4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EFTA/EØS-statane i dei lengde EU-programma for folkehelse vil EØS-komiteen vedta ei endring av artikkel 16 i protokoll 31 i EØS-avtala. I innleiinga til utkastet til avgjerd vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga og visse protokollar i avtala.
Artikkel 1 i utkastet slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerda om lenging av folkehelseprogramma vert teken inn i artikkel 16 i protokoll 31 i EØS-avtala.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2001.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.