2 Omtale av utbygginga
Det har vore arbeidd med planar om eit fast vegsamband mellom Finnøy og Rennesøy sidan 1980-talet, spesielt i samband med arbeidet med Transportplan for Ryfylke som blei godkjent i 1987. Transportplanen inneheldt eit nett av bruer og tunnelar som skulle knyte fleire av øyane i Finnøy kommune til Rennesøy og vidare til fastlandet gjennom fastlandssambandet til Rennesøy (Rennfast) som blei opna for trafikk i 1992.
Fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke 2002-2011 blei godkjent i 2002. Finnfast inngår som eit element i «Ryfylkepakken» som er ein samla strategi for å løyse transportutfordringane i Ryfylkeregionen, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003), side 14-16. Konsekvensutgreiinga for prosjektet blei godkjent i 2001, og reguleringsplanen blei godkjent i 2003 (Finnøy kommune) og 2004 (Rennesøy kommune). Bomstasjonen inngår i reguleringsplanen for prosjektet.
Prosjektet omfattar bygging av ein 5,7 km lang undersjøisk tunnel mellom Hanasand og Ladstein med ein 1,5 km lang tilknytingsveg i tunnel til Talgje. I tillegg kjem om lag 1,2 km tilførselsvegar for påkopling til eksisterande vegnett. Hovudtunnelen vil ha eitt løp med to kjørefelt, medan tunnelløpet mot Talgje vil ha eitt løp med eitt kjørefelt og møteplassar. Tilknytingsvegen blir klassifisert som fylkesveg. Maksimum stigning er 9 pst. i hovudtunnelen og 10 pst. i sidetunnelen. Største djupn er 200 m under havet.
På lengre sikt vil det vere behov for opprusting av vegsystemet på Finnøy. Dette vil eventuelt bli gjennomført som eit eige prosjekt med eiga finansiering.
Finnøy kommune har om lag 2 800 innbyggjarar, busette på 16 øyar. På Finnøy som er den største øya med om lag 1 500 innbyggjarar, ligg kommunesentret Judaberg. På Talgje bur det om lag 170 personar. Prosjektet vil gi innbyggjarane på desse to øyane ferjefritt vegsamband med fastlandet. Reisetida med bil mellom Judaberg og Hanasand vil bli redusert frå om lag 50 minutt (inkl. ventetid) til om lag 10 minutt. Total reisetid mellom Judaberg og Stavanger med bil vil tilsvarande bli redusert med om lag 40 minutt, frå om lag 1 time og 15 minutt (inkl. ventetid) til om lag 35 minutt.
I tillegg til fleire ferjesamband er det eit omfattande hurtigbåttilbod frå Ryfylke mot Stavanger. Prosjektet vil kunne medverke til effektivisering av ferje- og hurtigbåtdrifta i Ryfylke. Pendlarane vil få kortare reisetid og ein utvida arbeidsmarknad. For næringslivet i området vil prosjektet medverke til auka konkurranseevne. Spesielt havbruksnæringa framhevar at prosjektet er viktig.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003), jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 Tillegg nr. 2 (2002-2003), gav Stortinget løyve til å krevje inn forskotsbompengar på kjøretøy i Søndre Finnøysamband for å finansiere den vidare planlegginga av Finnfast. Bompengeselskapet Finnfast AS blei oppretta i samband med førebuinga av saka. Innkrevjinga starta 1. februar 2003 og blei avslutta 31. juli 2005, dvs. etter 2 års innkrevjing. Basert på førebelse rekneskapstal er inntektene totalt 8,5 mill. kr. Det er lagt inn 8 mill. kr til planlegging i kostnadsoverslaget for prosjektet. Inntektene ved denne innkrevjinga er derfor rekna med i finansieringsplanen.