3 Konstitusjonelle tilhøve
Sidan den norske deltakinga vil verte finansiert over ei tidsramme på to år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje tilsvarande trong for slike prosedyrar i denne saka. Ei avgjerd i EØS-komiten kan ikkje ta til å gjelde for EFTA/EØS-statane før alle dei naudsynte meldingane om at konstitusjonelle prosedyrar er avslutta, er mottekne.
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda og gjere det mogleg for EFTA/EØS-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda er teken i EØS-komiteen, som eit samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Då vil det ikkje vere naudsynt å ta noko atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som vert lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.