4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
Post 23 Drift og vedlikehald
Det er behov for å auke løyvinga til drift og vedlikehald av Gardermobanen, jf. omtale under post 25. På denne bakgrunn og av budsjettmessige omsyn, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med til saman 20 mill. kr, frå kr 2 969 603 000 til kr 2 949 603 000. Samferdselsdepartementet legg opp til at Jernbaneverket kan avgjere omdisponeringar på posten.
Post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen
Løyvinga til drift og vedlikehald av Gardermobanen skal dekkjast opp av innbetaling av køyrevegsavgift på kap. 4350, post 07 Betaling for bruk av Gardermobanen, jf. St.prp. nr. 52/Innst. S. nr. 237 (1999-2000). Ved handsaminga av St.prp. nr. 65/Innst. S. nr. 260 (2002-2003) blei løyvinga på kap 1350, post 25 og kap. 4350 post 07, redusert til 70,7 mill. kr, basert på venta trafikk på Gardermobanen i 2003 og avgifta som var fastsett for bruken av banen på 16,30 kr pr. togkm.
Samferdselsdepartementet legg framleis til grunn at drift og vedlikehald av Gardermobanen skal dekkjast av kjørevegsavgifta for bruk av banen i samsvar med føresetnaden i St.prp. nr. 52 (1999-2000). Av ymse grunnar kan utgiftene til drift og vedlikehald av banen variere frå år til år. Avgifta skal dekkje kostnadene til drift og vedlikehald av banen. Løyvinga på kap 1350, post 25, er for lita til å oppretthalde eit nødvendig nivå på drift og vedlikehald av Gardermobanen i 2003. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen, med 10 mill. kr, frå 70,7 mill. kr til 80,7 mill. kr.
Eigenkapital til Flytoget AS
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2/Budsjett-innst. S. nr. 13 Tillegg nr. 3 (2002-2003) vedtok Stortinget å overføre eigarskapet til Flytoget AS frå NSB AS til staten ved Samferdselsdepartementet frå og med 1. januar 2003. Ein konsekvens av overføringa var at selskapet måtte refinansiere i den private lånemarknaden dei låna det hadde i NSB-konsernet. Det viste seg at selskapet fekk store vanskar med å refinansiere låna sine. Berre Den Norske Bank ASA (DnB) var villig til å inngå ei låneavtale med selskapet. På grunn av den låge eigenkapitalen i selskapet var DnB likevel ikkje villig til å inngå ei langsiktig låneavtale med selskapet.
Flytoget underteikna 23. desember 2002 ei kortsiktig låneavtale med DnB på eitt år på til saman 950 mill. kr. DnB stilte som eit krav for å forlengje låneavtala ut over eitt år at selskapet fekk auka sin eigenkapital med 250 mill. kr i 2003. Utan den kortsiktige låneavtala ville selskapet ikkje ha vore betalingsfør. På denne bakgrunn søkte styret i Flytoget Samferdselsdepartementet om auka eigenkapital på 250 mill. kr saman med eit ansvarleg lån på 145 mill. kr.
Flytoget sine sonderingar i lånemarknaden dette året viser at bankane framleis ikkje er villige til å yte lån til selskapet utan at det blir gjort noko med den finansielle situasjonen i selskapet. I 2002 hadde Flytoget eit driftsresultat før avskrivingar på 86 mill. kr og ein negativ kontantstraum frå drifta på 19 mill. kr. I følgje bankane er dette ikkje godt nok i forhold til eit lån på 950 mill. kr.
Det er viktig å leggje tilhøva til rette slik at Flytoget kan få på plass ei langsiktig finansieringsløysing med ein tilfredsstillande eigenkapital. Forslaget om meirverdiavgift på persontransport med 6 pst. utgåande avgift, at el-avgifta blir teken bort og den positive utviklinga i rentemarknaden, vil medverke positivt til Flytoget sitt driftsresultat i åra som kjem. Dette har likevel liten verknad på den finansielle situasjonen i selskapet på kort sikt og behovet for auka eigenkapital. Regjeringa legg derfor opp til at selskapet får tilført ny eigenkapital frå staten med 300 mill. kr. Auka eigenkapital gjer det mogleg for Flytoget å kunne forlengje/refinansiere låna sine.
