Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlegg til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 om endring av vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala ved innlemming av direktiv 2001/107/EF (reglar for forvaltingsselskap og forenkla prospekt) og direktiv 2001/108/EF (investeringar gjort av investeringsføretak) av 21. januar 2002.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 om endring av vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2001/107/EF (reglar for forvaltingsselskap og forenkla prospekt) og direktiv 2001/108/EF (investeringar gjort av investeringsføretak) av 21. januar 2002, i samsvar med eit vedlagt forslag.