St.prp. nr. 38 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av riksveg 519 Fastlandssamband til Finnøy (Finnfast) i Rogaland, med tilknyting til Talgje (fylkesveg 606)

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte sommaren/hausten 2006, med fullføring i 2009. Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

  • Innsparte ferjetilskot

  • Bompengar

  • Ordinære statlege midlar

Ved den lokale behandlinga er det gjort framlegg om at restlånet til bompengeselskapet Tungenes Ferjeterminal AS på 16,7 mill. kr skal inngå i finansieringa av Finnfast i staden for at midlane blir tilbakeført til staten.

Stortinget løyvde i 1991 30,0 mill. kr i sysselsetjingsmidlar til Rennfast-prosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (1991-92). Føresetnaden er at løyvinga skulle vere eit rentefritt lån som blei refundert når Tungenes Ferjeterminal AS har nedbetalt den resterende gjelda. Ved Stortinget si behandling av St.prp. nr. 60 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 246 (1999-2000), fekk bompengeselskapet løyve til å forskottere inntil 13,3 mill. kr til brannsikring av Rennfasttunnelane (Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen på E39). Det blei føresett at summen skal betalast tilbake, utan kompensasjon for renter og prisstigning, ved at gjelda på 30 mill. kr som bompengeselskapet har til staten blir redusert tilsvarande.

Regjeringa har imidlertid ikkje slutta seg til framlegget om at restlånet på 16,7 mill. kr skal inngå i finansieringa av Finnfast. I finansieringsplanen er denne summen føresett finansiert gjennom ekstra innkrevjing av bompengar i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune. Dette er i samsvar med fylkeskommunen si alternative løysing, jf. kapittel 5.2.

5.1 Innsparte ferjetilskot

Ferjesambandet Hanasand – Ladstein/Judaberg – Nedstrand – Jelsa er komplisert og omfattar eit søndre og eit nordre samband. Den søndre delen utgjer sambandet med «fastlandet» (Rennesøy) for øyane Finnøy, Fogn og Talgje og blir trafikkert av ei ferje. Den nordre delen inngår som eit viktig ledd i internkommunikasjonen i Finnøy kommune, men er også eit samband mellom Finnøy og områda på nordsida av Nedstrandsfjorden; Nedstrand i Tysvær kommune og Hebnes og Jelsa i Suldal kommune. Det nordre sambandet blir trafikkert av to ferjer.

Seglingane på Fogn vil bli dekka av nordre Finnøysamband etter at Finnfast er opna for trafikk. Ferja i søndre Finnøysamband blir dermed frigitt for bruk i andre samband ved opninga av Finnfast. Sambandet er eit kombinert riks- og fylkesvegsamband; der fylkeskommunen betalar tilskot for drifta av fylkesvegdelen.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta Samferdselskomiteen seg til prinsippet om å ta utgangspunkt i gjennomsnittleg kostnadsnivå for dei to siste rekneskapsåra når innsparte kostnader til drift av eit samband skal fastsetjast, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Driftskostnadane for ferja i Søndre Finnøysamband i dagens situasjon er eit gjennomsnittstal basert på tilskotsrekneskapa for 2003 og 2004, og dette utgjer 17,5 mill. 2006-kr. Inntektene er rekna til 8,8 mill. kr. Nedlegging av sambandet vil følgjeleg gi ei årleg innsparing i driftstilskotet på 8,7 mill. kr. Drifts- og vedlikehaldskostnadene i det nye vegsambandet er rekna til om lag 2,8 mill. kr, og desse skal trekkast frå det innsparte ferjetilskotet. Dette gir ei netto årleg innsparing på til saman 5,9 mill. kr. Drifts- og vedlikehaldskostnadene i det nye riksvegsambandet er justerte opp etter den lokale behandlinga for å liggje på eit realistisk nivå. Fylkeskommunen sine drifts- og vedlikehaldskostnader til fylkesvegdelen er behandla på same måte.