Eigenkapitaltilføringa vil bli følgd opp ved krav til marknadsmessig avkasting på eigenkapitalen i selskapet. Nytt reknestykke med utgangspunkt i Flytoget sin langtidsplan for 2003-2007 viser at selskapet vil kunne få overskot i 2005, og at avkastinga på eigenkapitalen vil kunne bli tilfredsstillande i løpet av fem år.
Regjeringa går ikkje inn for å godta søknaden om eit ansvarleg lån på 145 mill. kr, då det er viktig å halde fast på prinsippet om at Flytoget skal ta opp låna sine i den private lånemarknaden. Dette vil gi ei tett oppfølging frå lånegivar og auka kapitaldisiplin i selskapet. Det er også av betyding at ei kapitaltilføring ikkje blir av ein slik storleik at ho svekkjer fokuset selskapet skal ha på kostnadseffektiv drift.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å løyve 300 mill. kr på nytt kap. 1352 Flytoget AS, post 96 Eigenkapital.
Omdanning av BaneService i Jernbaneverket til aksjeselskap - oppretting av interimselskap
Jernbaneverket har organisert det tyngre vedlikehaldet og anleggsverksemda knytt til sporarbeid i den interne forretningsverksemda BaneService. BaneService blei oppretta i 1992 og har konkurranse frå private entreprenørar. For å sikre mest mogleg like konkurransevilkår og for å leggje tilhøva til rette for arbeidet med effektivisering av Jernbaneverket, foreslår Regjeringa at det blir arbeidd med å omdanne BaneService til eit statleg eigd aksjeselskap. Regjeringa tek sikte på å omdanne BaneService til aksjeselskap 1. juli 2004. Det vil også bli arbeidd med sikte på å selje verksemda på eit seinare tidspunkt.
I første omgang foreslår Samferdselsdepartementet å opprette eit interimselskap med ein aksjekapital på 100 000 kr. Selskapet skal ikkje ha tilsette eller andre eigedelar. Formålet med eit interimselskap er å leggje tilhøva til rette for at omdanninga kan gjerast enklare, og at selskapet etter omdanninga blir operativt frå første dag. Styret for interimselskapet skal lage ein strategiplan for selskapet som kan leggjast til grunn for BaneService som aksjeselskap. Det vil vere behov for midlar til å dekkje utgifter i interimsperioden t.d. godtgjersler av ymse slag og konsulentutgifter. Samferdselsdepartementet kan ikkje no talfeste desse utgiftene og foreslår derfor at departementet får fullmakt til å utgiftsføre driftsutgifter for interimselskapet på nytt kap. 1355 BaneService, post 70 Tilskot til drift, mot tilsvarande innsparing under kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald. Dei faktiske utgiftene vil departementet kome tilbake til i samband med forslag om å omdanne BaneService til aksjeselskap, eller seinast i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004. Departementet foreslår også å løyve 100 000 kr i eigenkapital til interimselskapet på kap. 1355, post 96 Eigenkapital.
Kap. 5671 Renter og utbyte frå BaneTele AS
Post 81 Utbyte
Det er for 2003 løyvd 16 mill. kr på Samferdselsdepartementets kap. 5671, post 81 Utbyte. Eigarskapet til BaneTele AS blei 20. desember 2002 overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. Dette medfører at eventuell innbetaling i 2003 av utbyte frå BaneTele AS vil bli inntektsført på kap. 5656 Aksjer i selskap under Nærings- og handelsdepartementets forvaltning. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 5671, post 81 Utbyte, med 16. mill kr, frå 16 mill. kr til kr 0.