St.prp. nr. 40 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/96 av 29. november 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Media II (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

2 Nærare om mediesamarbeidet i EU (Media II)

10. juli 1995 fatta Ministerrådet vedtak om iverksetjing av eit program for å stimulere til utvikling og distribusjon av europeiske audiovisuelle verk (Media II - Utvikling og distribusjon) for åra 1996-2000 (95/563/EF). Formålet med programmet er å utvikle ein europeisk programindustri som er i stand til å tilfredsstille kulturelle og økonomiske krav i informasjonssamfunnet, og sikre at naudsynte vilkår er til stades for at filmindustrien i medlemslanda kan bli konkurransedyktig. Dette vedtaket er heimla i artikkel 130 (Industri) i traktat av 25. mars 1957 om oppretting av Det europeiske fellesskap (Roma-traktaten). Artikkel 130 første ledd viser til følgjande føremål: Strukturtilpassing, oppmuntre til gunstig klima for initiativ og utvikling særleg i små og mellomstore bedrifter, oppmuntre til samarbeid mellom selskap og fremje betre utnytting av høve til fornying, forsking og teknisk utvikling. Tredje ledd i artikkelen gjev Ministerrådet heimel til å vedteke særlege tiltak for å støtte tiltak i medlemslanda som skal verkeleggjere desse måla.

Ministerrådet fatta vidare 22. desember 1995 vedtak (95/564/EF) om iverksetjing av eit utdanningsprogram for dei som arbeider i europeisk programindustri (Media II - utdanning).

Dette vedtaket er heimla i artikkel 127 (Utdanning, yrkesopplæring og ungdom) i Roma-traktaten. Etter denne skal Fellesskapet «iverksetje ein politikk som skal støtte medlemslanda og utfylle deira verksemd med full respekt for ansvaret til medlemslanda når det gjeld innhaldet og tilrettelegginga i yrkesopplæringa». Artikkelen legg mellom anna vekt på å lette tilpassinga til industrielle endringar, å fremje utveksling av erfaringar om spørsmål som er felles for opplæringssystem i medlemslanda og å fremje samarbeid med tredjeland og organisasjonar om yrkesopplæring.

Ministerrådet har understreka at den audiovisuelle sektoren har ein strategisk verdi for utviklinga av eit informasjonssamfunn i Europa, og at den europeiske audiovisuelle industrien står overfor særlege utfordringar når det gjeld distribusjon og utvikling.

Det overordna målet for Media II-programmet er å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester. Programmet skal òg supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området. Programmet legg vekt på behov i land og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, behovet for å styrkje konkurranseevna til europeisk audiovisuell industri og omsynet til den europeiske kulturarven.

Media II tok til å gjelde 1. januar 1996 og skal vere operativt ut år 2000. Budsjettet for programmet er for desse fem åra 310 mill. ECU, fordelt på 265 mill. ECU til distribusjon og utvikling og 45 mill. ECU til utdanning.

Støtte til utvikling og distribusjon blir i hovudsak gjeve som lån. Støtte til tiltak retta mot opplæring blir gjeve som tilskott. Støtta kan dekkje inntil 50 % av dei prosjekterte kostnadene.

Programmet har desse tre satsingsområda:

Utvikling:

Mediaprogrammet gjev støtte til utvikling av m.a. drama-, dokumentar- og animasjonsprosjekt på minimum 25 minutter for kino og fjernsyn i førproduksjonsfasen. Støtta blir gitt som økonomisk og teknisk stønad til m.a. manuskriptutvikling og utvikling av finansieringsplanar og marknadsplanar. Initiativ til og utvikling av prosjektpakker og nettverksbygging kan òg få støtte. Vidare kan prosjekt som nyttar ny teknologi (særleg multimediateknologi) og animasjonsteknikk og prosjekt som fremjer den audiovisuelle arven retta mot den europeiske marknaden, få støtte.

Distribusjon:

Mediaprogrammet skal gje støtte til å fremje distribusjon av europeisk film, video og fjernsynsprogram i og utanfor Europa gjennom tiltak retta mot distributørar, produsentar og kinoar. Støtta skal fremje fleirnasjonalt samarbeid mellom filmprodusentar og fjernsynsselskap. Ho skal vidare styrkje tilgangen til den internasjonale marknaden, både europeisk og globalt for uavhengige produsentar og distributørar. Tiltak som dubbing og underteksting for å få fram fleirspråklege produksjonar, blir gitt særleg prioritet.

Utdanning:

Mediaprogrammet skal styrkje grunnleggjande opplæring og etterutdanning for yrkesutøvarar i den audiovisuelle sektoren. Programmet skal gje støtte til opplæring i økonomisk og forretningsmessig leiing, juridiske spørsmål, utnytting av ny teknologi, manuskriptutvikling og instruksjon. Mediaprogrammet skal fremje samarbeid, nettverksbygging og utveksling av kunnskap og personell mellom utdanningsinstitusjonar i dei ulike landa.

Kommisjonen står ansvarleg for å iverksetje programmet i samsvar med retningsliner i vedlegg til rådsvedtaka. Kommisjonen leiar arbeidet i ein komite - Mediakomiteen - med to representantar frå kvart land som er med i Media II. Kommisjonen skal leggje fram for Mediakomiteen dei overordna spørsmåla om innretninga av Media II.

Kommisjonen har etter forslag frå Mediakomiteen oppretta ad-hoc ekspertkomitear som skal gje innstilling om tildeling av midlar innanfor dei einskilde programområda. Kommisjonen fattar endeleg vedtak om tildeling.

Programmet er ope for dei EFTA-landa som er tilslutta EØS-avtalen, og også for Malta og Kypros. Assosierte land i Sentral- og Aust-Europa kan slutte seg til programmet på dei vilkår som er fastsette i deira assosieringsavtaler om deltaking i program i EU. Tredjeland kan òg slutte seg til programmet.

Tingingane mellom EU og EFTA om EØS-landa si deltaking i Media II har teke lengre tid enn venta. Noreg har i 1996 delteke på uformell basis i programmet. Dette inneber m.a. at det er betalt kontingent for 1996, jfr. St.meld. nr. 1 for Kulturdepartementet (1995-96). Den norske audiovisuelle bransjen har såleis hatt høve til å søkje om tilskott frå programmet.

Eit avtrykk av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 70/96, Rådsvedtak av 10. juli 1995 og Rådsvedtak av 22. desember 1995 fylgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.