6 Vurdering
Kampen mot ulovleg, skadeleg og uønskt innhald på Internett (og ved bruk av annan kommunikasjonsteknologi), kan best førast gjennom internasjonalt samarbeid. Dei nasjonale tiltaka kan såleis gjennomførast meir effektivt, ved koordinering med tiltak utanfor landegrensene. Den auka utbreiinga og bruken av ny teknologi blant barn gjer det viktig å halde fram med og utvikle arbeidet på området.
Norske prosjekt har til saman motteke om lag 700 000 euro i støtte gjennom Sikrare Internett Pluss. Programmet har mellom anna delfinansiert Trygg bruk-prosjektet til Medietilsynet, som er det nasjonale koordineringsorganet for offentlege og statlege initiativ for arbeid med trygg bruk av digitale interaktive medium for barn og unge i Noreg.
Dei røynslene som er gjorde under EUs handlingsplan for sikrare bruk av Internett og Sikrare Internett Pluss gjev difor god grunn til å tru at dette programmet kan verte nyttig for Noreg.