St.prp. nr. 40 (2007-2008)

Om Oslopakke 3 trinn 1

Til innhaldsliste

2 Dagens bompengeordning - Oslopakke 1 og Oslopakke 2

Stortinget vedtok Oslopakke 1 våren 1988, jf. St.prp. nr. 96 (1987-88) og Innst. S. nr. 239 (1987-88). Formålet med Oslopakke 1 var å finansiere hovudvegutbygginga i Oslo og Akershus. Bompengeinnkrevjinga starta 1. februar 1990. I St.prp. nr. 96 (1987-88) vart det føresett at samla investeringsmidlar skulle fordelast med 70 pst. til anlegg i Oslo og 30 pst. til anlegg i Akershus. Frå 1994 er bompengemidlane fordelte med 60 pst. til Oslo og 40 pst. til Akershus, jf. St.meld. nr. 34 (1992-93) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97. For finansiering av Oslopakke 1 vart det føresett 55 pst. bompengar og 45 pst. statsmidlar. Vidare vart det føresett at minimum 20 pst. av den samla investeringsramma skulle nyttast til kollektivtrafikktiltak.

Stortinget vedtok Oslopakke 2 våren 2000, jf. St.prp. nr. 64 (1999-2000) og Innst. S. nr. 239 (1999-2000). Oslopakke 2 har som formål å forsere kollektivutbygginga i Oslo og Akershus. Oslopakke 2-midlane utgjer bompengar og statsmidlar til kollektivtrafikktiltak innanfor Oslopakke 1. I tillegg vart det 1. november 2001 innført ein gjennomsnittleg takstauke i bomringen på 25 pst. Meirinntektene frå denne takstauken utgjer om lag 200 mill. kr pr. år. I Oslopakke 2 inngår i tillegg ei ordning med ekstra trafikantbetaling på i gjennomsnitt 75 øre pr. kollektivreise. Ordninga vart innført 1. november 2001 og skal avsluttast ved utgangen av 2011. Desse midlane er føresette nytta til innkjøp av nytt vognmateriell for Oslo Sporveier, Akershus fylkeskommune og NSB. Vidare er det føresett kommunale og fylkeskommunalt bidrag, og det er lagt til grunn delfinansiering av baneutbygging på Fornebu gjennom eigedomsutvikling.

For å sikre finansiering av nytt vegsystem i Bjørvika vedtok Stortinget våren 2005 å vidareføre bompengeordninga i Oslo og Akershus frå 1. januar 2008 til seinast 31. desember 2012, jf. St.prp. nr. 50 (2004-2005) og Innst. S. nr. 200 (2004-2005). Det er føresett at midlane skal fordelast mellom veg- og kollektivtrafikktiltak og mellom Oslo og Akershus som i dag. Dette medfører at fordelinga av bompengane i Oslopakke 1 er føresett vidareført med 60 pst. til Oslo og 40 pst. til Akershus. Bompengetillegget for Oslopakke 2 er føresett brukt til finansiering av dei prosjekta som har størst positiv nytte for kollektivtrafikantane. Det vert lagt til grunn at dersom ei eventuell ny trafikantbetalingsordning (Oslopakke 3) vert vedtatt før 2012, vil denne avløyse vidareføringa av dagens ordning.

Samla andel til kollektivtransport i Oslopakke 1 er rekna til om lag 27 pst. i perioden 2000-2007. Oslopakke 2 er ei såkalla «forseringspakke» i forhold til kollektivsatsinga i Oslopakke 1 slik at kollektivandelen har auka. Dei statlege midlane til kollektivtrafikktiltak blir løyvde i Oslopakke 1. I det lokale forslaget til Oslopakke 3 utgjer kollektivandelen om lag 40 pst. Jernbane kjem i tillegg.

Nettoinntektene til investeringar frå bomringen har auka med veksande trafikk og var i 2006 om lag 1 100 mill. kr. Årlege driftskostnader for dagens bompengering er om lag 130 mill. kr, altså vel 10 pst. av bruttoinntektene.

2.1 Oslopakke 1

Utbyggingskostnadene i Oslopakke 1 var opphavleg rekna til 10,2 mrd. kr i 1987-prisnivå. Dette blir om lag 19,4 mrd. 2008-kr. Dei samla kostnadene har auka vesentleg. Følgjeleg står det framleis att store utbyggingsoppgåver som var føresette løyst gjennom Oslopakke 1. I St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, side 181-184, er det gjort nærare greie for status for prosjektporteføljen for Oslopakke 1.

Tabell 2.1 viser investeringane til prosjekt og tiltak innafor Oslopakke 1 i perioden 1990-2007. Bompengar og statsmidlar til E18 Bjørvikaprosjektet er inkludert. Tabellen viser at statsmidlane utgjer om lag 44 pst. av investeringane i perioden.

Tabell 2.1 Oslopakke 1 - investeringar i perioden 1990-2007 Mill. 2007-kr

StatsmidlarBompengarSum
Oslo6 9007 50014 400
Akershus2 5004 5007 000
Sum9 40012 00021 400

2.2 Oslopakke 2

Gjennom vedtaket om Oslopakke 2 vart det ikkje tatt stilling til dei økonomiske rammene for pakka. Samferdselsdepartementet ville komme tilbake til dette i samband med Nasjonal transportplan 2002-2011. I Jernbaneverket og Statens vegvesen sitt grunnlagsmateriale for Oslopakke 2 frå februar 1999 vart det lagt til grunn ei finansiell ramme for pakka på 16,8 mrd. 1999-kr for perioden 2000-2011, jf. tabell 2.2.

Tabell 2.2 Skisse til finansieringsplan for Oslopakke 2 av februar 1999. Mrd. 1999-kr

Jernbane9,6 mrd. kr
- NJP 2000-2007 pluss vidareføring t.o.m 2011:5,9 mrd. kr
- Ekstra statleg satsing på jernbane:3,7 mrd. kr
Vegformål4,4 mrd. kr
- NVVP 2000-2007 pluss vidareføring t.o.m 2011:2,8 mrd. kr
- Ekstra bompengar 2000-2007:1,6 mrd. kr
Vidareføring av kommunale/fylkeskommunale bidrag:0,7 mrd. kr
Ekstra takstpåslag på kollektivreiser 2000-2011:1,6 mrd. kr
Eigedomsutvikling:0,5 mrd kr
Sum:16,8 mrd. kr

I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 vart det lagt til grunn ei totalramme på 11 mrd. 2000-kr til veg- og jernbanetiltak innafor Oslopakke 2 i planperioden, fordelt med 8,0 mrd. kr til jernbaneutbygging og 3,0 mrd. kr til riksvegtiltak, inkl. alternativ bruk av riksvegmidlar og bompengar. Vidare vart det lagt til grunn om lag 1,1 mrd. kr til veg- og jernbanetiltak innafor Oslopakke 2 i 2000 og 2001. I tillegg kjem inntektene frå takstpåslaget på kollektivtrafikken. Omrekna til 2007-prisnivå inneber dette om lag 16,8 mrd. kr til Oslopakke 2 i perioden 2000-2011, fordelt med 10,2 mrd. kr til jernbanetiltak, 4,6 mrd. kr til vegtiltak, inkl. alternativ bruk av riksvegmidlar, og 2,0 mrd. kr frå takstpåslaget på kollektivtrafikken.

Investeringane i prosjekt og tiltak innafor Oslopakke 2 i perioden 2000-2007 er som følgjer (2007-prisnivå):

  • Jernbane: 4,3 mrd. krGitt ei jamn årleg fordeling av investeringane vert dette vesentleg lågare enn lagt til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000). Bygging av dobbeltspor på strekninga Lysaker - Asker pågår og er planlagt ferdig i 2011. Utbygginga på strekningane Skøyen - Lysaker og Oslo S - Ski er førebels ikkje starta opp. I St.meld. nr. 46 (1999-2000) vert det føresett 600 mill. kr i statsmidlar til baneutbygging på Fornebu. I St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonalt transportplan 2006-2015 er det imidlertid føresett at det statlege bidraget skal finansierast innanfor ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar.

  • Vegformål (statsmidlar og bompengar): 3,6 mrd. krGitt ei jamn årleg fordeling av investeringane vert dette meir enn lagt til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000) sjølv om innkrevjing av ekstra bompengar som følgje av Oslopakke 2 starta seinare enn føresett. Innafor Oslopakke 1 utgjer investeringane i kollektivtrafikktiltak 27 pst. av dei samla investeringane i denne perioden. Føresetnaden om minimum 20 pst. til kollektivtrafikktiltak er dermed følgd opp.

  • Ekstra påslag på kollektivreiser: 700 mill. krDette er vesentleg mindre enn føresett. Årsaka er at innkrevjinga starta seinare enn føresett og at inntektene i Akershus er vorte mindre enn rekna med. Midlane frå den ekstra trafikantbetalinga blir fordelt til Oslo kommune, Akershus fylkeskommune og NSB. I Oslo blir midlane nytta til nye T-banevogner. Akershus fylkeskommune har brukt av midlane til nedbetaling av lån på rutebåten »Prinsen» og føreset å bruke resterande midlar til vognmateriell på Kolsåsbanen. Midlane til NSB står førebels ubrukt. NSB vil bruke midlane til togmateriell i Oslo-området.