4 Tilhøvet til norsk rett
Direktivet gjer det naudsynt med visse endringar i norsk rett. Justisdepartementet har teke med gjennomføringa av direktivet i arbeidet med oppfølginga av NOU 2003: 30 «Ny offentlighetslov». Dei lovendringane som er naudsynte for gjennomføringa av direktivet, er såleis vortne fremja i framlegget til ny offentleglov, jf. Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), som er fremja på nytt i Ot.prp. nr. 9 (2005-2006).
Som ei følgje av at direktivet vert innlemma i EØS-avtala, er det gjort framlegg om lovfesting av forbodet mot diskriminering mellom ulike aktørar når det gjeld vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, lovfesting av forbodet mot einerettsavtaler, innføring av rett til å krevje kopi av dokument i alle eksisterande format og språkversjonar og innføring av rett til å krevje elektronisk kopi dersom det er mogleg og føremålstenleg. Vidare vert det innført ei plikt til å opplyse om kven som er rettshavar når det vert gjeve tilgang til informasjon som det knyter seg immaterielle rettar til, og det vert innført eit øvre pristak når det vert gjeve tilgang til informasjon. Eventuelle standardlisensar for vidarebruk skal vere tilgjengelege i digitalt format og skal kunne handsamast elektronisk.