4 Lokal behandling
Bompengeselskapet Eiksundsambandet AS har søkt om tillatelse til å kreve inn bompenger for å finansiere utbyggingen av sambandet i brev til vegkontoret i Møre og Romsdal av 11. april 1998.
I brev av 28. mai 1998 tilrådde vegkontoret de berørte kommunene (Ørsta, Volda, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid) å imøtekomme søknaden fra selskapet.
Kommunestyrene i Herøy, Sande, Ørsta, Hareid og Ulstein har alle gått enstemmig inn for prosjektet. Volda kommunestyre har med 29 mot 3 stemmer også gått inn for prosjektet.
Vegkontoret ga i brev av 29. september 1998 tilråding til fylkeskommunen om å godkjenne bompengesøknaden. I sin behandling av saken fattet fylkestinget følgende enstemmige vedtak (sak T-69/98):
Møre og Romsdal fylkesting rår til at Eiksundsambandet AS sin søknad om delvis finansiering av Eiksundsambandet blir godkjent.
Etterskotsbompengane blir kravd inn etter dei reglar som gjeld for fergeavløysingssamband og nivået på bompengane blir rekna ut etter takstane i riksvegfergeregulativet i takstsone 7 i det året Stortinget gjer vedtak om bompengefinansiering.
Møre og Romsdal fylkesting seier seg samd i at bompengar blir kravde inn både frå passasjerar og kollektivtrafikk i rute. Fylkestinget føreset at fylkeskommunen og kommunane får behandle søknaden om takstar og takstsystem i god tid før det faste sambandet opnar. Dersom det viser seg at nye og automatiske system for innkrevjing av bompengar vil vere ei betre løysing, føreset fylkestinget at dette blir vurdert i samband med fastsetjing av takstsystemet.
Møre og Romsdal fylkesting tek til vitande at bompengeperioden er utrekna til å vare 15 år etter opning og skal dekkje om lag 130 millionar kroner av investeringane pluss finansieringskostnader.
Møre og Romsdal fylkesting føreset at det vert løyvd 600 millionar 1998-kroner over statsbudsjettet til prosjektet og at resten blir finansiert ved bompengelån.
Møre og Romsdal fylkesting føreset at ein i samband med utarbeiding av avtalen mellom Vegdirektoratet, fylkeskommunen og bompengeselskapet vil kome attende til fordelinga mellom refusjon på vilkår og fylkeskommunal garanti. Fylkestinget seier i prinsippet seg viljug til å garantere for bompengelånet og å gå inn på ordninga med refusjon på vilkår.
Møre og Romsdal fylkesting ber om at forskottsinnkrevjinga av bompengar vert forlenga fram til opning av det faste sambandet.»