6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Finnfast vil betre kommunikasjonane for befolkning og næringsliv mellom Rennesøy og Finnøy. Prosjektet vil gi innbyggjarane på øyane Finnøy og Talgje vegsamband med Rennesøy og vidare til fastlandet.
Bompengeselskapet og lokale styresmakter i samarbeid med Statens vegvesen har arbeidd fram ei finansieringsløysing med svært små ordinære statlege løyvingar. Dette gjer det mogleg å få til ei raskare realisering av prosjektet enn det som elles ville vere tilfelle.
Føresetnaden om å forlenge innkrevjingsperioden i bomstasjonen på Sokn i Rennesøy kommune etter at Rennfast-prosjektet er nedbetalt, er i utgangspunktet i strid med retningslinjene for bompengeprosjekt. Rennesøy kommune aksepterer ikkje denne forlenginga. Etter ei samla vurdering, der det m.a. er lagt vekt på at innbyggjarane i Finnøy kommune har bidratt til finansieringa av Rennfast-prosjektet sidan opninga i 1992, har Vegdirektoratet tilrådd at innkrevjinga av bompengar i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune skal gi eit finansieringsbidrag til Finnfast på 65 mill. 2006-kr. Vegdirektoratet har også lagt vekt på at forlenginga ikkje vil utgjere meir enn 7-8 månader som trass alt er ein avgrensa periode. Vegdirektoratet har tilrådd ein særskilt rabatt for dagpendlarar i perioden med forlenging. Samferdselsdepartementet er samd i Vegdirektoratet sine vurderingar.
Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen, er perioden med etterskotsinnkreving rekna til vel 20 år, som går ut over det som er normal innkrevjingsperiode (15 år). For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Vegdirektoratet si tilråding om å akseptere vel 20 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar for ferjeavløysingsprosjektet Finnfast. Departementet føreset imidlertid at det blir avklart om det er lokalpolitisk tilslutning til ei slik forlenging før bompengeavtalen blir underteikna.
Økonomien i prosjektet er følsam for endringar i føresetnadene. Det må derfor vere ein føresetnad at bompengeselskapet sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i gjeldande avtale og som også er lagt til grunn i finansieringsplanen. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.
Når det gjeld reduksjon i prosjektkostnadene, støttar Samferdselsdepartementet Vegdirektoratet si vurdering i at så lenge perioden med etterskotsinnkrevjing ligg an til å bli lengre enn 15 år, skal eventuelle innsparingar bidra til å redusere innkrevjingsperioden. Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli kortare enn 15 år, er Samferdselsdepartementet samd med Vegdirektoratet i at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72, som for tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt.