4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet MODINIS vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 2256/2003/EF om vedtaking av eit fleirårig program (2003-2005) for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS) skal innlemmast som eit nytt strekpunkt i protokoll 31 artikkel 2 nr. 5.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2003.
Artikkel 3slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.