St.prp. nr. 39 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2256/2003/EF av 17. november 2003 om vedtaking av eit fleirårig program (2003-2005) for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 157 nr. 3,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Under møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23.-24. mars 2000 vart det sett som mål å gjere Den europeiske unionen til den mest konkurransedyktige og dynamiske kunnskapsøkonomien i verda, og streka under at det krevst ein open framgangsmåte for å samordne målinga av den framgangen som vert gjord.

  2. Under møtet i Feira 19.-20. juni 2000 vedtok Det europeiske rådet handlingsplanen e-Europa 2002, og streka særleg under at det er naudsynt å utarbeide langsiktige planar for kunnskapsøkonomien gjennom å fremje tilgang for alle borgarar til ny teknologi, og 30. november 2000 fastsette Rådet for den indre marknaden ei liste med 23 indikatorar for å måle framgangen til handlingsplanen e-Europa 2002.

  3. Kommisjonen offentleggjorde 28. mai 2002 ei melding til Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet med tittelen «e-Europa 2005: eit informasjonssamfunn for alle», og dei allmenne måla for handlingsplanen vart godkjende av Det europeiske rådet i Sevilla 21.-22. juni 2002.

  4. Kommisjonen offentleggjorde 22. januar 2001 ei melding retta til Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet med tittelen «Eit tryggare informasjonssamfunn - betring av tryggleiken til informasjonsinfrastrukturane og kamp mot datakriminalitet».

  5. Konklusjonane til Det europeiske rådet i Stockholm 23.-24. mars 2001 inneheld ei oppmoding om at Rådet, saman med Kommisjonen, utviklar ein overordna strategi med omsyn til tryggleiken til elektroniske nett, saman med praktiske gjennomføringstiltak. Meldinga «Nett- og informasjonstryggleik: framlegg til ein europeisk strategi» av 6. juni 2001 var det første svaret til Kommisjonen på denne oppmodinga.

  6. I rådsresolusjon av 30. mai 2001 om handlingsplanen e-Europa: informasjons- og nettryggleik, rådsresolusjon av 28. januar 2002 om ein felles strategi og særlege tiltak på området nett- og informasjonstryggleik 5

    , rådsresolusjon av 18. februar 2003 om ein europeisk strategi for ein nett- og informasjonstryggleikskultur 6

    og europaparlamentsresolusjon av 22. oktober 2002 om nett- og informasjonstryggleik: framlegg til ein europeisk strategi vert medlemsstatane oppmoda om å innføre særlege tiltak for å auke tryggleiken til elektroniske kommunikasjonsnett og informasjonssystem. Vidare helsa Europaparlamentet og Rådet velkommen planane til Kommisjonen om å utvikle m.a. ein strategi for meir stabil og sikker drift av Internett-infrastrukturen, og om å gjere framlegg til skiping av ein framtidig struktur på europeisk plan for nett- og informasjonstryggleiksspørsmål.

  7. Handlingsplanen e-Europa 2005, som i denne samanhengen vart stadfesta ved rådsresolusjon av 18. februar 2003, inneheld m.a. framlegg om skiping av ein framtidig struktur på europeisk plan for for nett- og informasjonstryggleiksspørsmål.

  8. Overgangen til informasjonssamfunnet kan gjennom innføringa av nye former for økonomiske, politiske og sosiale relasjonar hjelpe Den europeiske unionen til å meistre utfordringane i dette hundreåret, og kan medverke til vekst, konkurranseevne og skiping av nye arbeidsplassar. Informasjonssamfunnet endrar gradvis karakteren til den økonomiske og sosiale verksemda, og har vesentlege verknader på tvers av sektorane på område som til no har vore uavhengige av kvarandre. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre informasjonssamfunnet, bør ta omsyn til den økonomiske og sosiale utjamninga i Fellesskapet og risikoane ved å falle utanfor informasjonssamfunnet, i tillegg til å sikre at den indre marknaden verkar på ein effektiv måte. Tiltaka til Den europeiske unionen og medlemsstatane i samband med informasjonssamfunnet tek sikte på i endå større grad å fremje deltakinga av vanskelegstilte grupper i informasjonssamfunnet.

  9. Det bør innførast ordningar for overvaking og for utveksling av røynsler som vil gjere det mogleg for medlemsstatane å jamføre og analysere resultata og vurdere framgangen i samband med handlingsplanen e-Europa 2005.

  10. Referansemåling gjer det mogleg for medlemsstatane å vurdere om dei nasjonale initiativa innanfor ramma av handlingsplanen e-Europa 2005 gjev resultat som kan jamførast med resultata i dei andre medlemsstatane og på internasjonalt plan, og om dei utnyttar potensialet til teknologien fullt ut.

  11. Innsatsen til medlemsstatane innanfor ramma av handlingsplanen e-Europa 2005 kan støttast endå meir ved spreiing av god praksis. Den europeiske tilleggsverdien på området referansemåling og god praksis ligg i at det vert gjort ei jamførande vurdering av resultata av dei ulike tiltaka på grunnlag av ein felles overvakings- og analysemetode.

