1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor innlemma i EØS-avtala.
Ettersom gjennomføring av direktivet i norsk rett krev lovendring er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 105/2005 og direktiv 2003/98/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.