St.prp. nr. 28 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

3 Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling

Atlanterhavstunnelen AS søkte i brev av 16. juli 2002 om løyve til delvis bompengefinansiering av Atlanterhavstunnelen. Prosjektet var elles føresett finansiert gjennom lokale tilskot og alternativ bruk av ferjetilskot. Den lokalpolitiske behandlinga av søknaden blei sluttført ved at Møre og Romsdal fylkeskommune tilrådde søknaden i møte i fylkestinget 15. oktober 2002. Etter at bompengesøknaden var behandla lokalt, viste det seg at nokre av føresetnadane i søknaden ikkje var i samsvar med sentrale retningslinjer. Dette gjaldt mellom anna måten alternativ bruk av ferjetilskot var rekna ut på.

Statens vegvesen la derfor eit revidert forslag til finansieringsplan for prosjektet fram for lokalpolitisk behandling. Kommunane i området har slutta seg til forslaget i møte i kommunestyra i Frei og Averøy 16. november 2004 og i Kristiansund 30. november 2004.

Møre og Romsdal fylkeskommune har slutta seg til forslaget gjennom følgjande vedtak i møte i fylkestinget 15. desember 2004:

  • «1. Fylkestinget viser til søknaden frå Atlanterhavstunnelen AS av 16. juli 2002. Fylkestinget rår til at søknaden med dei endringane som endra føresetnader har ført til, blir godkjent.

  • 2. Fylkestinget legg til grunn følgjande finansieringsplan:

    Investeringskostnad:590 mill. 2003-kr
    Inntekter:
    Bompengar:450 mill. 2003-kr
    Kommunale rentefrie ­lån/tilskot:122 mill. 2003-kr
    Alternativ bruk av ferje­tilskot:18 mill. 2003-kr
  • 3. Det er mogleg å endre postane i finansieringsplanen. Dette kan skje etter nærare avtalar mellom Statens vegvesen, kommunane og Atlanterhavstunnelen AS.

  • 4. Takstnivået på forskotsinnkrevjinga av bompengar skal setjast som eit tillegg til den til ein kvar tid gjeldande takst i riksregulativet for ferjesambandet Kristiansund-Bremsnes på 3 soner. På det faste sambandet skal takstnivået setjast slik at kjøretøy og personar i gjennomsnitt får eit påslag i taksten på 30 prosent samanlikna med ferjetaksten. Alle trafikantane skal betale bompengar etter dei til ein kvar tid gjeldande reglene for takst- og rabattsystem i bompengeprosjekt. Det er ein føresetnad at passasjerar i kjøretøy og kollektivtransport i rute skal betale. Møre og Romsdal fylke aksepterer at det vert lagt opp til ein periode på 20 år med etterskotsbompengar. Takstane skal vidare aukast og/eller bompengeperioden forlengjast i samsvar med regelverket om økonomien i prosjektet skulle svikte. Endeleg takstfastsetjing vil bli behandla som eiga sak.

  • 5. Dersom økonomien i prosjektet skulle bli betre enn føresett, skal innsparinga fordelast mellom trafikantane som får kortare bompengeperiode og kommunane som får delar av det kommunale tilskotet attende.

  • 6. Møre og Romsdal fylke er positiv til å stille simpel garanti for dei låna som Atlanterhavstunnelen AS tek opp. Dette må leggjast fram som eiga sak for fylkestinget når garantisum og garantitid er klarlagt.»

I forslaget til handlingsprogram for øvrige riksvegar i Møre og Romsdal for perioden 2006-2015 gjekk Statens vegvesen inn for å setje av 30 mill. kr i statlege midlar til Atlanterhavstunnelen i siste del av tiårsperioden. Ved behandlinga av handlingsprogrammet i møte i fylkestinget 19. april 2005 blei det fatta følgjande vedtak:

«Fylkestinget viser til saksframlegget, men vil ikkje på noverande tidspunkt foreslå eit statleg tilskot til prosjektet (Rv 64 – Atlanterhavstunnelen). Men – dersom statlege styresmakter ved behandlinga av Stortingsproposisjonen krev det, vil fylkestinget kome tilbake til saka, og er da budd på å finne ei løysing.»

Samferdselsdepartementet har i brev til Møre og Romsdal fylkeskommune av 15. august 2005 gjort merksam på at Kommunal- og regionaldepartementet skal godkjenne fylkeskommunale garantiar før saka kan fremjast for Stortinget. Vidare blei det gjort merksam på at eventuelle statlege midlar ut over ferjetilskot til prosjektet skal vere prioriterte i handlingsprogrammet. I møte i fylkesutvalet 29. august 2005 blei det fatta følgjande vedtak:

  • «1. Møre og Romsdal fylke garanterer med simpel garanti for dei nødvendige låna som Atlanterhavstunnelen AS tek opp for finansiering av prosjektet Atlanterhavstunnelen.

  • Garantien gjeld for hovudstolen av lånet, maksimalt 577 mill. kr med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle påløpte renter. Lånet kan ikkje overstige 635 mill. kroner. Garantiansvaret blir redusert i takt med nedbetalinga av lånet og opphøyrar etter 28 år med tillegg av inntil 2 år, jfr. § 6 i garantiforskriftene.

  • 2. Møre og Romsdal fylke ser det no nødvendig at det blir sett av statlege midlar til prosjektet. Møre og Romsdal fylke går inn for å setje av 35 mill. kr frå fylkesfordelt ramme til Møre og Romsdal til prosjektet i 2010. Konsekvensane dette får for handlingsprogrammet blir å vurdere i samband med handlingsprogrammet for 2010-2019.

  • Møre og Romsdal fylke går også inn for at det blir sett av 30 mill. kr som «betinga» refusjon, som kan bli utløyst i perioden 2010-2013.

Vedtaket er fatta med heimel i §13 i Kommunelova etter fullmakt frå fylkestinget i sak T-65/92.»