Av den samla netto årlege innsparinga på 5,9 mill. kr utgjer 2,9 mill. kr den statlege delen og 1,0 mill. kr den fylkeskommunale delen til Finnfast, medan 2,0 mill. kr er den fylkeskommunale delen knytt til seglingane på Fogn og følgjeleg føresett overført til nordre Finnøysamband. Staten sin del av tilskotet er føresett utbetalt årleg i ein periode på 15 år etter at prosjektet er fullført. Tilskotet skal ikkje justerast for prisauke ut over justering fram til forskotteringa skjer. I finansieringsplanen er det lagt til grunn at fylkeskommunen sin del av dei innsparte driftskostnadane blir behandla på same måte som den statlege delen. Dette vil gi eit finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte statlege driftstilskot på 43 mill. 2006-kr og frå innsparte fylkeskommunale driftstilskot på 15 mill. 2006-kr. Totalt vil dette gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte driftstilskot på 58 mill. 2006-kr.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta Samferdselskomiteen seg til at gjennomsnittlege kapitalkostnader for heile ferjeflåten skal leggjast til grunn ved fastsetting av den årlege innsparinga i kapitalkostnader. For å halde kroneverdien tilnærma konstant gjekk Samferdselskomiteen inn for at i tillegg til basisverdien på 3,5 mill. 2003-kr pr. ferje skal det leggjast til grunn ein årleg auke på 2,5 pst. i 15-årsperioden, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte kapitalkostnader på 71 mill. 2006-kr. Storleiken på bidraget er basert på at forskotteringa frå bompengeselskapet skjer i 2007-2009 og at tilbakebetalinga frå staten startar i 2010.

5.2 Bompengar

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing på kjøretøy i Søndre Finnøysamband i om lag 3 år frå prosjektet er godkjent av Stortinget og fram til trafikkopning. Etter kvalitetssikringa av føresetnadene for finansieringsplanen er det lagt til grunn vel 20 års etterskotsinnkrevjing i det nye vegsambandet. I tillegg er det føresett eit bompengebidrag til prosjektet ved at innkrevjinga i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune skal halde fram i 7-8 månader etter at Rennfast-prosjektet på E39 er nedbetalt.

Ved forskotsinnkrevjinga er det føresett ein gjennomsnittstakst på same nivå som ved den forskotsinnkrevjinga som blei avslutta 31. juli 2005, jf. kapittel 2 ovanfor. Denne utgjer 26 2006-kr pr. kjøretøy. I utgangspunktet samsvarar dette med eit tillegg på 7 takstsoner. Det er føresett rabattar etter rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar.

Det er lagt til grunn at etterskotsinnkrevjinga vil skje i ein automatisk, ubemanna bomstasjon på Hanasand i Rennesøy kommune, nær det noverande ferjeleiet. Det er føresett tovegs innkrevjing. Stasjonen er planlagt tilpassa eit automatisk system med to takstgrupper; lette kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg) og tunge kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt over 3 500 kg). Det er føresett ein gjennomsnittleg bompengetakst på 146 2006-kr pr. kjøretøy. Det er førebels rekna med at dette vil gi takstar på om lag 165 kr for lette kjøretøy og 660 kr for tunge kjøretøy.

Ved endeleg fastsetting av takstnivået er det ein føresetnad at netto bompengeinntekt ikkje blir redusert i forhold til det som er lagt til grunn i denne proposisjonen. Det er vidare ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Det er rekna med at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på 596 mill. kr, fordelt med 8,5 mill. kr frå den avslutta forskotsinnkrevjinga, 10,5 mill. kr frå den nye forskotsinnkrevjinga, 65 mill. kr frå den ekstra innkrevjinga i Sokn bomstasjon og 512 mill. kr frå etterskotsinnkrevjinga. I tillegg kjem bompengar til dekning av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Innkrevjing i Sokn bomstasjon

I dag blir det kravd inn bompengar på Sokn i Rennesøy kommune for nedbetaling av Rennfast-prosjektet på E39 med m.a. to undersjøiske tunnelar. Bompengeinnkrevjinga har pågått sidan opninga av prosjektet i november 1992 og er venta avslutta tidleg i 2006, i god tid før den føresette bompengeperioden på 16 år går ut. Føresetnaden om å forlenge innkrevjingsperioden etter at Rennfast-prosjektet er nedbetalt, er i utgangspunktet i strid med prinsippet om at bompengeinnkrevjinga skal avsluttast når det aktuelle prosjektet som innkrevjinga knyter seg til er nedbetalt.

