3 Andre endringsforslag
Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Auken har samanheng med innkjøp av geofagleg ekspertise knytt til sal av SDØE-eigardelar. Oljedirektoratet koordinerer arbeidet mot dei eksterne konsulentane. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4810, post 02.
Kap. 1820 Norges vassdrags- og energi- direktorat (jf. kap. 4820)
Post 01 Driftsutgifter
Det norske meteorologiske instituttet (DNMI) og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ein samarbeidsavtale for å sikre ei betre utnytting av data og kompetanse hos begge partar for å oppnå ein betre flomvarsel.
NVE betaler DNMI 2,1 mill. kroner pr. år for overføring av data og produkt og dekning av kommunikasjonsutgifter og konsulentutgifter. Som følgje av innføringa av meirverdiavgift på tenester pr. 1. juli 2001 vil NVE få ei årleg meirutgift på 0,5 mill. kroner, og verknaden for 2001 utgjer kr 250 000. Denne meirutgifta blei ikkje omsynteken når ein fastsette verknadene av innføringa av meirverdiavgift på tenester tidlegare i år.
På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1820, post 01 med kr 250 000 i forhold til gjeldande budsjett for 2001.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Det blir foreslått at løyvinga blir redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Endringa har samanheng med reduksjon i internasjonalt utviklingssamarbeid mellom anna med bakgrunn i utsettingar i oppstart av fleire større prosjekter. Utgiftsreduksjonen vil bli motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon over kap. 4820, post 02.
Post 22 Forbygningsarbeider og oppryddingstiltak, kan overføres
Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Endringa har samanheng med auka distriktbidrag frå kommunane. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4820, post 40.
Post 75 Tilskudd til sikringstiltak, kan overføres
I 1982 blei det oppretta sju beredskapslager med transformatorolje, finansierte med statsstøtte og midlar frå 37 involverte kraftselskap. Endringa i beredskaps- og forsyningssituasjonen dei siste 20 åra har ført til at det ikkje lenger er behov for same nivå på beredskapslager med transformatorolje.
Så langt er fire lager avslutta. I 2001 er eit av dei tre lagra avslutta og det er usikkert om dei resterande lagra vil bli avvikla i løpet av 2001. På bakgrunn av oppnådd pris på tidlegare avslutta lagre, har NVE rekna tilbakebetalingane til å utgjere i storleik 0,1-0,2 mill. kroner.
Ein ønskjer å bruke tilbakeføringa av midlar til å gi tilskott til innkjøp av reservemateriell i kraftforsyninga. Derfor ber vi om Stortinget sitt samtykke til å overskride løyvinga under kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat, post 75 Tilskudd til sikringstiltak, mot tilsvarande meirinntekt knytt til avhending av transformatorolje under kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat, post 10, jf. Forslag til vedtak II.
Kap. 1860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4860)
Post 70 Kompensasjon for avvikling av prosjektene i Beiarn, Bjellåga og Melfjord
Gjennom handsaminga i Stortinget av St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen, jf. Innst. S. nr. 263 (2000-2001) og brev frå Olje- og energiministeren til energi- og miljøkomiteen av 21. mai 2001 er det lagt til grunn å kompensere Statkraft for dei økonomiske tapa som er påført føretaket som følgje av instruksjonane om å stanse utbyggingsprosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen skal reknast ut på grunnlag av forventa noverdi av prosjekta, kostnader knytt til utsetjinga av Beiarn prosjektet, og skrinlegging av alle tre prosjekta. I tillegg kjem det rentekostnader fram til tidspunkt for utbetaling av kompensasjon.
Statkraft SF har lagt fram eit krav om økonomisk kompensasjon, basert på føretaket sine eigne føresetnadar for prosjekta, og dokumenterte meirutgifter som føretaket har hatt knytt til dei avvikla prosjekta. Med føresetnad om at kompensasjon blir utbetalt ved utgangen av året, tilseier dette ein kompensasjon på 520 mill. kroner.
I utrekninga av kompensasjonsbeløpet legg departementet til grunn eigne føresetnader om grunnkraftpris og diskonteringsrente. Desse føresetnadene er dei same som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 52 (1998-1999) Om Statkrafts industrikontrakter og leieavtaler.