  12. Dei økonomiske og sosiale konsekvensane av informasjonssamfunnet bør analyserast med sikte på å lette dei politiske drøftingane. Dette vil gjere det mogleg for medlemsstatane å gjere betre nytte av det økonomiske og industrielle potensialet innanfor den teknologiske utviklinga, særleg på informasjonssamfunnsområdet.

  13. Nett- og informasjonstryggleik er vorte ein føresetnad for å fremje utviklinga av eit trygt forretningsmiljø. Spørsmålet om nett- og informasjonstryggleik er så samansett at lokale, nasjonale og eventuelt europeiske styresmakter må ta omsyn til ei rekkje politiske, økonomiske, organisatoriske og tekniske sider når dei utarbeider politiske tiltak på dette området, og samstundes vere merksame på den desentraliserte og globale karakteren til kommunikasjonsnetta. Den planlagde fastsetjinga av ein framtidig struktur på europeisk plan for nett- og informasjonstryggleik vil auke evna til medlemsstatane og Fellesskapet til å løyse større problem med omsyn til nett- og informasjonstryggleiken. Det førebuande arbeidet bør starte allereie i 2003.

  14. Ettersom dei verksemdene som er nemnde ovanfor, er i samsvar med målet om å fremje samverknad og samarbeid mellom medlemsstatane, statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, søkjar- og kandidatstatane og dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, bør Kommisjonen i framtida oppmuntre til at desse statane tek større del i verksemda innanfor programmet.

  15. I dette vedtaket er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming.

  16. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7

    .

  17. Gjennomføringa av dette programmet bør overvakast jamleg —

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

Eit fleirårig program (2003-2005) for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (heretter kalla «programmet») vert vedteke.

Programmet har følgjande mål:

  1. å overvake dei resultata som vert oppnådde av og i medlemsstatane og jamføre dei med dei beste i verda ved å nytte offisielle statistikkar der dette er mogleg,

  2. å støtte innsatsen til medlemsstatane innanfor ramma av e-Europa på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan gjennom analyse av god praksis i samband med e-Europa og ved ei felles ramme for utvikling av ordningar for utveksling av røynsler,

  3. å analysere dei økonomiske og samfunnsmessige følgjene av informasjonssamfunnet med sikte på å lette dei politiske drøftingane, særleg med omsyn til konkurranseevna til føretak, utjamning og sosial integrasjon, og gje styringsgruppa for e-Europa dei opplysningane som er naudsynte for at ho skal kunne vurdere den høvelege strategiske retninga for handlingsplanen e-Europa 2005,

  4. å førebu fastlegginga av den framtidige strukturen på europeisk plan for nett- og informasjonstryggleiksspørsmål, slik det er fastsett i rådsresolusjonen av 28. januar 2002 og i handlingsplanen e-Europa 2005, med sikte på å betre nett- og informasjonstryggleiken.

Tiltaka i programmet skal gå på tvers av sektorane og utfylle fellesskapstiltak på andre område. Tiltaka må ikkje overlappe det arbeidet som vert gjort på desse områda under andre fellesskapsprogram. Dei tiltaka som er gjorde innanfor dette programmet med omsyn til referansemåling, god praksis og samordning av politikk, skal medverke til at måla med handlingsplanen e-Europa 2005 vert nådde, og til å fremje nett- og informasjonstryggleik og breiband, og dessutan til å fremje elektronisk forvalting, elektronisk handel, e-helse og e-læring.

Programmet skal òg utgjere ei felles ramme for samspel på europeisk plan mellom dei ulike aktørane på nasjonalt, regionalt og lokalt plan.

Artikkel 2

For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1, skal følgjande tiltakskategoriar setjast i verk:

  1. Tiltak 1

    Overvaking og jamføring av resultat:

    • datainnsamling og analyse på grunnlag av referansemålingsindikatorar slik dei er definerte i rådsresolusjon av 18. februar 2003 om gjennomføring av handlingsplanen e-Europa 2005 8

      , medrekna regionale indikatorar der det høver. Det bør leggjast særleg vekt på data som gjeld hovudmåla for handlingsplanen e-Europa 2005.

  2. Tiltak 2

    Spreiing av god praksis:

    • granskingar med sikte på å kartleggje god praksis på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, som medverkar til ei vellukka gjennomføring av handlingsplanen e-Europa 2005,

    • fremje målretta konferansar, seminar eller arbeidsgrupper som støttar måla for handlingsplanen e-Europa 2005, med sikte på å fremje samarbeid og utveksling av røynsler og god praksis innanfor den felles ramma for samspel som er definert i artikkel 1 bokstav b).

  3. Tiltak 3

    Analyse og strategisk drøfting:

    • støtte det arbeidet som sakkunnige på sosial- og økonomiområda gjer, med sikte på å gje Kommisjonen, og på oppmoding, styringsgruppa for e-Europa, framlegg med omsyn til framtidsretta politisk analyse,

    • støtte styringsgruppa for e-Europa når det gjeld å gje eit strategisk overblikk over gjennomføringa av handlingsplanen e-Europa 2005, å utgjere eit forum for utveksling av røynsler og å gjere det mogleg for kandidatstatane snøgt å ta del, og eventuelt oppmode andre aktørar til å kome med sine synspunkt.