Bakgrunnen for forslaget er kompleks og må søkast i historia bak Transportplan for Ryfylke frå 1987 og Rennfast-prosjektet. Før opninga av Rennfast var det direkte ferjesamband mellom Judaberg på Finnøy og Stavanger sentrum. Transportplanen inneheldt eit nett av bruer og tunnelar som skulle knyte fleire av øyane i Finnøy kommune til Rennesøy og vidare til fastlandet gjennom Rennfast. Ved behandlinga av transportplanen avviste eit fleirtal i Finnøy kommunestyre å bli knytt til Rennfast med ferje frå Ladstein til Hanasand. Ved behandlinga av St.prp. nr. 131 (1987-88), jf. Innst. S. nr. 280 (1987-88), blei innkortinga av ferjesambandet til Finnøy likevel vedtatt av Stortinget.

Finnøy kommune blei altså knytt til Rennfast mot kommunestyret sin vilje. Det er rekna med at trafikken til og frå Finnøy gjennom Rennfast har betalt inn rundt rekna 10 mill. kr årleg til finansieringa av prosjektet. Med 13 års innkrevjingstid vil dette gi eit bidrag på om lag 130 mill. kr. Trekker ein frå investeringskostnadene ved ny veg mellom E39 og Hanasand og nytt ferjeleie på Hanasand, 40 mill. kr, vil trafikken til og frå Finnøy bidra med om lag 90 mill. kr til finansieringa av Rennfast. Det inneber mellom anna at dersom ferjesambandet Judaberg – Stavanger hadde blitt oppretthalde, noko som var ei aktuell løysing, hadde innkrevjingstida på Rennfast blitt nærare eitt år lenger enn slik den no blir. På den andre sida er Rennfast ein nødvendig føresetnad for å kunne realisere eit ferjefritt fastlandssamband til Finnøy. Mest sannsynleg reknar innbyggjarane på Finnøy eit heilt ferjefritt samband til Nord-Jæren som ei betre løysing enn eit ferjesamband Judaberg – Stavanger. Frå ein slik synsvinkel er det ikkje urimeleg at innbyggjarane på Finnøy har delteke i finansieringa av Rennfast.

Etter ei samla vurdering går Vegdirektoratet inn for at det blir gitt løyve til at innkrevjinga av bompengar i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune skal gi eit finansieringsbidrag til Finnfast på 65 mill. 2006-kr. Det er rekna med at bidraget kan krevjast inn i løpet av 7-8 mnd. Vegdirektoratet har lagt vekt på at innbyggjarane i Finnøy kommune har delteke i finansieringa av Rennfast-prosjektet. Vidare er det lagt vekt på at forlenginga trass alt vil utgjere ein relativt kort periode. Forlenging vil gi ein innkrevjingsperiode for Rennfast-prosjektet på om lag 14 år, medan det i St.prp. nr. 131 (1987-88) var rekna med 16 år.

Rogaland fylkeskommune har tilrådd at dagpendlarar som passerer bomstasjonen på Sokn med personbil får ei ordning med redusert bompengebetaling, slik at denne blir avgrensa til 1 000 kr pr. månad i perioden med forlenging. Vegdirektoratet er skeptisk til å innføre særskilte rabattordningar for bompengeprosjekt. På bakgrunn av den spesielle forhistoria i denne saka tilrår Vegdirektoratet likevel den særskilte rabatten for dagpendlarar. Det er rekna med at denne rabatten vil føre til ei ytterlegare forlenging av innkrevjingsperioden med om lag ei veke.

Det har vore ein særskilt rabatt ved betaling av bompengar for Rennfast-prosjektet for faste trafikantar til og frå Finnøy kommune, med unntak av trafikantar frå sjølve Finnøy. Rabatten blir i praksis trekt i frå ferjebilletten, men blir betalt av bompengeselskapet Tungenes Ferjeterminal AS. Det verkar inkonsekvent at nokre av trafikantane til og frå Finnøy kommune skal ha ein særskilt rabatt ved ei bompengeordning som er forlenga for å finansiere fastlandssambandet til Finnøy, medan andre trafikantar betaler ordinær takst. Vegdirektoratet vil, som takststyresmakt, vurdere rabatten på nytt dersom bompengeordninga i Sokn bomstasjon blir forlenga.

Lengda på bompengeperioden

I St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 og i St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter, er bompengeperioden avgrensa til 15 år. Det blir likevel opna for at 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle, utan at det er gitt nærare føringar for når dette kan vere aktuelt. Bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader for finansieringsvurderingane aukar framover i tid.

