3 Konstitusjonelle tilhøve
Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta formelt del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle framgangsmåtar ved avgjerda i EØS-komiteen.
Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda skulle vere svært ulik det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.