Dette tilseier ein kompensasjon på 440,6 mill. kroner, med føresetnad om at staten utbetaler kompensasjonen til Statkraft ved utgangen av inneverande år. Av dette utgjer 345,8 mill. kroner noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000. Utgifter Statkraft har hatt sidan 1. juli 2000 utgjer 52,6 mill. kroner og 42,2 mill. kroner er renter fram til utgangen av inneverande år.
Det er lagt til grunn at kompensasjon er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.
I utrekningane av kompensasjonen omtala ovanfor er det ikkje teke omsyn til eventuelle nye moglege krav om kostnadsdekning eller erstatning. Olje- og energidepartementet legg til grunn at slike eventuelle krav, som må vere rettsleg haldbare, blir handtert av Statkraft. Olje- og energidepartementet legg vidare til grunn at Statkraft sjølv må dekkje slike krav innafor ei samla ramme på 1 mill. kroner. Dersom Statkraft sine kostnader blir høgare enn dette, legg Olje- og energidepartementet til grunn at staten kompenserer Statkraft for dei samla utgiftene.
Erstatning til Nordland fylkeskommune
Departementet viser til brev av 21. mai 2001 frå Olje- og energiminsteren til energi- og miljøkomiteen, jf. St.prp. nr. 37 og Innst. S. nr. 263 (2000-2001).
Som det følgjer av kgl.res. av 27. januar 1989 og brev av 8. desember 1989 frå departementet til Statskraftverkene, har Nordland fylkeskommune ein rett til medeigarskap i prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Medeigarskapet gjeld for inntil 20 pst. og inneber at fylkeskommunen kan velje å ta økonomisk del i kvart av dei tre prosjekta når utbygging blir aktuelt. Dersom fylkeskommunen hadde nytta seg av retten til medeigarskap, måtte fylkeskommunen dekt 20 pst. av alle utgiftene knytt til prosjekta, tillagt renter, mot å få disponere 20 pst. av krafta.
Ordninga med medeigarskap til fylkeskommunar er fastsett av Stortinget i plenum, i motsetning til kompensasjon til utbyggingskommunar som følgjer av lov. Det er av denne grunn Stortinget som må avgjere om ordninga med medeigar-skap også skal gjelde når ei utbygging blir skrinlagt.
Olje- og energidepartementet legg til grunn at Nordland fylkeskommune skal ha økonomisk kompensasjon for at fylkeskommunen ikkje får nytta sin rett til medeigarskap i prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen til Nordland fylkeskommune blir rekna på grunnlag av 20 pst. av noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000 tilsvarande 69,2 mill. kroner, trekt frå 20 pst. av Statkraft SF sine utgifter før 1. juli 2000, rentejustert til 1. juli 2000 tilsvarande 12,2 mill. kroner. Til saman utgjer kompensasjonen til Nordland fylkeskommune 62,9 mill. kroner medrekna renter fram til utgangen av inneverande år.
Med føresetnad om at staten utbetaler 440,6 mill. kroner i kompensasjon til Statkraft ved utgangen av inneverande år, må Statkraft difor utbetale 62,9 mill. kroner til Nordland fylkeskommune som kompensasjon for at fylket ikkje kan utøve sin rett til medeigarskap i prosjekta.
I kalkulasjonane av kompensasjonsbeløpet er det lagt til grunn at dette er ei skattepliktig inntekt for Nordland fylkeskommune. Fylkeskommunar er generelt ikkje skattepliktige, men etter skattelova § 2-5 første ledd bokstav a har fylkeskommunar likevel plikt til å svare skatt av «inntekt knyttet til produksjon, omsetning, overføring eller distribusjon av vannkraft». Det kan vere uvisst om ein skal sjå på kompensasjonsbeløpet som ei «inntekt knyttet til produksjon av vannkraft». Omfanget av heimelen for skatteplikt i høve til inntekter som skal kompensere for tap av inntekter knytt til kraft som nemnt, er ikkje særskilt avklåra i lovforarbeida eller i liknings- eller rettspraksis.
Dersom det ved likninga av Nordland fylkeskommune blir lagt til grunn at kompensasjonen ikkje er skattepliktig inntekt, føreset departementet at fylkeskommunen betaler tilbake 28 pst. av kompensasjonsbeløpet til staten, i tillegg til renter frå den datoen skatten ville blitt betalt til den datoen dette beløpet faktisk blir betalt tilbake til staten.
