5 Noregs rolle
Seks av målestasjonane i Internasjonalt overvakingssystem, mellom desse nokre av dei største og mest avanserte, vil vera lokaliserte på norsk territorium. Dette gjeld to seismologiske primærstasjonar ved Hamar og Karasjok, to seismologiske sekundærstasjonar ved Longyearbyen og på Jan Mayen, ein stasjon for måling av radionuklidar ved Longyearbyen og ein infralydstasjon ved Karasjok.
NORSAR på Kjeller vil ha rolla som norsk nasjonalt datasenter for overvaking av prøvestansavtalen. Alle data som vert registrerte av dei norske målestasjonane, vil bli sende til Kjeller og omgåande sendt vidare til Internasjonalt datasenter via eit direkte telesamband. NORSAR skal ha ansvaret for å drive og vedlikehalde dei norske målestasjonane og vareta den naudsynte kontakten med Teknisk sekretariat i Wien i denne samanheng. Ein føreset at NORSAR skal oppretthalde og vidareutvikle den naudsynte tekniske og vitskaplege ekspertisen til å hjelpe norske styresmakter i tekniske spørsmål knytt til etterleving av prøvestansavtalen. Prøvestansorganisasjonen skal etter traktaten ikkje sjølv vurdere dei data som vert samla inn under Internasjonalt overvakingssystem, og som kan indikere eventuelle brot på traktaten. Det er såleis lagt opp til at ein vesentleg del av verifikasjonen av traktaten skal høyre inn under dei einskilde traktatpartane. Det vil vera trong for eigen fagleg kompetanse og analysekapasitet til å vurdere dei data som vert tilrettelagde for partane for aktivt å kunne medverke til ei faktisk gjennomføring av traktaten.