Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling, i samsvar med eit vedlagt forslag.