6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Veksten i arbeidsplassar og busetnad i Oslo og Akershus gjer det naudsynt med effektive, miljøvennlege og trygge transportløysingar. Samferdselsdepartementet ser derfor positivt på at det er tverrpolitisk semje i Oslo og Akershus om å etablere ei Oslopakke 3 for å møte dei utfordringane som hovudstadsområdet står overfor.
Oslo og Akershus sitt forslag til Oslopakke 3 består av eit omfattande sett av prosjekt og tiltak i veg- og kollektivsystemet, drift av kollektivtransport og eit finansieringsopplegg for dette. På grunn av det store omfanget det lokale forslaget til Oslopakke 3 har, er det naudsynt å gjennomføre ei kvalitetssikring i tidleg planfase, såkalla KS1, av pakka. I februar 2007 gav Samferdselsdepartementet Statens vegvesen og Jernbaneverket i oppdrag å i samarbeid lage ei konseptvalutgreiing som grunnlag for KS1. Etatane har i si konseptvalutgreiing utgreia verknader av det lokale forslaget til Oslopakke 3, eit alternativt konsept og eit referansealternativ utan trafikantbetaling etter 2012. Etatane la fram si konseptvalutgreiing i desember 2007. Konseptvalutgreiinga er sendt på lokal høyring. Samtidig er konseptvalutgreiinga sendt ein konsulent for ekstern kvalitetssikring av konseptvalet. Resultatet frå arbeidet med KS1 skal inngå i det faglege avgjerdsgrunnlaget for Regjeringa si handsaming av Oslopakke 3 trinn 2. Framlegg av Oslopakke 3 trinn 2 vil skje i dialog med lokale styresmakter.
Samferdselsdepartementet er samd med lokale styresmakter i at det er viktig å komme i gang med innkrevjinga i Oslopakke 3 så tidleg som mogeleg. Det er derfor bestemt å legge fram pakka i to trinn. Stortinget si handsaming av trinn 1 vil bety at innkrevjinga kan starte så tidleg som mogeleg i 2008, og bompengane kan verte nytta til driftstiltak for kollektivtrafikk så snart den foreslåtte lovheimelen i veglova § 27 er sett i kraft.
Samferdselsdepartementet har merka seg Bærum kommune sitt vedtak om at innkrevjing i det nye snittet ikkje skal skje før bygging av ny E18 er sett i gang. Departementet legg imidlertid vekt på Akershus fylkeskommune sitt vedtak som seier at Oslopakke 3 er ei heilskapeleg pakke, og at oppstarten av innkrevjinga òg inkluderer dei nye stasjonane i Bærum.
Det lokale forslaget til takstsystem er ei omlegging i forhold til dagens system, og avvik frå dei generelle takstretningslinene. Forslaget om tredobling av takst for tyngre køyretøy påfører næringstransportane ei stor avgiftsbelastning, og transportnæringen har kritisert forslaget. Samferdselsdepartementet ser dei utfordringane takstforslaget har spesielt for næringstransportane. Departementet legg likevel til grunn at lokale styresmakter har vurdert takstane gjennom si handsaming av saka, og at det er lokal semje om utforminga av takstsystemet. Departementet vil etter ei samla vurdering ikkje overprøve dei lokale vedtaka, men legg til grunn at takstane og konsekvensane av desse skal evaluerast.
Samferdselsdepartementet er samd i at bompengeselskapet får høve til å ta opp mellombelse lån for å kunne sikre rasjonell framdrift i planlegging og gjennomføring av prosjekt som er sette i gang.
