5 Administrative og økonomiske konsekvensar. Kostnader i samband med deltakinga
Lenginga av dei seks delprogramma har eit samla budsjett på 79,1 millionar euro for åra 2001 og 2002. Dette inneber berre ei årleg prisjustering i høve til dei noverande budsjetta for delprogramma. Sosial- og helsedepartementet dekkjer utgiftene til norsk deltaking i delprogramma over kap. 719 post 21 og over kap. 614 post 21 for narkotikaprogrammet. Utrekninga finn stad på etterskot, og vil for 2000 vere om lag 5,2 millionar kroner til saman for dei seks delprogramma. Ved medlemsskap i alle delprogramma for heile året vil utgiftene kome opp i om lag 6,5 millionar kroner i 2001 og 2002.
Sosial- og helsedepartementet har utnemnt representantar til programstyra for delprogramma, og oppnemnt ei eiga referansegruppe for arbeidet nasjonalt som fungerer som mellomledd til norske fagmiljø. Det er òg utnemnt ei eiga arbeidsgruppe for folkehelseprogramma, som har jamlege møte med Kommisjonen. Denne gruppa vert no leidd av Island.