St.prp. nr. 29 (2003-2004)

Om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

I

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
1322Svinesundsforbindelsen AS
92Kapitaliserte renter, overslagsløyving,blir redusert med4 000 000
frå kr 12 000 000 til kr 8 000 000
1350Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
23Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir redusert med20 000 000
frå kr 2 969 603 000 til kr 2 949 603 000
25Drift og vedlikehald av Gardermobanen, kan overførast,blir auka med10 000 000
frå kr 70 700 000 til kr 80 700 000
1352 (ny)Flytoget AS
96Eigenkapital, blir løyvd med300 000 000
1355 (ny)BaneService
70Tilskot til drift0
96Eigenkapital, blir løyvd med100 000

Inntekter:

Kap.PostFormålKroner
4321Avslutting av produksjonsverksemda i Statens vegvesen
70Overdraging av eigedelar til selskapet, blir auka med67 000 000
frå kr 300 000 000 til kr 367 000 000
5618Innskotskapital i Posten Norge AS
80Utbyte, blir redusert med54 000 000
frå kr 54 000 000 til kr 0
5619Oslo Lufthavn AS
80Renter, blir redusert med29 100 000
frå kr 463 000 000 til kr 433 900 000
5671Renter og utbyte frå BaneTele AS
81Utbyte, blir redusert med16 000 000
frå kr 16 000 000 til kr 0

II

Stortinget samtykkjer i at:

  1. stikkordet «kan overførast» blir tilføydd løyvinga under kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS, post 91 Lån, i statsbudsjettet for 2003.

  2. stikkordet «overslagsløyving» blir tilføydd løyvinga under kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS, post 92 Kapitaliserte renter, i statsbudsjettet for 2003.

  3. Samferdselsdepartementet i 2003 kan utgiftsføre utan løyving driftsutgifter som gjeld interimselskapet for BaneSevice på kap. 1355 BaneService, post 70 Tilskot til drift, mot tilsvarande innsparing under kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30.