3 EØS-komiteen sitt vedtak
Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 29. november 1996 å endre protokoll 31 til EØS-avtalen om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtalen òg omfattar Media II-programmet.
EØS-komiteen sitt vedtak nr.70/96 inneheld ei innleiing og fem artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtalen, særleg til artiklane 86 og 98, som m.a. gjer det mogleg å endre protokoll 31 til avtalen gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 3 i vedtaket slår fast at rådsvedtak 95/563/EF av 10. juli 1995 om iverksetjing av eit program for å fremje utviklinga og distribusjonen av europeiske audiovisuelle verk (Media II - utvikling og distribusjon, 1996-2000) og Rådsvedtak 95/564/EF av 22. desember 1995 om iverksetjing av eit opplæringsprogram for yrkesutøvarar i den europeiske audiovisuelle programindustrien (Media II - opplæring) skal leggjast til som nye strekpunkt i artikkel 9 nr.4.
I samsvar med artikkel 103 nr.1 i EØS-avtala, slår artikkel 4 i vedtaket fast at det ikkje skal teke til å gjelde føre det er motteke meldingar frå partane om at dei forfatningsrettslege krava er stetta. For Noreg kan dette først gjerast etter at Stortinget har gjeve samtykke etter reglane i § 26 andre leddet i Grunnlova. Artikkel 5 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.