3 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)
Post 24 Statens vegvesens produksjon
Kap. 1320 Statens vegvesen, post 24 Statens vegvesens produksjon, blei avslutta pr. 31. desember 2002 pga. etableringa av Mesta AS frå 1. januar 2003. Statsrekneskapen for 2002 for post 24 viste i utgangspunktet ei meirutgift på kr 241 740 742. Handsaminga av meirutgifta på post 24 for 2002 er omtalt i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003), der det m.a. står:
«Departementet ser det som naturlig at det skjer en avregning mellom post 24 og postene 23 og 30 i 2002, slik at post 24 styres mot avkastningskravet i statsbudsjettet for 2002. Dersom det skulle oppstå et større underskudd på post 24 i 2002, vil dette redusere disponibel ramme for postene 23 og 30 i 2003. Dette vil kunne få konsekvenser i forhold til planlagt gjennomføring av prosjekter samt redusert aktivitet innen drift og vedlikehold.»
På denne bakgrunn blei meirutgifta på kr 241 740 742 delt med kr 147 140 394 på post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald og kr 94 600 348 på post 30 Riksveginvesteringar. Delinga mellom post 23 og 30 byggjer på den omsetnaden produksjon hadde mot desse postane i 2002.
Hovudårsaka til meirutgifta på post 24 er rekneskapsmessige forhold knytte til etableringa av Mesta AS. Noko gjeld også underskot i arbeid utført for fylkeskommunane for 2002. Staten hadde til saman eit krav på 40 mill. kr mot 12 fylkeskommunar. På den andre sida hadde fire fylkeskommunar eit krav på 7 mill. kr mot Statens vegvesen som vegvesenet har betalt.
Praksis har vore at underskot frå tidlegare år skulle dekkjast inn over tre år ved justering av prissetting i Statens vegvesens produksjonsavdeling. Då produksjonsrekneskapen blei endeleg avslutta i 2002, fall dette prinsippet bort.
Samferdselsdepartementet vil be dei 12 fylkeskommunane å betale underskotet på til saman 40 mill. kr til Statens vegvesen. Departementet vil utarbeide ein tilbakebetalingsplan.
Post 30 Riksveginvesteringar
I samband med statsbudsjettet for 2003 blei det løyvd midlar til kollektivtrafikktiltak til Hordaland over kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar. Fylkeskommunen ønskjer å disponere 4,75 mill. kr av desse midlane til driftstilskot for utvida ruteproduksjon på stamrutenettet i Bergen. Statens vegvesen ønskjer på si side at midlane skal disponerast til ny terminal på Frekhaug og busshaldeplassar på rv 555 i Fjell sentrum. Fylkeskommunen og vegvesenet er elles samde i disponeringa av kollektivmidlane.
Etter ei samla vurdering går Samferdselsdepartementet inn for at kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, blir belasta med 4,75 mill. kr i 2003 som eit driftstilskot for utvida ruteproduksjon på stamrutenettet i Bergen. Bruk av desse midlane til vidareføring av utvida ruteproduksjon må sjåast på som eit ekstraordinært tiltak i eit enkeltståande år. Prioriteringar av bruken av slike midlar vil med forsøket med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet i Bergen måtte gjerast av Bergen kommune i samarbeid med Hordaland fylkeskommune f.o.m. 2004.
Kap. 4321 Avslutting av produksjonsverksemda i Statens vegvesen
Post 70 Overdraging av eigedelar til selskapet
Det er i opningsbalansen for Mesta AS sett av midlar for skattetrekk i november og desember 2002 for tilsette som blei førte over til Mesta frå produksjonsverksemda i Statens vegvesen, basert på at selskapet skulle betale dette i 2003. Hausten 2002 satte likevel på vanleg måte Statens vegvesen av midlar til skattetrekk og betalte det i januar 2003. Mesta AS skal derfor gjere opp for den avsetjinga som er gjort for dette i opningsbalansen.
Statens vegvesens betaling av skattetrekket i 2003 har ikkje hatt konsekvensar for vegvesenets aktivitet og budsjett i 2003.
I samsvar med opningsbalansen er det likevel ikkje tvil om at Mesta AS skal betale dette beløpet. Samferdselsdepartementet foreslår at innbetalinga av skattetrekket frå Mesta AS på 67 mill. kr blir budsjettert på kap. 4321, post 70. Løyvinga på denne posten blir dermed auka frå 300 mill. kr til 367 mill. kr.
Kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 91 Lån
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) blei det foreslått å tilføye stikkordet «kan overførast» på post 91 Lån, slik at eit eventuelt lågare trekk enn den årlege løyvinga til lån til Svinesundsforbindelsen AS kan overførast til påfølgjande år. I Innst. S. nr. 260 (2002-2003) er ikkje dette stikkordet tilføydd løyvinga på posten. Departementet går ut frå at dette er ein feil og foreslår at stikkordet «kan overførast» blir tilføydd løyvinga på kap. 1322, post 91 Lån.
Post 92 Kapitaliserte renter
Løyving til kapitaliserte renter det enkelte år for lånet til Svinesundsforbindelsen AS vil vere eit overslag, basert m.a. på marknadsrente på statspapir. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2003 blei det løyvd 12 mill. kr til kapitaliserte renter på ein ny post 92, jf. St.prp. nr. 65/Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Utviklinga i rentemarknaden fører til at dei kapitaliserte rentene blir lågare enn venta. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 1322, post 92 Kapitaliserte renter, blir redusert med 4 mill. kr, frå 12 mill. kr til 8 mill. kr.
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) blei det foreslått å tilføye stikkordet «overslagsløyving» på post 92. I Innst. S. nr. 260 (2002-2003) er ikkje dette stikkordet tilføydd løyvinga på posten. Departementet går ut frå at dette er ein feil og foreslår at stikkordet «overslagsløyving» blir tilføydd løyvinga på kap. 1322, post 92 Kapitaliserte renter.