3 Avgjerd i EØS-komiteen
I følgje avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juni 2002 skal det i vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala gjerast følgjande endringar:
Artikkel 1 nr. 1 slår fast at under punkt 30 i vedlegg IX til EØS-avtala skal nye strekpunkt lyde: «32 001 L 0107: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/107/EF av 21. januar 2002 (TEF L 41 av 13.2.2002, s. 20) og 32 001 L 0108: Europaparlaments-og rådsdirektiv 2001/108/EF av 21. januar 2002 (TEF L 41 av 13.2.2002, s. 35).»
Artikkel 1 nr. 2 slår fast at det i punkt 16a punkt b) fjerde leddet (europaparlaments- og rådsdirektiv 97/5/EF) i vedlegg IX til EØS-avtala skal leggjast til: «endra ved direktiv 2001/108/EF».
Artikkel 2slår fast at direktiva 2001/107/EØF og 2001/108/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjorde i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal gjelde.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 13. juli 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.