verdi på det nye utstyret der eigedomsretten er overført frå Granegruppa til Heimdalgruppa er rekna ut til 172 mill. 2001-kroner. SDØE sin del av denne investeringa er på 75 mill. kroner.

Departementet godkjende 6. november 2000 avtalen om at eigedomsrett til nytt utstyr på Heimdalplattformen skal overførast frå Oseberg gasstransport til Heimdalgruppa. Eigedomsretten til utstyret knytta til oppgraderinga er overført til Heimdalgruppa. SDØE har ein eigardel i Oseberg gasstransport på 50,78 pst. Den samla verdien av utstyret er estimert til 413 mill. 2001-kroner. SDØE sin del av investeringane er 210 mill. ­kroner.

I samband med tilknytinga av Vesterled-røyrleidningen til Heimdalplattforma, kom det i stand ein avtale mellom Vesterledgruppa og Heimdalgruppa om at eigedomsrett til det nye utstyret på Heimdalplattforma skal overførast til Heimdalgruppa. Denne avtalen vart godkjend av departementet 28. november 2000. SDØE har ein eigardel i Vesterled på 60 pst. Dei totale investeringane for utstyret der eigedomsretten er overført frå Vesterledgruppa til Heimdalgruppa er rekna ut til 302 mill. 2001-kroner. SDØE sin del av investering­ane er 181 mill. kroner.

Heimdal og Oseberg gasstransport

Eigedomsretten til stigerøyrsplattforma på Heimdal er overført frå Heimdalgruppa til Oseberg gasstransport. Denne avtalen mellom Oseberg gasstransport og Heimdalgruppa vart godkjend 6. november 2000. Overføringa trådde i kraft samstundes med den ovanfor nemnte overføringa av eigedomsrett frå Oseberg gasstransport til Heimdalgruppa. SDØE har ein eigardel i Heimdal på 20 pst. Dei totale investeringane for stigerøyrsplattforma der eigarskapet no er overført frå Heimdalgruppa til Oseberg gasstransport er rekna ut til 1,2 mrd. 2001-kroner. SDØE sin del av denne investeringa er 240 mill. kroner.

Overføring av eigedomsrettar til Statpipe

Avtalane mellom rettshavarane i Åsgard og Statpipe om prosessering på Kårstø og mellom rettshavarane i Åsgard Transport og Statpipe om Åsgard Transport si tilknyting til Kårstø vart godkjende av departementet den 29. juni 2001. Åsgardgruppa og Åsgard Transport-gruppa har investert i utstyr på Kårstø. Eigedomsretten til dette utstyret er overført til Statpipegruppa. SDØE sin del av investeringane er om lag 3 586 mill. kroner. SDØE har i dag ein eigardel på 35,5 pst. i Åsgard, 46,95 pst. i Åsgard Transport og 33,25 pst. i Statpipe.

Departementet godkjende 29. juni 2001 avtalen mellom rettshavarane i Gullfaks og Statpipe om Gullfaks røyrleidning si tilknyting til Statpipe røyrleidning. Gullfaksgruppa har betalt for til­knytinga, men eigedomsretten til dette utstyret vil verte overført til Statpipe. SDØE sin del av investeringa er om lag 115 mill. kroner. SDØE har i dag ein eigardel på 30 pst. i Gullfaks.

Overføring av eigedomsrettar til Åsgard Transport

Plan for anlegg og drift av Draugen Gasseksport vart godkjend ved kgl. res. 14. april 2000 og omtala i St. prp. nr. 19 (2000-2001) 1. Departementet godkjende 8. oktober 2001 ein avtale mellom rettshavarane i Draugen Gasseksport og Åsgard Transport om tilknyting av røyrleidningen Draugen Gasseksport til røyrleidningen Åsgard Transport og overføring av eigedomsrett til ei tilknytningsmanifold frå Draugen Gasseksport til Åsgard Transport. SDØE deltek med 57,88 pst. i Draugen Gasseksport og 46,95 pst. i Åsgard Transport. SDØE sin del av investeringa som vart overført er vurdert til 41 mill. 2001-kroner.

Plan for anlegg og drift av røyrleidningane Norne og Heidrun gasseksport vart godkjent ved kgl. res. 14. april 2000 og omtala i St.prp. nr. 19 (2000-2001). Departementet godkjende 8. oktober 2001 ein avtale mellom rettshavarane i ­Heidrun gasseksport og Norne Gas Transportation System (NGTS) og Åsgard Transport om til­knyting av røyrleidningsystemet Heidrun gass­eksport og NGTS til røyrleidningen Åsgard Transport og overføring av eigedomsrett av endesløyfa i røyr­leidningssystemet frå Heidrun gasseksport og NGTS til Åsgard Transport. SDØE deltek med 55 pst. i NGTS, 64,16 pst. i ­Heidrun gasseksport og 46,95 pst. i Åsgard ­Transport. SDØE sin eigardel av investeringa i røyrsløyfa som vart overført frå NGTS og Heidrun gasseksport er tilsaman 18,93 mill. 2001-kroner.

Fotnoter

1.

Under forenkla myndigheitshandsaming.