For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Vegdirektoratet tilrår at det blir akseptert å leggje til grunn vel 20 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar for ferjeavløysingsprosjektet Finnfast. Av omsyn til fylkeskommunen sitt garantiansvar tilrår Vegdirektoratet at høvet til å auke takstane og forlenge innkrevjingsperioden blir oppretthalde sjølv om bompengeperioden blir forlenga, jf. kapittel 5.4.

5.3 Ordinære statlege midlar

Ved behandlinga av handlingsprogrammet for øvrige riksvegar i Rogaland for perioden 2006-2015, gjekk fylkestinget i møte 26. april 2005 inn for å setje av 22 mill. 2006-kr i statlege midlar til prosjektet Finnfast i første fireårsperiode. Vestlandsrådet behandla handlingsprogrammet for perioden 2006-2015 i møte 22. april 2005. For prioriteringar innafor dei fylkesfordelte rammene viste Vestlandsrådet til behandlinga i fylkeskommunen.

5.4 Forslag til finansieringsplan

Styringsramma for prosjektet er 530 mill. 2006-kr. Med dei føresetnader som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, inkl. kostnadene ved forskotteringa, rekna til om lag 220 mill. kr. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 747 mill. 2006-kr. Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabell 5.1.

Mill. 2006-kr
Forskottering – innsparte statlege tilskot til drift av ferjesambandet 143
Forskottering – innsparte fylkeskommunale tilskot til drift av ferjesambandet 115
Forskottering – innsparte statlege tilskot til kapitalkostnader for ei ferje71
Bompengar – forskotsbompengar19
Bompengar – etterskotsbompengar på prosjektet 2512
Bompengar – forlenging av innkrevjinga ved Sokn bomstasjon i 7–8 mnd.65
Statlege midlar – ordinære midlar22
Sum747

1 Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet.

2 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Eventuell kostnadsauke og/eller redusert inntening

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. I dette prosjektet, der det berre er føresett 22 mill. kr av ordinære statlege midlar, skal lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke 96 pst. av overskridingar opp til kostnadsramma, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003), og staten 4 pst. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg dekkast innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Rogaland.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunne auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år. I tillegg vil ordninga med betinga refusjon bli nytta.

Eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening

Ved tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen, er det lagt til grunn at eventuell reduksjon i prosjektkostnadane skal godskrivast post 72, slik at dei årlege utbetalingane kan stanse før det er gått 15 år. Auka inntening har vore føresett å bidra til å redusere bompengeperioden. For dette prosjektet tilrår Vegdirektoratet at så lenge perioden med etterskotsinnkrevjing ligg an til å bli lengre enn 15 år, skal eventuelle innsparingar bidra til å redusere innkrevjingsperioden. Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli kortare enn 15 år, går Vegdirektoratet inn for at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72, som for tidlegare vedtekne prosjekt.

Auka inntening er føresett å bidra til å redusere bompengeperioden, uavhengig av om perioden med etterskotsinnkrevjing vil bli over eller under 15 år.

5.5 Andre føresetnader for finansierings­planen

I finansieringsanalysar for bompengeprosjekt har det vore vanleg å leggje til grunn ei lånerente på 8 pst. Ut frå dagens rentenivå er dette høgt, men føresett lånerente skal avspegle uvissa i heile nedbetalingsperioden. Ved behandlinga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) gjekk Samferdselskomiteen inn for at rentesatsen i bindande låneavtale for 15-årsperioden kan leggjast til grunn, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003), side 10.

Bompengeselskapet har inngått opsjonsavtale med ein bank, som gjer det mogleg å binde renta over ein periode på 10 år, rekna frå sommaren 2007, med ei maksimal rente på 5,19 pst. Dette er lagt til grunn i finansieringsplanen. Etter sommaren 2017 er det lagt til grunn ei lånerente på 8 pst.

Opsjonsavtalen som bompengeselskapet har inngått, er tidsavgrensa til 1. mars 2006. Etter Vegdirektoratet sitt syn må det vere ein føresetnad at perioden med etterskotsinnkrevjing av bompengar ikkje blir lengre enn det som er lagt til grunn i basisalternativet (vel 20 år). Følgjeleg meiner Vegdirektoratet at bompengeselskapet må inngå ein ny opsjons- eller fastrenteavtale som sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i gjeldande avtale dersom denne proposisjonen ikkje blir behandla av Stortinget innan 1. mars 2006. Dette er lagt til grunn for finansieringsanalysen.

Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk i 2004 for ferjesambandet Hanasand – Ladstein var 400 kjøretøy (ÅDT). Heile dette året var det innkrevjing av forskotsbompengar i ferjesambandet med same nivå på takstane som føresett i den nye forskotsinnkrevjinga, jf. kapittel 5.2 ovanfor.

Trafikken i opningsåret 2009 er rekna til 464 kjøretøy (ÅDT), jf kap. 3. Det er vidare lagt til grunn at den årlege trafikkveksten blir i tråd med NTP-prognosane for Rogaland. Desse utgjer i perioden 2002-2005 2,6 pst., i perioden 2006-2011 1,4 pst., i perioden 2012-2020 0,9 pst. og i perioden 2021-2040 0,8 pst.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Årleg prisstigning på 2 pst.

  • Utbetaling av innsparte statlege og fylkeskommunale ferjetilskot over 15 år utan kompensasjon for renter og prisstigning.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst pr. kjøretøy ved forskotsinnkrevjinga på 26 2006-kr.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst pr. kjøretøy ved etterskotsinnkrevjinga på 146 2006-kr.

  • Årlege innkrevjingskostnader ved etterskotsinnkrevjinga på 1,5 mill. kr.

  • Start på den nye forskotsinnkrevjinga vinteren/våren 2006.

  • Start på etterskotsinnkrevjinga ved opninga av prosjektet i 2009.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing av bompengar rekna til vel 20 år. Dersom det skal leggjast til grunn 6,5 pst. lånerente, slik der er gjort i seinare tid for bompengeprosjekt som ikkje har inngått renteavtale før Stortinget si behandling av saka, er innkrevjingsperioden rekna til om lag 22 år.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma, og delen til bompengeselskapet/lokale styresmakter (96 pst.) blir dekt med bompengar.

  • Ingen årleg trafikkvekst etter opninga av prosjektet.

  • Trafikkreduksjon etter opninga av prosjektet frå 464 kjøretøy til 418 kjøretøy, dvs. 10 pst. reduksjon.

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing av bompengar rekna til om lag 26 år, dvs. ein auke på om lag 6 år. I eit slikt tilfelle vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. kapittel 5.6. Med utbetaling av 18 mill. kr i 2011-2012, er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 24 år. Med 6,5 pst. lånerente fram til sommaren 2017 og betinga refusjon, er innkrevjingsperioden rekna til om lag 30 år. Lånegjelda let seg følgjeleg ikkje nedbetale innafor maksimal innkrevjingsperiode med så høg rente.

Utan årleg trafikkvekst og eit trafikkgrunnlag på om lag 418 kjøretøy (ÅDT) etter opninga av prosjektet, vil innkrevjingsperioden auke med om lag 11 år dersom det ikkje blir lagt til grunn takstauke og betinga refusjon. Dersom prosjektkostnadene aukar opp til kostnadsramma medan dei andre basisføresetnadene står fast, vil innkrevjingsperioden auke med om lag 4 år. Dette viser at økonomien i prosjektet er svært følsam for endringar i trafikkveksten.

Det er lagt til grunn ein automatisk ubemanna bomstasjon. Dersom det viser seg at desse ikkje skulle innfri Datatilsynet/Personvernnemnda sine krav til anonymisering av brikker, må det leggjast til grunn andre løysingar. For Finnfast kan dette innebere mynt- og kortautomat i tillegg til Autopass. Dei årlege innkrevjingskostnadene vil då auke noko, og dermed føre til noko forlenga innkrevjingsperiode.

5.6 Fylkeskommunal garanti og betinga refusjon

Som det går fram av kapittel 4 har fylkesutvalet i møte 16. august 2005 fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for eit bompengelån på inntil 500 mill. kr. Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet. Ved behandlinga av handlingsprogrammet for perioden 2006-2015 i møte 26. april 2005 føresette fylkestinget at dersom ordninga med betinga refusjon blir nytta for prosjektet Finnfast, skal totalt 18 mill. kr omdisponerast til prosjektet i 2011-2012.

Den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og selskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen.