1 Bakgrunn
EØS-komiteen vedtok 26. september 2003 å endre vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF av 9. desember 2002 om forsikringsmekling. Føremålet med direktivet er å opne for at alle forsikringsmeklarar skal kunne drive grensekryssande verksemd eller etablere filial innan EU-området, og dessutan å fastsetje krav til meklarverksemda.
Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26, 2. leddet i Grunnlova, jf. artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.