Rødøy kommune – erstatning etter skrinlegging av Melfjord utbygginga
Rødøy kommune har fremja krav om økonomisk kompensasjon på grunn av at utbygginga i Melfjord blei stogga. Kommunen krev ein kompensasjon på 8–10 mill. kroner årleg i heile konsesjonsperioden.
Kravet om kompensasjon har som grunnlag utrekningar Rødøy har gjort over ytingar som kommunen ville fått ved ei utbygging. Det er Rødøy sitt syn at kommunen må få ein del av verdiskapinga, på same måten som Statkraft og Nordland fylkeskommune er gjevne tilsegn om.
Olje- og energidepartementet vil peike på at Rødøy kommune får behalde næringsfondet på 3 mill. kroner for Melfjordutbygginga.
St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen fastsett prinsippa for kompensasjon til Statkraft. Statkraft sin økonomiske kompensasjon har sitt grunnlag i eigarrolla. Fylkeskommunen sin kompensasjon byggjer på ordninga med medeigarskap som Stortinget tidlegare har fastsett.
Kravet frå kommunen har eit anna grunnlag. Ordninga med kompensasjon til kommunar for ikkje-utbygging av vassdrag, som har eksistert sidan 1973, er no under nedlegging. Ordninga blir administrert av Kommunal- og regionaldepartementet. Det er berre kommunar som har søkt om kompensasjon i overgangsperioden som blir vurdert. Søknaden frå Rødøy kommune er ikkje mellom desse. Olje- og energidepartementet har difor fått opplyst at det ikkje er grunnlag for å gje kompensasjon til Rødøy kommune basert på denne ordninga.
Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre noko anna grunnlag for kravet frå kommunen som kan føre fram. Olje- og energidepartementet kan difor ikkje tilrå nokon kompensasjon i tillegg til næringsfondet på 3 mill. kroner.
Post 71 Kompensasjon for langsiktige avtaler med kraftkrevende industri
Departementet viser til St.prp. nr. 52 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 233 (1998-99), kor utvalde industribedrifter blei gjeve tilbod om å inngå langsiktige kraftkontraktar og leigeavtalar med Statkraft på vilkår fastsett av styresmaktene. Vidare blir det vist til St.prp. nr. 1 (2000-2001) der det blei varsla at departementet ville kome tilbake til forslag om kompensasjon til Statkraft når omfanget av nye kontraktar og leigeavtalar er kjent.
Prisvilkåra i St.prp. nr. 52 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 233 (1998-99) tok utgangspunkt i eit prisnivå som ein meinte ville vere oppnåeleg ved forhandlingar om langsiktige kontraktar på forretningsmessige vilkår, redusert for verdien av ytingar industrien må stille til disposisjon. Verdien av desse ytingane vil berre delvis tilfalle Statkraft. Statkraft skal difor få kompensasjon for dei elementa i prisreduksjonen som ikkje tilfell føretaket, utrekna som ein noverdi.
På bakgrunn av dette foreslår departementet at Statkraft blir kompensert med 79,6 mill. kroner. Det er lagt til grunn at staten utbetaler kompensasjonen til Statkraft ved utgangen av inneverande år, og at kompensasjonen er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.
Kap. 2442 Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen
Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning
Tilskott etter fjerningstilskottslova dekkjer staten sin del av fjerningsutgiftene. Fjerningstilskottet blir utbetalt av Olje- og energidepartementet etter krav frå selskapa. For 2001 er det pålaupt 236 mill. kroner som staten må betale i fjerningstilskott. Likevel vil selskapa kun krevje 8,1 mill. kroner i tilskott i 2001. Dette er fjerning som vart gjort i 1999.
På basis av oppdaterte estimat over utbetaling av fjerningstilskott i 2001 blir budsjettposten redusert med 231,9 mill. kroner, frå 240 til 8,1 mill. kroner.
Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490)
Post 24 Driftsresultat
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.01 Driftsinntekter og underpost 24.02 Driftsutgifter blir begge redusert med 6 mill. kroner, frå 42 til 36 mill. kroner. Dei nemnde endringar i underpostar medfører ingen netto endring på post 24 Driftsresultat. Endringane har samanheng med lågare aktivitet enn tidlegare budsjettert.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overføres
Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Endringa har samanheng med større omfang av sal av anleggsmaskiner/-utstyr enn tidlegare budsjettert. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 5490, post 01.
Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Løyvinga over posten blir foreslått auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810, post 21.
Post 04 Salg av undersøkelsesmateriale
Inntektene under posten kjem frå sal av seismisk undersøkelsesmateriale til oljeselskapa. Det er stor tvil knytt til desse salsinntektene. Dei fleste aktørane på norsk sokkel har allereie kjøpt dei seismiske datapakkane som til no er gjort tilgjengeleg (Norskehavet og Barentshavet sør). Inntektene i framtida vil derfor avhenge av sal av geofysiske og geologiske datapakkar i Barentshavet Nord.
Oljedirektoratet har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar, og ein reknar ikkje med at det vil bli selt datapakkar seinare i år heller. Departementet foreslår difor at budsjettoverslaget blir redusert med 10 mill. kroner, til 0 kroner. Dette blei også gjort i budsjettet for 2000, jf. St.prp. nr. 19 (2000-2001).
Post 05 Salg av publikasjoner
Inntektene under posten er knytt til Oljedirektoratet sitt sal av publikasjonar. Inntektene under posten har i dei seinare åra vore redusert som følgje av at stadig fleire publikasjonar er blitt tilgjengelege på CD-rom eller Internett. Dette, saman med at fleire publikasjonar er fjerna for sal, gjer at ein ikkje vil klare å oppnå inntekter i samsvar med gjeldande budsjett på posten i 2001. På bakgrunn av dette blir løyvinga foreslått redusert med 1 mill. kroner, frå 2 til 1 mill. kroner.
Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet
Løyvinga over posten blir foreslått redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1820, post 21.
Post 40 Forbygningsvirksomhet
Løyvinga over posten blir foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1820, post 22.
Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1860)
Post 80 Inntekter fra oppgjørsordningen for utenlandshandelen med kraft
Oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft er knytt til utveksling av kraft mot Sverige, Finland og Russland, jf. St.prp. nr. 37 (1994-95). Inntektene frå ordninga (eksklusive renter) går til å dekkje det akkumulerte underskottet knytt til utanlandshandelen, jf. St.prp. nr. 1 (1996-97). Ordninga blir administrert av Statnett SF.
Inntektene i ordninga omfattar flaskehalsinntekter, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001), Kap. 4860, post 80 og Del V.
I løpet av 2000 var inntektene frå denne ordninga på om lag 100 mill. kroner. Ved utgangen av 2000 var nominelt underskott for utanlandshandelen 16,9 mill. kroner. Flaskehalsinntektene for første halvdel av 2001 var større enn saldoen, og Statnett SF har difor innfridd det akkumulerte underskottet i 2001.
Flaskehalsinntektene skal no inngå som inntekter i sentralnettsordninga, jf. St.prp. nr. 37 (1994-95) og St.prp. nr. 81 (1990-91).
Kap. 5490 NVE Anlegg (jf. kap. 2490)
Post 01 Salg av utstyr m.v.
Løyvinga over posten blir foreslått auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 2490, post 45.
Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet
Post 80 Renter, Statnett SF
I St.prp. nr. 1 (2000-2001) vart det budsjettert med 96 mill. kroner i renteinntekter frå Statnett SF i 2001. Renteinntektene under posten er knytt til Statnetts serielån, som pr. 1. januar 2001 hadde ein saldo på 1,6 mrd. kroner. I samanheng med revidert budsjett 2001 vart budsjetterte inntekter auka med 24 mill. kroner, frå 96 til 120 mill. kroner.
Renteinntektene knytt til lånet er rekna ut med utgangspunkt i renta på ulike statspapir. Lånet er delt opp i fleire transjer/avdrag som kvar for seg er knytt opp mot eit statspapir med ei bestemt bindingstid og kupongrente. Det er opp til Statnett å avgjere kva for eit statspapir den enkelte transjen skal knytast til.
Uvisse rundt Statnett sitt val av statspapir og storleiken på den tilhørande kupongrente, gjer det vanskeleg å gi gode estimat ved budsjetteringstidspunktet.
Pr. i dag reknar ein med renteinntekter for 2001 på 127 mill. kroner, det vil seie 7 mill. kroner høgare enn i revidert budsjett 2001.
På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga for 2001 med 7 mill. kroner, frå 120 til 127 mill. kroner.