  4. Tiltak 4

    Betring av nett- og informasjonstryggleiken:

    • førebu skipinga av ein framtidig struktur på europeisk plan for nett- og informasjonstryggleiksspørsmål, slik det er fastsett i rådsresolusjonane av 28. januar 2002 og 18. februar 2003 om ein felles strategi og særlege tiltak på området nett- og informasjonstryggleik og i handlingsplanen e-Europa 2005, gjennom m.a. å finansiere rundspørjingar, granskingar og arbeidsgrupper om emne som t.d. tryggleiksordningar og samverknadsevna mellom dei, nettpålitsgrad, avansert kryptografi, personvern og tryggleik ved snorlaus kommunikasjon.

Artikkel 3

For å nå dei måla som er fastsette i artikkel 1 og gjennomføre dei tiltaka som er fastsette i artikkel 2, kan Kommisjonen nytte dei midla som er høvelege og relevante, særleg:

  • tildeling av kontraktar for utføring av oppgåver i samband med rundspørjingar, førebuande granskingar, detaljerte granskingar på særskilde område og demonstrasjonstiltak av avgrensa omfang, medrekna arbeidsgrupper og konferansar,

  • innsamling, offentleggjering og spreiing av informasjon og utvikling av nettbaserte tenester,

  • tildeling av støtte til møte mellom sakkunnige og til konferansar og seminar.

Artikkel 4

Programmet skal gjelde frå 1. januar 2003 til 31. desember 2005.

Den finansielle ramma for gjennomføringa av dette programmet er 21 millionar euro.

I vedlegget er det ført opp ei rettleiande utgiftsfordeling.

Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 5

Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre programmet og samordne det med andre fellesskapsprogram. Kommisjonen skal kvart år utarbeide eit arbeidsprogram på grunnlag av dette vedtaket.

Kommisjonen skal handle i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 6 nr. 2, med omsyn til:

  1. vedtaking av arbeidsprogrammet, medrekna den overordna budsjettfordelinga,

  2. vedtaking av tiltak for å vurdere programmet,

  3. fastsetjing av kriteria for innbydingar til framlegg, i samsvar med dei måla som er fastsette i artikkel 1, og vurdering av dei prosjekta som er lagde fram i samband med slike innbydingar når det pårekna fellesskapstilskotet er på 250 000 euro eller meir.

Artikkel 6

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval (heretter kalla «Utvalet»).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 7

  1. For å sikre at fellesskapsstøtta vert nytta på ein effektiv måte, skal Kommisjonen syte for at det vert utført effektiv førehandsvurdering, overvaking og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i samsvar med dette vedtaket.

  2. Under og etter gjennomføringa av tiltaka skal Kommisjonen vurdere korleis dei er vortne gjennomførde og kva verknad gjennomføringa har hatt, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er vortne nådde.

  3. Kommisjonen skal jamleg gje utvalet og styringsgruppa for e-Europa melding om framdrifta i gjennomføringa av heile programmet.

  4. Når programmet er avslutta, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein vurderingsrapport om dei resultata som er oppnådde etter gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i artikkel 2.

Artikkel 8

  1. Innanfor ramma av dei avtalene som dei har med Det europeiske fellesskapet, kan programmet opnast for deltaking for statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, søkjar- og kandidatstatane og dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa.

  2. I samband med gjennomføringa av dette vedtaket skal det oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar og eventuelt med internasjonale organisasjonar eller organ.

Artikkel 9

Dette vedtaket skal nyttast frå dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 10

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 17. november 2003.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXG. ALEMANNO
PresidentFormann

Vedlegg

Fleirårig program for overvaking av e-Europa, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS) Rettleiande utgiftsfordeling 2003-2005

Prosentdelar av det samla budsjettet per kategori og år
2003200420052003-2005 i alt
Tiltak 1 - Overvaking og jamføring av resultat12 %14 %14 %40 %
Tiltak 2 - Spreiing av god praksis8 %10 %12 %30 %
Tiltak 3 - Analyse og strategisk drøfting2 %3 %3 %8 %
Tiltak 4 - Betring av nett- og informasjonstryggleiken17 %5 %0 %22 %
Prosentdelar av det samla budsjettet39 %32 %29 %100 %

Fotnotar

1.

TEF C 291 E av 26.11.2002, s. 243.

2.

TEU C 61 av 14.3.2003, s. 184.

3.

TEU C 128 av 29.5.2003, s. 19.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 12. februar 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 26. mai 2003 (TEU C 159 E av 8.7.2003, s. 11) og haldning frå Europaparlamentet av 25. september 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU). Rådsavgjerd av 27. oktober 2003.

5.

TEF C 43 av 16.2.2002, s. 2.

6.

TEU C 48 av 28.2.2003, s. 1.

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

TEU C 48 av 28.2.2003, s. 2.