Den totale økonomiske ramma i det lokale forslaget til Oslopakke 3 er på om lag 54 mrd. kr, ekskl. jernbana. Samferdselsdepartementet tek ikkje ved framlegg av trinn 1 stilling til den økonomiske ramma for Oslopakke 3. Den endelege planramma vert fastsatt ved Stortinget si handsaming av Regjeringa sitt forslag som leggjast fram i samanheng med Nasjonal transportplan. Samferdselsdepartementet har vidare ikkje tatt stilling til noko prosjektportefølje i Oslopakke 3 ved framlegget av trinn 1. Midlane i Oslopakke 3 trinn 1 vil nyttast til allereie igangsette veg- og kollektivprosjekt. Dette gjeld stamvegprosjekta E18 Bjørvikaprosjektet, E16 Wøyen-Bjørum, rv 150 Ulvensplitten - Sinsen, E6 Vinterbru - Assurtjern, ei rekke mindre investeringstiltak på stamvegnettet samt veg- og kollektivtrafikktiltak på det øvrige riksvegnettet, jf. handlingsprogrammet for perioden 2006-2009. Vidare vil det blir nytta bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken. Det er sett i verk ein prosess mellom Statens vegvesen, Oslo kommune og Akershus fylkeskommune for å prioritere kva midlane skal nyttast til. Samferdselsdepartementet vil orientere om dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2008.
Det vert tatt sikte på å leggje fram Oslopakke 3 trinn 2 samtidig med framlegget av Nasjonal transportplan 2010-2019 hausten 2008. I trinn 2 vil heilskapen i pakka bli omtalt, mellom anna på bakgrunn av den eksterne kvalitetssikringa (KS1) og dei prioriteringane som er gjort i samband med Nasjonal transportplan. Samferdselsdepartementet legg opp til at òg jernbana skal inngå som ein del av Oslopakke 3, og vil komme tilbake til prioritering av jernbanetiltak i Osloregionen i samband med trinn 2.
I Oslo og Akershus sine vedtak av 14. november 2007 er det vedtatt ein føresetnad om at midlane til drift av kollektivtransport vert overførte direkte frå bompengeselskapet til det nyetablerte kollektivselskapet i Oslo og Akershus, og at midlane vert styrte av Akershus fylkeskommune og Oslo kommune, etter same prinsipp som øvrige overføringar til selskapet. I ei bompengepakke der inntektene nyttast til ulike formål innafor fleire ansvarsområde og fordelast til fleire forvaltningsnivå og geografiske område, er det naudsynt at eitt offentleg organ av omsyn til budsjettering, rekneskap, kontroll og revisjon overordna forvaltar bompengeinntektene. I ei bompengepakke som skal gjelde for fleire år, vil det mellom anna kunne skje endringar i føresetnadene og avvik i inntektsgrunnlaget. Slike avvik må òg handterast av eitt offentleg organ. Departementet syner i denne samanhengen til Riksrevisjonen sin gjennomgang av Oslopakke 2, jf. Dok. nr. 3:08 (2005-2006) og Innst. S. nr. 67 (2006-2007).
Det er naturleg at Statens vegvesen har det administrative og faglege ansvaret for heilskapleg forvalting av bompengeinntektene. Departementet vil streke under at dette ikkje inneber at Statens vegvesen bestemmer kva inntektene skal nyttast til. Bruk av bompengar til drift skal vere basert på heilskaplege planar som er lokalpolitisk handsama, jf. Ot.prp. nr. 15 (2007-2008). Bruk av bompengeinntektene vert bestemt på grunnlag av lokale vedtak og Stortingets handsaming av bompengeproposisjonen, kommande meldingar om Nasjonal transportplan og dei årlege statsbudsjetta. Samferdselsdepartementet er oppteke av at det skal etablerast eit enkelt og føreseieleg system som tek omsyn til lokalpolitiske interesser og behov. Lokale styresmakter skal styre prioriteringar av midlane som skal gå til drift av kollektivtransporten. Det er semje mellom Samferdselsdepartementet og lokale styresmakter om at systemet må ta omsyn til både det statlege behovet for at eitt offentleg organ samordnar forvaltinga og det lokale behovet for å styre bruken av desse midlane. Det må vidare vere eit enkelt og føreseieleg system for overføring av driftsmidlane direkte frå Statens vegvesen til Ruter AS. Samferdselsdepartementet vil her streke under viktigheiten av at midlane vert nytta i tråd med føresetnadene i Oslopakke 3, og vert forvalta effektivt og i tråd med regelverket for offentlege kjøp av kollektivtransporttenester.
Samferdselsdepartementet vil i framlegget av Oslopakke 3 trinn 2 komme tilbake med eit opplegg for organisering, styring og forvalting av Oslopakke 3 slik at statlege, kommunale og fylkeskommunale interesser kan bli ivaretatt på ein best mogeleg måte.