2 Omtale av utbygginga
Prosjektet omfattar bygging av 3,9 km ny veg i dagen mellom Bremsnes og Øksenvågen på Averøya, ein undersjøisk tunnel på omlag 5,7 km mellom Øksenvågen og Kristiansund og 0,6 km ny veg i Kristiansund. Vegdirektoratet har godkjent at tunnelen blir bygd med 10 pst. stigning og forbikjøringsfelt i stigningane.
Atlanterhavstunnelen vil betre kommunikasjonane mellom Averøya og Kristiansund og dermed styrke Kristiansund som regionsenter. Ferjesambandet er eit utprega lokalsamband. Ei undersøking av trafikken sommaren 2000 viste at heile 96 pst. av trafikken hadde kommunane Averøy, Kristiansund eller Frei som start- eller sluttpunkt for reisa. Dagens ferjesamband har ikkje nattferje, og dette gjer det vanskeleg for innbyggjarane på Averøya å nytte seg av ulike tilbod i Kristiansund på kveldstid, inkl. flytilbodet ved Kristiansund lufthamn.
I arbeidet med hovudplanen for prosjektet blei både tunnel- og bruløysingar vurderte. Brualternativet var om lag 200 mill. kr dyrare enn tunnelalternativet og blei derfor forkasta. Reguleringsplanane for Atlanterhavstunnelen blei vedtekne av kommunestyret i Averøy 8. september 2003 og kommunestyret i Kristiansund 18. juni 2002. I løpet av planprosessen er veglinja justert for å finne ei løysing som er tilfredsstillande ut frå omsynet til kulturminne mellom Bremsnes og Øksenvågen. Bomstasjonen inngår i reguleringsplanen for den delen av prosjektet som ligg i Averøy kommune.
Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 635 mill. kr og ei kostnadsramme på 665 mill. kr. Etablering av bomstasjon inngår i kostnadene for prosjektet. Alle beløp i proposisjonen er oppgitt i 2005-kr, med mindre noko anna er sagt.
Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag -46 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til -0,1, og internrenta er rekna til 6 pst. Dei viktigaste nyttefaktorane er redusert reisetid saman med bortfall av ferjekostnader og ulemper ved å bruke ferje.