2 Nærmare om direktivet
Direktivet kjem i staden for rådsdirektiv 77/92/EØF og kommisjonsrekommandasjon 92/48 om forsikringsmeklarar, som begge er ein del av EØS-avtala. Etter direktivet tyder «forsikringsmekling» verksemd som inneber å leggje fram, gjere framlegg om eller utføre anna førebuande arbeid i samband med inngåing av forsikringsavtaler, eller å inngå slike avtaler, eller å medverke til forvaltinga og gjennomføringa av slike avtaler, særleg i samband med eit skadetilfelle. Ved dette blir verkeområdet til direktivet svært utvida i høve til gjeldande direktiv og rekommandasjon, og vil no dekkje fleire typar mellommannsverksemd enn forsikringsmekling i ei snever tyding, mellom anna agentar, underagentar, multiagentar, forsikringsrådgjevarar og andre distribusjonskanalar for forsikring. Direktivet vil mellom anna omfatte bankar som sel forsikring, og bilforhandlarar og reisebyrå som sel forsikring som dekkjer ansvarsrisiko. Direktivet omfattar òg mekling av reassuranse (gjenforsikring). Omgrepet forsikringsmekling blir i det følgjande nytta til å dekkje alle dei ulike typane mellommannsverksemd som er omfatta av verkeområdet til direktivet.
Direktivet opnar for at alle forsikringsmeklarar skal kunne drive grensekryssande verksemd eller etablere filial innanfor EU-området på grunnlag av prinsippet om ymsesidig godkjenning av heimlandstilsyn («European Passport»). Med eit slikt «pass» er det tilstrekkeleg med melding til ei tilsynsstyresmakt eller eit godkjent organ om grensekryssande verksemd eller etablering av filial.
Alle juridiske personar som driv slik verksemd som fell inn under verkeområdet til direktivet, skal registrerast. Registreringa skal gjerast av eit offentleg styresmaktsorgan, eit organ som er godkjent av nasjonal rett eller av eit offentleg styresmaktsorgan, som uttrykkeleg er gjeve fullmakt i nasjonal lovgjeving. Direktivet opnar for at forsikringsselskapa kan registrere personar som formidlar forsikringar på vegner av eitt eller fleire forsikringsselskap, og som handlar på desse sitt ansvar. Det vil vere mogleg å skipe fleire register, men i så fall må det skipast ein felles kontaktstad.
Direktivet set som vilkår at det òg skal førast tilsyn med registrerte forsikringsmeklarar. Desse skal til kvar tid oppfylle vilkåra for registrering, og dei skal fjernast frå lista dersom dei ikkje oppfyller vilkåra. Medlemsstatane skal sikre at forsikringsselskapa berre nyttar seg av meklarar som er registrerte. Det skal òg utarbeidast eit sanksjonssystem overfor meklarar som utøver mellommannsverksemd utan å vere registrerte, som er registrerte utan at dei oppfyller dei føresegnene som er fastsette i nasjonal rett for å oppfylle krava i direktivet, og forsikringsselskap som nyttar seg av meklarar som ikkje er registrerte.
I direktivet er det fastsett krav til faglege kvalifikasjonar hjå forsikringsmeklarar, ved at desse skal ha høveleg kunnskap og kompetanse slik det er fastsett av heimstaten til formidlaren. Vidare skal forsikringsmeklarar ha god vandel og ikkje vere under konkursbehandling.
Det blir stilt krav til at forsikringsmeklarar skal ha ein yrkesansvarsforsikring eller annan tilsvarande garanti for å kunne dekkje erstatningskrav som følgje av aktløyse frå meklaren. Vidare stiller direktivet krav om tilstrekkeleg finansiell kapasitet for meklarverksemda. Direktivet opererer med fire alternative metodar som kvar for seg er tilstrekkelege. Alternativa er at pengar som er betalte frå kunden til meklaren, skal handsamast som om dei er betalte direkte til forsikringsselskapet, og at pengar som forsikringsselskapet har betalt gjennom meklar, først skal reknast som betalte til kunden når denne faktisk mottek summen, eller krav om finansiell kapasitet på 4 prosent av årleg netto opptent meklarprovisjon, minst 15 000 euro, eller krav om at pengane til kunden skal overførast gjennom strengt åtskilde klientkontoar, eller krav om etablering av et garantifond.
Direktivet stiller krav til informasjon fra forsikringsmeklaren til kunden, mellom anna om forsikringsmeklaren har ei avtalemessig plikt til å drive mekling berre med eitt eller med fleire forsikringsføretak. Det blir òg stilt krav til korleis informasjonen skal gjevast. I direktivet er det vidare fastsett at det skal vere høve for kundar og andre partar som det gjeld, særleg forbrukarsamanslutningar, til å klage på forsikringsmeklarar. Gjennomføringsfristen for direktivet er 15. januar 2005.