2 Nærmare om MODINIS
MODINIS er eit sentralt verkemiddel i verkeleggjeringa av Lisboa-strategien. Lisboa-strategien er basert på vedtaket i Det europeiske rådet i Lisboa i mars 2000 om å gjere EU til den mest konkurransedyktige, dynamiske- og kunnskapsbaserte økonomien i verda på eit berekraftig og sosialt grunnlag innan 2010. Ei viktig søyle i Lisboa-strategien er EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, e-Europa 2005. e-Europa 2005 er eit politisk program og eit overordna rammeverk for EU-programma e-Ten, e-Content, handlingsplanen for sikrare bruk av Internett og for ei rekkje aktivitetar innanfor elektronisk forvalting (e-Government).
Føremålet med MODINIS er på den eine sida å leggje til rette for initiativ til oppfølging og verkeleggjering av måla i e-Europa 2005, og på den andre sida å overvake utviklinga av informasjonssamfunnet innanfor ramma av ulike e-Europa-initiativ. Konkret vil dette innebere å levere statistikkar i regi av dei nasjonale statistikkbyråa. I tillegg vil programmet setje søkelyset særleg på informasjonstryggleik, utvikling av breiband og utveksling av god praksis.
Frå 1999 tok Noreg del gjennom EØS-avtala i programmet PROMISE (1998-2002), som var forgjengaren til MODINIS og knytt til EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, eEuropa 2005. PROMISE vert vidareført for åra 2003-2005 gjennom det nye programmet MODINIS. I samband med MODINIS er det skipa to styringsgrupper for e-Europa 2005, og Noreg har fått plass i begge gruppene. Styringsgruppa vil fungere som koordinator og pådrivar for arbeidet innanfor programma for elektronisk helse og elektronisk forvalting, e-Ten og andre IT-relaterte program. På bakgrunn av dette ønskjer Regjeringa òg å opne for at Noreg under MODINIS-paraplyen tek initiativ til deltaking i program og initiativ som er naturleg knytte opp mot e-Europa 2005, innanfor dei budsjettrammene som er vedtekne.
Gjennom planane for e-Noreg har Noreg aktivt følgt opp initiativet til EU på IT-området. Fordi Noreg ønskjer ein aktiv IT-politikk, er det òg viktig å følgje opp dei programma og initiativa som kjem inn under MODINIS og e-Europa. Difor er det i budsjettproposisjonen for 2004 teke initiativ til å opne for norsk deltaking i e-Ten, eit program der ein i aukande grad arbeider for verkeleggjering av e-Europa med omsyn til etablering av infrastruktur og nye tenester. Som følgje av den aktive deltakinga til Noreg knytt til ulike aktivitetar innanfor e-Europa, har Noreg dessutan ein nasjonal ekspert sentralt plassert i eininga e-Government i Europakommisjonen.